Widemouth Bay er ei bukt og ei strand på atlanterhavskysten av Cornwall i England i Storbritannia, om lag 5 km sør for Bude. Denne kyststrekninga vart mykje nytta av smuglarar i tidlegare tider og like sør for Widemouth Bay finst mange små viker og bukter.[1]

Widemouth Bay
bukt
Land  Storbritannia
Kart
Widemouth Bay
50°47′00″N 4°35′00″W / 50.7833°N 4.58333°W / 50.7833; -4.58333
Wikimedia Commons: Widemouth Bay
Widemouth Bay om sommaren

Aktivitetar endre

Stranda vert mykje nytta til surfing og symjing, og her er badevakter om sommaren. Fleire surfeskular held til ved stranda.[2] Her finst òg fleire kafear, pubar og butikkar.

Transatlantiske kablar endre

Åsane heller slakt ned mot bukta og fleire undersjøiske kablar over Atlanteren går i land akkurat her. Fleire av desse er viktige koplingar mellom Storbritannia og USA.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Widemouth Bay

50°47′N 4°35′W / 50.783°N 4.583°W / 50.783; -4.583