Woodrow Wilson

amerikansk politikar

Thomas Woodrow Wilson (28. desember 18563. februar 1924) var ein politikar i USA. Wilson var utdanna statsvitar. Han var president i USA frå 1913 til 1921. Thomas R. Marshall var visepresident i denne tida. Før Wilson vart president var han guvernør i New Jersey frå 1911.

Woodrow Wilson

President i USA
Periode4. mars 19134. mars 1921
PartiDet demokratiske partiet i USA
Fødd28. desember 1856 i Staunton i delstaten Virginia
FødestadWoodrow Wilson Birthplace, Staunton (Virginia)
Død3. februar 1924
DødsstadWoodrow Wilson House, Washington
MorJanet Woodrow
FarJoseph Ruggles Wilson
EktefelleEllen Louise Wilson (18601914)
Edith Bolling Galt (18721961)
Barn
MedlemAmerican Philosophical Society
American Academy of Arts and Sciences
Accademia Nazionale dei Lincei
American Historical Association
American Academy of Arts and Letters
Accademia delle Scienze di Torino
FøregangarWilliam Howard Taft
EtterfølgjarWarren G. Harding

Tida som president vart prega av første verdskrigen, og om USA skulle gå med i krigen eller ikkje. Wilson hadde lova å halda USA utanom krigen, og vann presidentvalet i 1916 mykje på grunn av denne lovnaden. Trass i dette gjekk USA med i krigen i 1917, ved å erklæra krig mot Tyskland i april og Austerrike-Ungarn i desember. I november 1918 slutta krigen med Tyskland la ned våpna, og USA var på den vinnande sida. I januar 1918 heldt Wilson ei tale der han la fram 14 punkt for å få slutt på krigen og få ei god fredstid etterpå. I punkta la han mellom anna fram ideen om eit Folkeforbund For fredsarbeidet sitt mottok han Nobels fredspris for året 1920. Trass i dette gjekk ikkje USA med i Folkeforbundet, og mange av punkta til Wilson vart ikkje tekne omsyn til.

I september og oktober fekk Wilson fleire hjerneslag, og var etter dette sterkt svekka. Presidenten sin tilstand vart halden løynd sjølv for visepresidenten. Kona til Wilson, Edith Bolling Galt Wilson, tok styringa med kva saker som vart lagde fram for presidenten. Wilson sat som president fram til mars 1921.

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.