Windows XP

operativsystem

Windows XP (kodenamn Whistler, òg kjend som Windows NT 5.1 (nokre utgåver òg NT 5.2)) er eit operativsystem frå Microsoft. Operativsystemet vart offisielt utgjeve 25. oktober 2001. Dei to bokstavane «X» og «P», kjem av det engelske ordet eXPerience (røynsle). Frå Windows XP har Microsoft Windows fått ny flagg-logo. Windows XP finst på nynorsk. Brukarar med gyldig lisens kan laste ned språkgrensesnittpakkene gratis frå Microsoft sine nettsider.

Windows XP


Utviklar(ar)Microsoft
Utgjeve24. august 2001
Nyaste versjon5.1.2600.5687 (21. april 2008)[1][2][3]
PlattformIA-32, x86_64
Bygger påWindows 2000
SkrivebordsmiljøLuna
Lisensshareware, kommersiell programvare, volumlisensiering, Microsoft Software Assurance
EtterfølgjarWindows Vista

Utgåver endre

  • Windows XP Home
  • Windows XP Professional - Inkludert mellom anna IIS for å kunne setja opp maskinen som nett-tenar
  • Windows XP Starter - For bruk i utviklingsland
  • Windows XP Media Center - For spesielle multimeda-datamaskinar, òg kalla "stove-PC-ar"
  • Windows XP Tablet PC - For handheldte maskinar
  • Windows XP Embedded - For bruk i forbrukarelektronikk. Til dømes minibankar, billettautomatar, elektroniske informasjonstavler o.s.b.
  • Windows XP Professional x64 - For bruk med 64-bits prosessorerar, inkluderer stønad for mykje mer internminne enn 32-bitsutgåvene
  • Windows XP Home N - Har ikkje Windows Media Player installert
  • Windows XP Professional N - Har ikkje Windows Media Player installert

Til XP er det utgjeve tre oppdateringspakker, såkalla "Service Packs". Om ein hadde oppdatert frå Internet Explorer 6 til Internet Explorer 7 eller 8 før installasjonen av Service Pack 3, så kan ein ikkje nedgradera til Internet Explorer 6 igjen.

Kjelder endre

  1. «Windows XP Service Pack 3 Now Available on Windows Update» (på engelsk). 6. mai 2008. Henta 5. februar 2018. 
  2. «Windows XP Service Pack 3 RTM / RTW» (på engelsk). 29. april 2008. Henta 5. februar 2018. 
  3. «Breaking News: A big day for updates!» (på engelsk). 21. april 2008. Henta 5. februar 2018.