Wilson Chuma Kiprugut (1. januar 19381. november 2022) var ein kenyansk friidrettsutøvar som vann bronsemedaljen på 800 meter under Sommar-OL 1964 og sølvmedaljen på same distansen ved sommarleikane 1968.

Wilson Kiprugut


Statsborgarskap Kenya
Fødd 1938
Kericho
Død

1. november 2022 (84 år)
Kericho

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1968, Sommar-OL 1964

Kiprugut var den fyrste frå Kenya som vann ei olympisk medalje då han kneip tredjeplassen på 800-meteren under dei olympiske sommarleikane 1964 i Tokyo. Peter Snell frå New Zealand vann løpet på tida 1.45,1, medan Bill Crothers tok sølv på 1.45,6 og Kiprugut fekk 1.45,9 og personleg rekord. I 1967-sesongen forbetra han den personlege rekorden til 1.45,2. I 800-metersfinalen i Mexico-byen var Kiprugut den einaste som heldt fylgje med australiaren Ralph Doubell heilt inn til målstreken. Doubell tangerte verdsrekorden med 1.44,3, Kiprugut kom i mål på 1.44,5.

Kjelder endre