Whiteford Sands
51°37′34″N 4°15′36″W / 51.626°N 4.260°W
Whiteford Sands er ei 3 km lang strand på nordsida av Gowerhalvøya, sør i Wales. Ho er den nordlegaste stranda på Gower og strekkjer seg langs Loughor-estuaret.
Stranda er berre tilgjengeleg til fots, og dette gjer at ho er forholdsvis roleg samanlikna med mange andre strender på Gower. Whiteford fyr i støypejern står i bukta utanfor stranda.
Whiteford Burrows er eit sanddynesystem bakom Whiteford Sands. Dette området består av sanddyner og furuplantasjar og er klassifisert som eit nasjonal naturreservat.
Bakgrunnsstoff endre
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Whiteford Sands» frå Wikipedia på engelsk, den 11. januar 2010.