Wuyi Shan (kinesisk: 武夷山 pinyin: Wǔyí Shān), er eit fjellparti på grensa mellom provinsane Fujian og Jiangxi i Kina. Fjellpartiet dekker eit område på 60 km². I 1999 vart Wuyi Shan oppført på UNESCOs liste over verdsarven.

Wuyi Shan med Yunu-tårnet
Skodde i Wuyi Shan

Geologi endre

Dei fleste fjelltoppene og høgdene er av raud sandstein. Mange av dem er svært bratte, men samstundes flate på toppen. Den 60 km lange elva Jiuqu Xi buktar seg gjennom ei djup kløft mellom høgdene. Med sine 2 100 moh. er Wuyishan det høgste området i Fujian.

Biologisk mangfald og naturmiljø endre

Wuyi Shan er det største og mest representative dømet på biologisk mangfald i subtropisk skog i Kina og i sørkinesisk regnskog. Økologien er intakt fra tida før istida for omkring 3 millionar år sidan. Området er relativt fritt for forureining.

Historie endre

Wuyi Shan var sentrum for kongedømmet Minyue. På 600-talet vart Wuyipalasset nytta til keisarlege offerhandlingar. Fjella var viktige for taoismen. Området er også neokonfucianismens vogge, ei kulturell rørsle som verka inn på det kinesiske samfunnet frå 1000-talet.