Winslow Homer (24. februar 183630. september 1910) var ein US-amerikansk sjangermålar. Mange av bileta hans er nært knytt til naturalismen, med motiv frå landlivet i Nord-Amerika i andre halvdelen av 1800-talet.

Winslow Homer

Winslow Homer i 1880
Statsborgarskap USA
Fødd 24. februar 1836
Boston
Død

29. september 1910 (74 år)
Prouts Neck, Maine

Yrke kunstmålar, fotograf, grafikar, illustratør
Sjanger marinemåleri, American realism, sjangerkunst, portrett
Medlem av American Academy of Arts and Letters
Far Charles Savage Homer
Mor Henrietta Maria Benson Homer
Winslow Homer på Commons

Liv og gjerning endre

Homer vart over to å utdanna til litograf i fødebyen Boston. Frå 1859 heldt han fram studiet på nasjonalakademiet i New York. Han vann seg først eit namn som illustratør. Arbeida hans var å sjå både i bøker og tidsskrift. Framgangen kom særleg etter utbrotet av borgarkrigen i 1861. Krigsscenene hans stod ofte på trykk i vekebladet Harpers Weekly.

 
Vinden frisknar på, 1876.

Etter eit opphald i Europa 1867-68 stilte Homer årleg ut sine sjangermåleri. Måleria hans i olje eller vassfarge vart høgt verdsette for sitt råkande røyndomspreg, den kraftige karakteristikken og pene, men flyktig handsama koloritten. Krigsfangar ved fronten, Home, Sweet Home og Zuavar som kastar på skive er mellom dei viktigaste verka hans frå den tid. Seinare fylgde bilete Som du vil, Middagstid, Søndagsmorgon, Onkel Ned heime, Den gamle damas besøk, og akvarellane Gartnardottera og Etter badet.

Homer døydde ved Scarborough i delstaten Maine.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Winslow Homer