Wolfgang Loitzl (fødd 13. januar 1980) er ein skihoppar frå Austerrike. Han representerer skiklubben WSC Bad Mitterndorf og hoppar med ski frå Fluege.de. Han debuterte i verdscupen 6. januar 1997 i Bischofshofen. Han vart verdsmeister i normalbakke under Ski-VM 2009.

Wolfgang Loitzl


Statsborgarskap Austerrike
Fødd 13. januar 1980 (44 år)
Bad Ischl
Idrett skihopping
Tok del i

Skihopp under Vinter-OL 2010 – Lag

Meritt endre

Wolfgang Loitzl har ti medaljar fra internasjonale meisterskap. Av desse har ni vore i laghopp:

  • Under Ski-VM 2001 i Lahtis var han med på å ta medaljar i begge lagkonkurransane (gull i normalbakken og bronse i storbakken).
  • Under Ski-VM 2005 i Oberstdorf var han med på å forsvare laggullet frå normalbakken. Laget tok og gull i stor bakke.
  • Under Ski-VM 2009 i Liberec tok han gull i normalbakke. Han var og med på laget frå Austerrike som vann lagtevlinga.
  • Under VM i skiflyging 2010 i Planica var han med på laget som forsvarte Austerrike sit gull i lagkonkurransen.

Loitzl vann Hoppveka 2008/09.