Winston-Salem er ein by i den amerikanske delstaten Nord-Carolina med eit folketal på rundt 230 000 (2010).[1][2]

Winston-Salem
by
Offisielt namn: City of Winston-Salem
Motto: Urbs Condita Adiuvando (A city founded on cooperation)
Kallenamn: City of Arts & Innovation, Twin City, Cigarette City, Camel City, Winston, The Dash, Tre 4
Land  USA
Stat Nord-Carolina
Fylke Forsyth County
Areal 346,3 km²
Folketal 229 617  (2010[1][2])
Tidssone Eastern (UTC-5)
Kart
Winston-Salem
36°06′09″N 80°15′38″W / 36.1025°N 80.260555555556°W / 36.1025; -80.260555555556
Wikimedia Commons: Winston-Salem, North Carolina
Nettstad: www.cityofws.org

Byen ligg nord i delstaten, rundt 70 km vest for Greensboro og rundt 45 km sør for grensa til Vest-Virginia.

Kart over Winston-Salem frå 1891.

Byen blei danna gjennom ei samanslåing av dei to nabobyane Winston og Salem i 1913. Denne nemninga var allereie blitt brukt av det amerikanske postvesenet frå 1880-åra. I 1920 hadde Winston-Salem eit folketal på 48 395, og var den største byen i Nord-Carolina.[3][4][5]

Tobakkselskapet R. J. Reynolds Tobacco Company og Reynolds-familien har hatt mykje å seia for utviklinga av byen. Selskapet blei skipa i 1875, og blei kjend for produkt som Prince Albert pipetobakk (1907) og Camel-sigarettar (1913).

I 1917 kjøpte selskapet 340 000 m2 land i byen og bygde 180 hus som det selde til arbeidarane sine for kostpris. Byggjefeltet blei kalla Reynoldstown.[6]

I 1929 stod skyskraparen Reynolds Building på 96 m ferdig.[7][8] Han hadde 21 etasjar, og husa hovudkvarteret til Reynolds-selskapet. Skyskrapren var den høgaste bygningen i USA sør for Baltimore i Maryland, og blei utnemnd til årets beste bygning av American Institute of Architects.[9] Bygningen var ein forløpar og prototyp for den mykje høgare Empire State Building som blei bygd i New York i 1931.[10][11]

På 1940-talet var 60 % av arbeidarane i Winston-Salem tilsette anten i ved Reynolds-fabrikken eller ved tekstilverksemda til Hanes.[6]

Andre større verksemder frå byen er T.W. Garner Foods, som byrja selja den landskjende chilisausen Texas Pete i 1929, og Krispy Kreme, som opna sitt første smultringutsal i byen i 1937.[12]

Han har fleire universitet og høgskular, som Wake Forest University, Winston-Salem State University, North Carolina School of the Arts og Salem Academy and College.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Archived copy». Arkivert frå originalen 17. april 2016. Henta 8. august 2015. 
  2. 2,0 2,1 «Durham Passes Winston-Salem as State's 4th Largest City». Arkivert frå originalen 6. oktober 2011. 
  3. «Washington Park Historic District». Livingplaces.com. Henta 29. mai 2014. 
  4. «Merger of Winston, Salem allowed seeds of industry to sprout». Winston-Salem Journal. 8. mai 2013. Henta 29. mai 2014. 
  5. Wellman, Manly Wade; Tise, Larry Edward (1976). Winston-Salem in History 8. Historic Winston. s. 5. 
  6. 6,0 6,1 Tursi, Frank (1994). Winston-Salem: A History. John F. Blair, publisher. s. 110–11, 183. ISBN 978-0-89587-115-2. 
  7. «Reynolds Building». Emporis.com. emporis.com. Henta 10. juli 2008. 
  8. Craver, Richard (8. mai 2014). «Panel OKs nomination of RJR building for register». Winston-Salem Journal. Henta 9. mai 2014. 
  9. Craver, Richard (23. november 2009). «Home of RJR on the market». Winston-Salem Journal. Arkivert frå originalen 25. november 2009. Henta 23. november 2009. 
  10. «Reynolds Building». Allbusiness.com. Henta 18. september 2008. 
  11. Covington, Owen (5. januar 2012). «A look at the historic Reynolds Building». Triad Business Journal. Henta 30. mai 2014. 
  12. «Our Story». Krispy Kreme. Arkivert frå originalen 18. januar 2018. Henta 2. april 2017. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Winston-Salem