Wolfsburg er ein by i Tyskland i delstaten Niedersachsen med om lag 130 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Aller nordaust for Braunschweig. Wolfsburg grensar til landkreisane Gifhorn og Helmstedt.

Wolfsburg
Gamlebyen i Wolfsburg
Gamlebyen i Wolfsburg
Gamlebyen i Wolfsburg
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Wolfsburg
Wolfsburg is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Niedersachsen
Ingen
Kreisfri by
Grunnlagd 1938
Geografi
Flatevidd
 - By

204,02 km²
Innbyggjarar
 - By (2012)
   - folketettleik

123 144
  592/km²
Koordinatar 52°25′0″N 10°47′0″E / 52.41667°N 10.78333°E / 52.41667; 10.78333
Høgd over havet 63 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 38400-38448
Telefon-retningsnummer 05361-05363, 05365-05367, 05308
Bilnummer WOB
Heimeside: www.wolfsburg.de

Byen er ung og vart planlagt av nazistane som ein by for arbeidarane på fabrikkane til Volkswagen. Han vart grunnlagd i 1938 som Stadt des KdF-Wagens (Byen for KdF-bilen) rundt landsbyen Hesslingen i Gifhorn. Kraft durch Freude (forkorta KdF og tyder «styrke gjennom glede») vart ein tysk statskontrollert fritisorganisasjon, og eit av prosjekta var KdF-Wagen, som seinare vart kjend som Volkswagen Boble. Under den andre verdskrigen var det òg jeepar, fly og andre militærutstyr som vart bygd, hovudsakleg av slavearbeidarar og krigsfangar.

Etter den andre verdskrigen, i 1945, fekk byen sitt noverande namn etter Wolfsburg Slott, som ligg i byen. Det vart bygd rundt 1300 ved breidda av elva Aller. Eit anna slott vart òg bygd her etter 1600. I 1951 vart Wolfsburg ein kreisfri by. I november 2003 vart Wolfsburg omdøypt til Golfsburg i ei veke for å feire femtegenerasjonen av Volkswagen Golf.

Wolfsburg manglar historiske bygningar og attraksjonane i byen er nyare bygningar som Autostadt (eit stort bilmuseum i friluft), eit planetarium, Phaeno vitskapssenter og eit privat kunstmuseum (Kunstmuseum Wolfsburg) spesialisert på moderne kunst og samtidskunst.

Wolfsburg har gjennom tidene vorte rekna som ein uinteressant by i Tyskland utan kultur og turistattraksjonar, og har lenge heller ikkje hatt ein aktiv turistindustri. Med Autostadt, som opna i 2000 med fleire individuelle bilmuseum, restaurantar og eit hotell, og Phaeno vitksapssenter har fleire turistar byrja å trekke til byen.

Nokre nabobyar vart innlemma i Wolfsburg i 1972, som Fallersleben som i dag er ein bydel i Wolfsburg. Fallersleben var heimstad til August Heinrich Hoffmann (ofte berre kalla Hoffmann von Fallersleben), som skreiv teksten til den tyske nasjonalsongen (Das Lied der Deutschen).

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Wolfsburg
  Reiseguide for Wolfsburg frå Wikivoyage