Wikisource er eit Wikimedia-prosjekt som tilbyr frie digitaliserte kjeldetekstar på ulike språk. Prosjektet inneheld hovudsakleg originaltekstar, men òg ein del brukarlaga omsetjingar.

Wikisource

Type nettstaddigitalt bibliotek, nettstad
Grunnlagd24. november 2003
OpphavslandUSA
EigarWikimedia Foundation
Nettstadwikisource.org

Wikisource blei starta i 2003 og blei etterkvart delt i utgåver med ulike kjeldespråk. Først ute var hebraisk, i august 2004, som med eige skriftsystem skrive frå høgre mot venstre hadde særskilde tekniske krav. Prosjektet blei endeleg delt opp i ulike språk i 2005. Det norske Wikisource-prosjektet blei starta i juni 2006 og kalla Wikikilden.

I juni 2011 hadde det engelske Wikisource-prosjektet over 200 000 tekstar. Det var eitt av tre prosjekt med over 100 000 sider; dei andre to var det russiske og det japanske prosjektet. Norske Wikikilden hadde over 900 tekstar.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre