White Nothe er eit nes ved Den engelske kanalen aust i Ringstead Bay, aust for Weymouth i Dorset i England. Området er velkjend for geologien og dei mange fossila som er å finne her. Sidene av neset kjem av gamle jordras.

White Nothe
nes
White Nothe og Ringstead Bay frå Smugglers Path.
Land  England
Kart
White Nothe
50°37′38″N 2°19′23″W / 50.6273°N 2.32308°W / 50.6273; -2.32308
Wikimedia Commons: White Nothe

Det går ein flott sti opp klippa, som ein meiner vart nytta av smuglarar. Det er mogeleg å gå frå botn av White Nothe langs kysten frå Ringstead Bay, men vegen vert dekt av sjøen ved flo.

Området er delvis eigd av National Trust.[1] Frå toppen av White Nothe kan ein i aust sjå kalkklippa Bat's Head. Det er mogeleg å gå austover langs toppen av klippa til Durdle Door og Lulworth Cove. Ut mot havet kan ein sjå Isle of Portland.

Like nordvest for White Nothe ligg Burning Cliff.

Kjelder endre

  1. West, Ian M. Ringstead Bay to White Nothe, Geology of the Wessex Coast (Jurassic Coast, Dorset og East Devon World Heritage Site). National Oceanography Centre, Southampton University, UK. Version: 2. april 2009.

Bakgrunnsstoff endre

Galleri endre


50°37′38.2″N 2°19′23.1″W / 50.627278°N 2.323083°W / 50.627278; -2.323083