X.25, er ein rekommandasjon frå Den internasjonale teleunionen, ITU, som gjeld for datanett med pakkesvitsjing. Han vart først utvikla av ei internasjonal ekspertgruppe leia av Televerkets forskningsinstitutt (TF) i 1973-1976, og fekk så stor global utbreiing innanfor næringsliv og offentlege instansar, fram til Internett voks ut fram mot år 2000. Tenesta Datapak gjorde at norske bedrifter fekk tilgang til 160 ulike X.25-nett i 60 land, med snøggleik opp til 64 kbit/s. Fram til 2010 er framleis X.25 nytta via ISDNpak, mellom anna av betalingsterminalar og alarmsystem.

Figur som viser eit X.25-nettverk.

Mange land utvikla sine eigne standardarar for pakkesvitsjing, og det vart etter kvart stort behov for ein internasjonal standard. X.25 vart vedteke innanfor ITU i mars 1976, og ein fekk raskt i gang fleire kompatible internasjonale nettverkstenester.

X.25 definerer i utgangspunktet grensesnittet mellom datautstyret til brukaren og offentlege pakkesvitsja nett, men standarden vert òg nytta for interne datanettverk.

Kjelder endre

«X.25» av Halvor Bothner-By i Store norske leksikon, snl.no.