Wikipedia:Peikarar

Ein peikar eller lenkjeWikipedia er eit ord eller symbol ein kan trykka på og så bli teken til ei anna side enn den ein les. Den vanlegaste og lettaste måten å laga peikarar på er gjennom tekst, noko ein kan gjera ved å ramma inn eitt eller fleire ord med to hakeparentesar ([[ ]]), eller klikka på peikarsymbolet medan teksten ein vil bruka til å peika er markert. Ein kan laga meir innvikla peikarar med mellom anna kolon (:) og bar (|).

Bilete kan også vera peikarar; som regel til ei informasjonsside for biletfila. For meir om bilete, lyd og video, sjå Wikipedia:Multimedia.

Oversyn endre

Dette er eit oversyn over peikartypar på Wikipedia, med dei enklaste først.

Type Ser ut som: Laga slik:
Peikar til ein annan artikkel på Nynorsk Wikipedia

Kveite er eit kornslag.

[[Kveite]] er eit kornslag.
Same tekst blir synt fram, men peikaren går til ein annan artikkel.

Kveite er eit fiskeslag.

[[Fisken kveite|Kveite]] er eit fiskeslag.
Endingar blir automatisk synt som ei del av peikaren.

Av kornet lagar ein ulike kornprodukt.

Av kornet lagar ein ulike [[korn]]produkt.
Peikar til eit anna namnerom Wikipedia:Samfunnshuset
[[Wikipedia:Samfunnshuset]]
Peikar til ein kategori: Legg inn kolon like etter hakeparentesen for ikkje å legga inn sida du skriv på i kategorien.

Kategori:Wikipedia

[[:Kategori:Wikipedia]]
Peikar til ein viss del, under ei namngjeven overskrift, av ei side.

Kveite#Klassifisering peiker til ein del i ein artikkel

#Oversyn viser til ein del under ei viss overskrift på denne sida.

[[Kveite#Klassifisering]] 

[[#Oversyn]] 
Omdirigering av eit oppslagsord til ein artikkel som ligg under eit anna namn.
  1. OMDIRIGER Fiskeslaget kveite
#OMDIRIGER [[Fiskeslaget kveite]]
«Interwiki», peikar til ei side med same emne på eit anna språk, gjer ein ved Å setja språkkoden framfor kolon først i parentesen. Dette vil gje ein peikar som viser fram namnet på språket, som regel i margen til venstre. Vil du ha ein peikar i teksten, set du eit anna kolon framfor språkkoden igjen.

[[språkkode:Tittel]]

en:Wheat er ein fin artikkel.

[[en:Wheat]]

[[:en:Wheat]] er ein fin artikkel.
Spesialsider, som Lenkjer hit og Siste endringar, kan ein peika til slik:

Spesial:Whatlinkshere/Wikipedia:Peikarar

Siste endringar

[[Spesial:Whatlinkshere/Wikipedia:Peikarar]]

[[Spesial:Recentchanges|Siste endringar]]
For å visa til ei nettside utanfor Wikipedia, kan du:
  1. Oppgje URL direkte (ser ofte rotete ut)
  2. Laga peikar utan namn ved å skriva han mellom enkle hakeparentesar (er forvirrande).
  3. Laga peikar med namn ved å skriva namnet etter eit mellomrom innanfor parentesane (som regel best).
  1. http://www.nupedia.com/
  2. [1]
  3. Nupedia
http://www.nupedia.com/ 
[http://www.nupedia.com/] 
[http://www.nupedia.com Nupedia]