William Wordsworth

britisk skribent og poet

William Wordsworth (7. april 177023. april 1850) var ein engelsk diktar som saman med Samuel Taylor Coleridge sette i gang den romantiske perioden i engelsk litteratur med diktsamlinga Lyrical Ballads, som dei gav ut i 1798. Meisterstykket hans er generelt meint å vere The Prelude, eit langt sjølvbiografisk dikt frå unge år som vart revidert og utvida ei rekkje gonger. Det vart aldri gjeve ut i levetida hans, og vart gjeve tittelen etter han døydde (til da var det generelt kjent som diktet «til Coleridge»).

William Wordsworth

Statsborgarskap Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Kongeriket Storbritannia
Fødd 7. april 1770
Cockermouth
Død

23. april 1850 (80 år)
Rydal Mount

Yrke lyrikar, songtekstforfattar, skribent
Språk engelsk
Religion Den anglikanske kirke
Far John Wordsworth
Mor Ann Cookson
Ektefelle Mary Hutchinson, Annette Vallon
Born Anne-Caroline Wordsworth, William Wordsworth, Dora Wordsworth, Catherine Wordsworth, John Wordsworth, Thomas Wordsworth
William Wordsworth på Commons
William Wordsworth.

Barndom endre

Wordsworth vart fødd som det andre av fem barn i Cockermouth i Cumberland – ein del av den pittoreske regionen i Nordvest-England som blir kalla Lake District. Da mor hans døydde i 1778, vart han send av far sin til den private kostskulen Hawkshead. Sjølv om mange sider av barndommen hans var positive, hugsa han periodar med einsemd og otte. Det tok han mange år, og mykje skriving, å komme over at foreldra døydde og åtskiljinga frå syskena.

Universitet, kjærleik og revolusjon endre

Wordsworth begynte på St John's College i Cambridge i 1787. I 1790 besøkte han det revolusjonære Frankrike og støtta den republikanske rørsla. Det følgjande året gjekk han ut av Cambridge utan utmerking.

I november fór han tilbake til Frankrike og tok ein gå-tur i Europa som omfatta Alpane og Italia. Han forelska seg i ei fransk kvinne, Annette Vallon, og i 1792 fødde ho dotter deira, Caroline. På grunn av pengemangel og spenninga mellom Storbritannia og Frankrike vende han tilbake til England same året, men han støtta Vallon og dotter si så godt han kunne seinare i livet. Terrorstyret i 1793 framandgjorde han i høve til republikarar-rørsla, og krig mellom Frankrike og Storbritannia hindra han i å sjå Annette og Caroline igjen i fleire år.

Debut som diktar endre

Året 1793 såg Wordsworth sin første utgjevne poesi med samlingane An Evening Walk og Descriptive Sketches. Han fekk eit legat frå Raisley Calvert i 1795 så han kunne halde fram med å skrive dikt. Det året møtte han òg Samuel Taylor Coleridge i Somerset. Dei to diktarane utvikla straks eit nært vennskap. I 1797 flytta Wordsworth og syster hans, Dorothy, til Somerset, berre nokre få kilometer frå heimen til Coleridge i Nether Stowey.

Saman skapte Wordsworth og Coleridge (med innsikter frå Dorothy) samlinga Lyrical Ballads i 1798, eit viktig verk for den engelske romantiske rørsla, som kan seiast å ha starta da. Eitt av dei mest namngjetne dikta til Wordsworth, «Tintern Abbey», vart gjeve ut i dette verket, saman med Coleridge sin «Ancient Mariner». I andre utgåva av Lyrical Ballads i 1802 inkluderte Wordsworth eit føreord til dikta. Føreordet til Lyrical Ballads blir sett på som eit sentral verk i romantisk litterær teori. Her drøftar Wordsworth det han ser som grunnleggjande i ein ny type dikting, basert på menneska sitt ekte språk, og som unngår den poetiske diksjonen i mykje av peosien frå 1700-talet. Wordsworth gjev òg sin namngjetne definisjon av poesi i dette føreordet, som «the spontaneous overflow of powerful feelings from emotions recollected in tranquility».

Diktaren frå innsjøane endre

 
Lake Windermere i Lake District.

Wordsworth, Dorothy og Coleridge reiste så til Tyskland. Den harde vinteren 1798-1799 budde Wordsworth med Dorothy i Goslar, og trass i stress og einsemd begynte han å arbeide på eit sjølvbiografisk stykke sidan kalla The Prelude. Han skreiv òg fleire namngjetne dikt, mellom dei «Lucy-dikta». Syster hans og han sjølv flytta tilbake til England, no til Grasmere i Lake District, og denne gongen med diktaren Robert Southey nært attmed. Wordsworth, Southey og Coleridge vart kjende som «Lake Poets». Gjennom denne perioden dreiar mange av dikta hans seg om tema som døden, å halde ut, åtskiljing og sorg.

Den eldre Wordsworth endre

I 1802 reiste han og Dorothy til Frankrike for å besøkje Annette og Caroline. Seinare same året gifta han seg med ein barndomsvenn, Mary Hutchinson. Året etter fødde Mary det første av dei fem barna deira, John. Både Coleridge si helse og tilhøvet hans til Wordsworth begynte å vise teikn på å svekkjast i 1804. Det var året Wordsworth vart venn med Southey. Da Napoleon vart keisar i Frankrike, slutta Wordsworth å rekne seg som liberal, og vart ein konservativ.

Wordsworth hadde i årevis hatt planer om å skrive eit langt filosofisk dikt i tre delar, som han tenkte å kalle The Recluse. Han hadde i 1798-1799 begynt på eit sjølvsbiografisk dikt han aldri gav noko namn, men kalla «diktet til Coleridge». Dette skulle fungere som eit tillegg til The Recluse. I 1804 begynte han å utvide dette sjølvbiografiske verket, og no hadde han tenkt det skulle vere ein prolog heller enn eit tillegg til det større verket han planla. I 1805 hadde han fullført det, men nekta å gje ut eit så personleg verk før han hadde fullført heile The Recluse. Det at bror hans, John, døydde i 1805 hadde sterkt innverknad på han.

I 1807 vart hans Poems in Two Volumes gjevne ut. Inkludert der var «Ode: Intimations of Immortality from Recollections of Early Childhood». Til da var Wordsworth berre offentleg kjend for Lyrical Ballads, og han håpa at denne samlinga ville sementere ryet hans. Men mottakinga var berre lunken. For ei tid var han og Coleridge elles fjernare frå kvarandre på grunn av opiumsmisbruket til den sistnemnde.

To av barna hans, Thomas og Catherine, døydde i 1812. Året etter flytta han til Rydal Mount i Ambleside, der han budde resten av livet. I 1814 gav han ut The Excursion som andre delen av den tre-delte The Recluse. Han hadde ikkje fullført første og tredje delen, og klarte aldri å gjere det. Men han skreiv eit poetisk prospekt til The Recluse der han sette opp strukturen og føremålet med diktet. Prospektet inneheld nokre av Wordworth sine mest namngjetne liner om sambandet mellom menneskesinnet og naturen:

my voice proclaims
How exquisitely the individual Mind
(And the progressive powers perhaps no less
Of the whole species) to the external World
Is fitted:--and how exquisitely, too,
Theme this but little heard of among Men,
The external World is fitted to the Mind.

William Wordsworth
Poetisk prospekt til The Recluse
 

Nokre moderne kritikarar ser ein nedgang i arbeidet hans midt i andre tiåret av 1800-talet. Men dette heng kanhende meir saman med endringa i livsstilen og synet hans, sidan mesteparten av det som kjenneteiknar den tidlege diktinga hans (tap, død, å halde ut, åtskiljing, å bli forlaten) no var avklåra i skrivinga hans. Men då 1820 kom kunne han gle seg over den suksessen som følgde ein snunad i den samtidige kritikar-meininga om dei tidlege verka hans.

Dorothy fekk ein alvorleg sjukdom i 1829 som gjorde henne invalid for resten av livet. I 1835 gav Wordsworth Annette og Caroline dei pengane dei trong. Regjeringa gav han ein pensjon i 1842. Da Robert Southey døydde i 1843 vart Wordsworth Poet Laureate. Da dotter hans Dora døydde i 1847 slutta han å skrive dikt. Han døydde i 1850 og vart gravlagd ved St Oswald's Church i Grasmere.

Diktaren etter døden endre

Enkja Mary gav ut det lange sjølvbiografiske diktet som no fekk namnet The Prelude nokre månader etter han var død. Dette vekte ikkje mykje interesse i 1850, men er sidan vorte sett på som meisterverket hans.

Liva til Wordsworth og Coleridge, og særleg samarbeidet deira om Lyrical Ballads, blir omhandla i filmen Pandaemonium.

Somme korte dikt av Wordsworth er òg verde å leggje merke til, og viser hans enkle men kraftfulle bruk av det engelske språket. Mellom desse kan nemnast «I Wandered Lonely As A Cloud», «O Nightingale!», «Thou Surely Art» og «We Are Seven».

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: William Wordsworth