Andreas William Heinesen, kjend som William Heinesen (15. januar 190012. mars 1991) var ein færøysk forfattar, komponist og biletkunstnar. Heinesen var fødd og døydde i Tórshavn.

William Heinesen

Statsborgarskap Kongeriket Danmark
Fødd 15. januar 1900
Tórshavn
Død

12. mars 1991 (91 år)
Tórshavn

Yrke lyrikar, kunstmålar, omsetjar, komponist, skribent, manusforfattar
Språk dansk, færøysk
Nettstad http://www.abc-literature.dk/
William Heinesen på Commons
Heinesen på eit færøysk frimerke frå 1988.
William Heinesen (til venstre) med Jørgen-Franz Jacobsen i 1918.

Heinesen vert helden for å vere den viktigaste færøyske forfattaren og blant dei viktigaste danskspråklege forfattarane i si tid. Heinesen skreiv på dansk, slik venen og syskenbarnet hans, Jørgen-Franz Jacobsen også gjorde. Forfattardebuten kom med diktsamlinga Arktiske elegier i 1921, men det er som romanforfattar han er mest kjend. Romanen Den sorte Gryde vart eit gjennombrot for han. Han fekk Nordisk Råds litteraturpris i 1965 for romanen Det gode håb frå 1964.

Bøkene hans er omsette til ei rekkje språk.

Prisar og utmerkingar endre

Bibliografi endre

Diktsamlingar endre

  • 1921: Arktiske Elegier og andre Digte
  • 1924: Høbjergningen ved Havet
  • 1927: Sange mod Vaardybet
  • 1930: Stjernerne vaagner
  • 1936: Den dunkle Sol
  • 1955: Digte i udvalg
  • 1961: Hymne og harmsang
  • 1972: Panorama med regnbue
  • 1983: Vinterdrøm. Digte i udvalg 1920-30
  • 1984: Samlede digte
  • 1990: Digte

Novellesamlingar endre

  • 1957: Det fortryllede lys
  • 1960: Gamaliels besættelse
  • 1967: Kur mod onde ånder
  • 1970: Don Juan fra Tranhuset
  • 1973: Fortællinger fra Thorshavn
  • 1975: Grylen og andre noveller
  • 1980: Her skal danses
  • 1985: Laterna magica

Romanar endre

  • 1934: Blæsende Gry
  • 1938: Noatun
  • 1949: Den sorte gryde
  • 1950: De fortabte spillemænd
  • 1952: Moder Syvstjerne
  • 1964: Det gode håb
  • 1976: Tårnet ved verdens ende

Bakgrunnsstoff endre