WiMP er ei teneste for direkte avspeling av musikk som vart starta av dei norske selskapa Aspiro Music AS, Platekompaniet og Telenor. Tenesta gjev full tilgang til avspeling av om lag 20 millionar[1] låtar og er lansert i Noreg, Sverige og Danmark. Per 14. mars 2012 eigde Schibsted 74,3 prosent av aksjane, men totalbudet på 340 millionar svenske kroner vakte også motstand hjå mindre aksjonærar.[2]

WiMP

UtviklarAspiro
OperativsystemMicrosoft Windows
Typemusikk

Som registrert brukar hjå tenesta får ein tilgang til å spela av all musikken i biblioteket til WiMP. Kopiar av musikken blir ikkje lagra lokalt, men ein har fri tilgang til all musikken gjennom strøyming over internett. Det er også mogeleg å kjøpa enkeltlåtar og album. Den musikken ein kjøper blir lagra lokalt, utan kopisperre.

WiMP tilbyr musikk frå alle dei store plateselskapa i tillegg til tusenvis av uavhengige små plateselskap. Dei fleste nye albuma er tilgjengelege same dagen som dei er tilgjengeleg i platebutikkar. Musikkbiblioteket veks jamleg og WiMP set for tida spesielt fokus på å utvida utvalet av lokal musikk i dei landa dei tilbyr tenesta i.

Programmet gjer det mogeleg å søkja etter artistar, album og låtar, og anbefaler relatert musikk. Brukarar kan også laga eigne spelelister som kan delast med andre, og ein kan kan byggja opp sitt eige musikkbibliotek basert på favorittmerking.

Kjelder endre

  1. Sjå info på nettsida til WiMP; "Millioner av låter" [1]
  2. «Schibsted gir opp å kjøpe WiMP» – Aftenposten, 15. mars 2012, Økonomi side 5.

Bakgrunnsstoff endre