Willamette-meteoritten

Willamette-meteoritten eller Tomanowos, oppdaga i den amerikanske delstaten Oregon, er den største meteoritten som har blitt funne i USA og den sjette største på verdsbasis. Han er ein jern-nikkel meteoritt. Ikkje noko nedslagskrater er identifisert på oppdagingsplassen; det er mogleg at meteoritten landa i det som i dag er Canada og at tidlegare innlandsis har flytta den til der den blei funne i moderne tid.

Williamette-meteoritten der den no står utstilt på naturhistorisk museum i New York.

Fysiske eigenskapar endre

Willamette-meteoritten veg omtrent 15,5 tonn. Han er klassifisert som ein type III jernmeteoritt og består omtrent av 91% jern og 8% nikkel med spor av kobolt og fosfor. Dimensjonane til meteoritten er på 3,05 meter i høgda, 1,98 meter i breidda og 1,3 meter i djupna. Den uthola overflata til meteoritten er tenkt å stamma frå både frå nedstigninga i atmosfæren og vêrerosjon. Regnvatn reagerer med mineralet troilitt som resulterer i svovelsyre og som sakte løyser opp delar av meteoritten. Dette resulterte over lengre tid i mange av hola som er synlege i dag.

Moderne historie endre

 
Willamette-meteoritten tidleg på 1900-talet.

Willamette-meteoritten blei oppdaga i Willamette-dalen i Oregon, nær byen West Linn. Meteoritten var kjent for det amerikanske urfolket, men den moderne oppdaginga av han skjedde av nybyggjaren Ellish Hughes i 1902. På denne tida var landområda meteoritten låg på eigde av Oregon Iron and Steel Company. Hughes forstod at meteoritten var av verdi og forsøkte å få eigarskap over meteoritten ved å flytta meteoritten over på hans eiga jord. Det medførte over 90 dagar med hardt arbeid for å flytta den vel 15 tonn tunge meteoritten 1200 meter. Flyttinga blei oppdaga, og etter ein rettssak blei Oregon Iron and Steel Company anerkjent som dei rettmessige eigarane av meteoritten. I 1905 blei meteoritten kjøpt av Mrs. William E. Dodge for 26 000 dollar. Etter å ha blitt vist fram på Lewis and Clark Centennial Exposition blei han donert til det amerikanske naturhistoriske museet i New York der den no står utstilt.

Meteoritten var eit objekt æra av innfødde amerikanarar i området der han blei funne. Ein konføderasjon av innfødde amerikanarar, Confederated Tribes of the Grand Ronde Community of Oregon, brukte meteoritten, som dei kallar Tomanowos, i ein årleg seremoni, og gjorde krav på at han skulle returnerast. Stammane kom til einigheit med museet i år 2000. Avtalen går ut på at stammemedlem kan foreta ein privat seremoni rundt meteoritten éin gong i året, og at dersom museet skulle stoppa å stilla ut meteoritten, så vil eigarskapet av meteoritten tilfalla indianarstammane.

Som svar på ein student sitt krav i 2007 føreslo representanten John Lim ein resolusjon som ville krevja at museet leverte meteoritten tilbake til Oregon. Stammane sa at dei ikkje hadde blitt spurde til råds om dette og at dei ikkje støtta eit slikt vedtak; dei sa seg nøgde med avtalen dei hadde med museet.

Kopiar endre

Ein kopi av meteoritten er å finna i Eugene i Oregon, utanfor University of Oregon Museum of Natural and Cultural History ved Universitet i Oregon. Ein annan kopi står nær Willamette Methodist Church i West Linn i Oregon.


Bakgrunnsstoff endre

Kjelde endre