William Edward Boeing

William Edward Boeing (1. oktober 188128. september 1956) var ein flykonstruktør som var grunnleggjaren av The Boeing Company. Han vart fødd i Detroit i Michigan og var son av Wilhelm Böing som hadde emigrert frå Tyskland i 1868 og vorte rik på gruvedrift. I 1902 reiste William Boeing til Washington hjå venen J.H. Hewitt som hadde gode kontaktar innan tømmerindustrien og innan kort tid starta han føretaka Greenwood Timber Company og Boeing & McCrimmon Company.

William Edward Boeing

Statsborgarskap USA
Fødd 1. oktober 1881
Detroit
Død

28. september 1956 (74 år)
Puget Sound

Yrke gründer, forretningsdrivande, ingeniør, flygar
William Edward Boeing på Commons
Modell av sjøflyet B&W

I 1910 reiste William Boeing saman med nokre vener til California for å sjå på ei flyoppvising. Han overtalte ein av pilotane til å ta han med på ein tur, men etter å ha venta i fire dagar, reiste piloten utan at Boeing fekk seg nokon tur.

I 1911 møttest William Boeing og George Conrad Westervelt. Dei vart vener, sidan begge hadde same interessa for å fly. Dei gjekk saman om føretaket Pacific Aero Products Co og sjøflyet B&W. Westervelt slutta før flyet vart ferdig, men William Boeing fullførte prosjektet åleine. Då sjøflyet skulle testast den 29. juni 1916, var testpiloten som skulle fly flyet forseinka, og William Boeing sette seg sjølv bak spakane i staden. Då piloten endeleg nådde flyhangaren, hadde Boeing akkurat letta frå innsjøen.

William E. Boeing gifta seg i 1921 med Bertha Potter Paschall, som hadde to søner frå eit tidlegare ekteskap. William E. Boeing Junior vart fødd i 1923.

I 1934 vart Boeing skulda for å driva monopol. Føretaket vart splitta opp i United Aircraft Corporation, Boeing Airplane Company og United Airlines. William E. Boeing som no var over 50 år gamal, trekte seg heilt frå flyindustrien og selde alle aksjane sine.

Bakgrunnsstoff endre