Wikipedia:Geografiske posisjonar

Geografisk posisjonering er meint for bruk på artiklar som handlar om eit presist geografisk avgrensa område. Som byar, fjell, bygningar og liknande.

Sjå Mal:koord

Val endre

Til ein del av karttenestone kan ein velja mellom ulike val for å spesifisere visingi. Alle har grunnsyntaks val:verde og vert åtskilde med _. Dei viktigste er:

Type endre

Set typen for den valde staden. Typen er ei grov kategorisering av objektet som har fenge koordinatane. Ein del typar har tilhøyrande ikon på Wikipedia-lagi, noko som gjer det tenleg å nytta desse typane. Dette gjeld typar som church, building, park, waterbody og mountain. For ein del av typane høyrer det med ein skala i tillegg til kategoriseringi. Tilgjengelege typar som har skala er:

country Land 1:10 000 000
satellite Geostasjonære satellittar 1:3 000 000
adm1st Fyrste administrative einingi (t.d. delstat eller fylke) 1:1 000 000
adm2nd Andre administrative einingi (t.d. fylke) 1:300 000
adm3rd Tridje administrative einingi (t.d. kommune)
city(pop) By eller tettstad med eit spesifisert folketal 1:30 000 ... 1:300 000
city By med uspesifisert folketal 1:100 000
airport Flyplass 1:30 000
mountain Fjell 1:100 000
isle Øy 1:100 000
waterbody Bukter, fjordar, sjøar, vassreservar, lagunar, fossar, hav o.l. 1:100 000
forest Skogar 1:50 000
river Elvar (innturka inkludert), kanalar, bekker o.l. 1:100 000
glacier Isbrear o.l. 1:50 000
event Eingongshendingar eller faste hendingar som hender på ein viss stad; inkluderer slag, jordskjelv, festivalar og skipsvrak 1:50 000
edu Utdanningsinstitusjonar, som skular og universitet 1:10 000
pass Fjellpass 1:10 000
railwaystation Stasjonar og haldeplassar for transport på skjenor
landmark Bygningar, turistattraksjonar eller liknande 1:10 000

Døme:

  • {{koord|46|43|N|7|58|E|type:mountain}} gjev 46°43′N 7°58′E / 46.717°N 7.967°E / 46.717; 7.967

Merk at ein ikkje skal nytta ein type berre for å få rett skala.