Wisconsin Range er ei stor fjellkjede i Horlick Mountains i Antarktis. Ho består av Wisconsin Plateau og fleire isbrear, ryggar og toppar som grensar til Reedybreen, Shimizu-straumen, Horlick-straumen og Polarplatået.[1]

Wisconsin Range
fjellkjede
Land  Antarktis
Stad Marie Byrd Land
 - koordinatar 85°45′S 125°00′W / 85.750°S 125.000°W / -85.750; -125.000
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Wisconsin Range
85°45′S 125°00′W / 85.75°S 125°W / -85.75; -125
Wisconsin Range is located in Antarktis
Wisconsin Range (Antarktis)

Fjellkjeda vart kartlagd av USGS frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy, 1959-64. Ho vart namngjeven av US-ACAN etter University of Wisconsin–Madison i Madison i Wisconsin, som har sendt mange forskarar til Antarktis.[1]

Wisconsin Plateau dekkjer det meste av fjellkjeda med ei stor iskappe på over 2800 moh i aust og søraust. Platået heller slakt nedover og med berre få isskrentar i det indre av platået. I nord og vest er platået bratte med skrenter og fjellveggar på over 1000 meter. Platået vart kartlagd av USGS frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy, 1960-64. Det vart namngjeve av US-ACAN i samband med Wisconsin Range.[2]

Fjell endre

Fjell Høgd (moh)
Faure Peak 3940
Mount Minshew 3895
Mount LeSchack 2265
Koopman Peak 2200
Mount Soyat 2150
Sheets Peak 1800

Kjelder endre

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Wisconsin Range» (innhald frå Geographic Names Information System).