«White Christmas» er ein amerikansk julesong skriven av Irving Berlin i 1940. Han skil seg frå mange tidlegare julesongar ved å ha ei melankolsk, mollstemt steming framfor å uttrykka liv og glede, og ved å gjera snø til eit julesymbol, utan å ha noko kristent innhald.

Snødekte tre som skildra i «White Christmas».

Den første innspelte og best kjende versjonen av songen er av Bing Crosby frå 1942. Crosby si framføring av songen i filmen Holiday Inn frå same året gav han ein oscarpris for beste originale filmsong. Crosby sin singel er rekna som den mestslejande singelen nokonsinne. Ifølgje American Society of Composers, Authors and Publishers (ASCAP) er «White Christmas» den mest framførte julesongen i USA.[1]

Opphav endre

Som jøde frå Brooklyn i New York er Irving Berlin ein noko overraskande opphavsmann til ein svært populær song om jul i gamle dagar, der born lytter etter dombjøller i snøen. Men Berlin elska jul, og mislikte at filmarbeidet hans ofte gjorde at han måtte vera borte frå familien sin på denne tida av året. Songen kan ha vore skriven i heimen hans i Beverly Hills i Los Angeles medan han lengta heim til New York, noko eit tidlegare, stroke vers gjev uttrykk for. Dette kan også ha bidrege til det melankolske, lengtande uttrykket i songen.

«White Christmas» skildrar ei snøprega jul i forteljaren si fortid, og inneheld ulike nostalgiske stemningsbilete og ønske til lyttaren om gode dagar og mange framtidige kvite juler. Songen blei svært populær under andre verdskrigen, då mange soldatar forlét heimane sine, mange frå kalde klima til snøfrie stillehavsområde. Dette var òg ei tid då radiostasjonar byrja senda musikk i opptak framfor live-framføringar. «White Christmas» framført av Bing Crosby blei etterkvart ein mestseljande julesingel.

Versjonen til Bing Crosby endre

White Christmas
7", 10" av Bing Crosby
frå albumet Merry Christmas
B-side

«Let's Start the New Year Right»
«God Rest Ye Merry Gentlemen»

Språk engelsk
Utgjeve 1942, 1946, 1947, 1950, 1955, 1983
Sjanger Julemusikk
Lengd 3:02 (1942)
3:04 (1947)
Selskap Decca (1942-1973)
MCA (1983-1985)
Komponist Irving Berlin
Tekstforfattar Irving Berlin

Den første offentlege framføringa av songen var med Crosby på hans radioshow The Kraft Music Hour (NBC) første juledag 1941, men dette blei ikkje teke opp for ettertida.[2] 29. mai 1942 spelte Crosby inn songen med The John Scott Trotter Orchestra og The Ken Darby Singers på berre 18 minutt. Han kom ut den 30. juli som ein del av eit 78 plate-album med seks songar frå musikalfilmen Irving Berlin Schlager Parade Holiday Inn (Holiday Inn).[3][2]

 
Bing Crosby og Danny Kaye i traileren til filmen White Christmas.

I førstninga blei songen overskugga av den første slageren frå filmen, «Be Careful, It's My Heart». Men ved slutten av oktober 1942 toppa «White Christmas» Your Hit Parade-lista. Han låg i denne posisjonen fram til eit godt stykke inn i det neste året.[2] Berre i 1942 låg innspelinga på toppen av Billboard-listene i elleve veker.

Ei nytugjeving av Decca Records førte «White Christmas» tilbake til førsteplassen av julesesongane i 1946 og januar 1947. Slik blei han den første singlen med tre separate plasseringar på toppen av den amerikanske topplista. Innspelinga blei ein gjengangar på lista og dukka opp igjen 20 gonger, før Billboard laga ei eiga Christmas-liste for juleutgjevingar.

Som del av Holiday Inn fekk songen ein Oscarpsis for beste originale song.[4] I filmen framfører Crosby songen som ein duett med skodespelaren Marjorie Reynolds dubba av Martha Mears.[5] Denne senen skil seg frå korleis filmskaparane hadde tenkt seg han, då manuskriptet berre gjev rollefiguren til Reynolds, og ikkje Crosby sin, i oppgåve å framføra songen.[2]

Crosby-innspelinga av «White Christmas» som blir mest spelt i dag, er ikkje den som Crosby spelte inn i 1942. Masteren frå dette opptaket blei øydelagd på grunn av sin hyppige bruk. 18. mars 1947 gjord Crosby eit nytt opptak ved Decca Studios for å erstatta han. Ein anstrenga seg for å etterlikna den originale innspillinga så godt som råd, og The Trotter Orchestra og The Darby Singers spelte også her bakgrunnsmusikken.[6] Ein la også til nokre instrument, som celesta og fløyter for å liva opp innleiinga.

Crosby-singelen er seld i over 50 millionar og opptil 100 millionar eksemplar. Guinness Rekordboka reknar han som den mestseljande singelen nokonsinne.

Innspelingar endre

«White Christmas» er spelt inn av ei rekkje artistar i ulike stilar. Tidlege innspelarar var Ralph Flanagan og hans orkester (1949), Eddie Fisher med Hugo Winterhalter's orchestra & chorus (1952)[7] og artistar som Elvis Presley, Frank Sinatra, Dean Martin, Nat King Cole, Louis Armstrong, Ella Fitzgerald, Brenda Lee og Mahalia Jackson.

The Drifters laga ein rhythm'n'blues-versjon i 1954. Denne utgåva blei brukt i den populæra julefilmen Hjemme alene (Home Alone) frå 1990.[8] Andre grupper som har spelt inn songen er Beach Boys, Boney M, Chicago, The Chipmunks og The Supremes.

Michael Bolton spelte inn «White Christmas» til Timeless: The Classics i 1992. Andrea Bocelli spelte inn songen til sitt første julealbum My Christmas i 2002. I 2009 gjorde Twisted Sister med Doro Pesch ein tysk-engelsk coverversjon til albumet A Twisted Christmas. Same året utførte Boy George ei innspeling som blei utgjeven til digital nedlasting. I 2011 framførte Lady Gaga songen på ein konsert som seinare kom ut som A Very Gaga Thanksgiving.

Omsetjingar endre

Songen er omsett til fleire språk, som finsk «Valkea joulu», svensk «Jag drömmer om en jul hemma», spansk «Blanca navidad», italiensk «Bianco natale» og kroatisk «Bijeli Božić».

Norsk endre

Arne Paasche Aasen og Finn Sidselrud har skrive ulike norske tekstar. Omsetjinga til Paasche Aasen heiter «Min barndoms jul», medan Sidselsrud si heiter «White Christmas».

Innspelingar

År Tittel Albumtittel Artist Tekstforfattar Platetype Platemerke og katalognummer
1955 «Min barndoms jul»[9] Jens Book-Jenssen ned kor og orkester Dir.: Egil Monn-Iversen Arne Paasche Aasen 78-plate Musica A 5144
EP Musica NEP 817
1973 «White Christmas»[10] Jule.... Gro Anita - Stein Ingebrigtsen - Terje Fjærns kor og orkester Finn Sidselrud LP RCA YNJL 1-804

Dei to Musica-platene er same innspeling.

Listeplasseringar endre

Artist Liste Høgaste
plassering
Veker på lista Dato for listeplassering
Bing Crosby   USA Billboard Harlem Hit Parade # 1 # 1 i 3 uker 1942
Bing Crosby   USA Billboard Best Sellers In Stores-lista # 1 1942
The Drifters   USA Billboard Hot 100-lista # 80 Desember 1955
Andy Williams   USA Billboard Christmas Songs-lista # 1 1963
Andy Williams   USA Billboard Christmas Songs-lista # 22 1967
Andrea Bocelli   Portugal # 16 8 2009

Kjelder endre

  1. Tal frå 1998. «White Christmas» ved www.hymnsandcarolsofchristmas.com
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Mueller, John (1986): Astaire Dances - The Musical Films. London: Hamish Hamilton. Sidene 204, 425 ISBN 0-241-11749-6]
  3. Harris, Jr., Roy J.: The Best-Selling Record of All. "White Christmas" and the reasons it endures, The Wall Street Journal, 5. desember 2009
  4. Holiday Inn - Awards hos Internet Movie Database
  5. Holiday Inn - Soundtracks hos Internet Movie Database
  6. White Christmas
  7. RCA Victor in the 20-4500 to 20-4999 series
  8. Home Alone - Soundtracks hos Internet Movie Database
  9. Plateetiketten
  10. Plateetiketten