Wii Sports Resort

Wii Sports Resort er eit idrettsspel utvikla og produsert av Nintendo som ein oppfølgjar til Wii Sports. Det vart gjeve ut i Japan i juni 2009, og i Australia, Europa og Nord-Amerika i juli 2009. Spelet krev Wii MotionPlus for å kunne bli spelt.

Wii Sports Resort

Utviklar(ar)Nintendo EAD
Utgjevar(ar)Nintendo
DistributørNintendo eShop
Kreativt ansvarleg(e)Takayuki Shimamura, Yoshikazu Yamashita
Produsent(ar)Katsuya Eguchi
SerieWii, Wii Sports
Plattform(er)Wii
UtgjevingJP: 25. juni 2009[1]
AUS: 23. juli 2009[2]
EU: 24. juli 2009[3][4]
SjangerIdrett
SpelemodusEinspelar, fleirspelar
AldersgrensePEGI 7
Nettstadhttp://wiisportsresort.com
Del av serien Wii, Wii Sports⠀
←Wii Sports  · Wii Fit Plus, Wii Sports Club→

Oppsett endre

Wii Sports Resort finn stad på ei tropisk øy; Wuhu, som også er representert i Wii Fit, der tolv ymse sportar er tilgjengelege for ein å spela. I likskap med føregangaren er alle sportane spelte ved å bruka Wii-fjernkontrollen, og eventuelt nunchuken, til å etterlikna rørsler som blir gjorde i ekte sport. I sporten der ein skal skyta med pil og boge må ein til dømes halda Wii-fjernkontrollen loddrett for å halda bogen og sikte, medan Nunchucken kan bli trekt bakover for å trekkja bogestrengen i den retninga. Nyheita i Wii Sports Resort er støtte for Wii MotionPlus. Dette gjev såkalla 1:1-kontroll, som lèt ein kontrollera spela med meir presisjon enn tidlegare.[3]

Wii MotionPlus trengst for alle Wii-fjernkontrollane som blir nytta til å spela Wii Sports Resort. Dei fleste sportane i spelet som støttar 3 eller 4 spelarar lèt ein enkelt Wii-fjernkontroll bli delt mellom spelarane etter tur. Unntaket er kanopadling, der alle fire spelarane trengjer kvar sin kontrollar for å spela.

Kjelder endre