Woodstock i Oxfordshire

Woodstock er ein liten by i Oxfordshire i England, omkring 12 km nord for Oxford. Byen er delt i to, den gamle og den nye byen, av elva Glyme.

Woodstock

Woodstock town hall
Woodstock town hall
Woodstock town hall
Plassering
Woodstock i Oxfordshire is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Oxfordshire
Distrikt West Oxfordshire
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

2 924
Koordinatar 51°51′N 1°21′W / 51.850°N 1.350°W / 51.850; -1.350
Diverse annan informasjon
Postnummer OX20
Telefon-retningsnummer 0 1993
Nettstad: www.woodstock-tc.gov.uk
Commons har multimedium som gjeld: Woodstock i Oxfordshire

Byen har sidan tidleg mellomalder vore tilknytt den engelske monarken. Namnet er av angelsaksisk opphav, og tyder «lysning i skogen». Dette viser til at kongane tok ut tømmer i området. I Domesday Book (1086) er staden nemnt som Wodestock, Wodestok og Wodestole, og var då ein kongeleg skog. Andre kjelder hevdar at Alfred den store skal ha halde seg der i 890, og at Ethelred II heldt råd der. Henrik I skal ha oppretta eit menasjeri der i 1125. I 1179 vart Woodstock ein by då den fekk charter av Henrik II. Denne statusen har staden halde på, trass i det låge innbyggjartalet.

Prinsesse Elizabeth vart halden som fange i Woodstock. Ho vart då plassert i porthuset til Woodstock Manor, sidan sjølve herregarden var i for dårleg stand til at ho kunne bu der.

1600-talet vart Woodstock særs endra, etter at hertugen av Marlborough slo seg ned der. Like utanfor Woodstock står Blenheim Palace, der Winston Churchill vart fødd i 1874.

Soknekyrkja, St. Maria Magdalenas kyrkje har ein normannisk dørkarm, og eit klokkespel som ringer kvar time. Rådhuset er frå 1766 og vart teikna av William Chambers, og det finst fleire bygg frå 1600-talet i sentrum. Chaucer's House var i ein periode heimen til Geoffrey Chaucer.

Byen hadde på 1500-talet gode inntekter frå produksjon av hanskar. I seinare tid er turismen viktigaste inntektskjelda, spesielt i samband med dei mange vitjande til Blenheim Palace. Oxfordshire Museum er plassert i Fletcher's House, ein stor historisk bygning i sentrum.

Kjelder endre