Xeroftalmi eller augeturrsott er ein augesjukdom som kjem av mangel på vitamin-A. Sjukdomen er sjeldan i Noreg, men vanleg i utviklingsland, og ein trur at mellom 5 og 10 millionar born i Asia vert blinde kvart år på grunn av sjukdomen.

Xeroftalmi
Klassifikasjonar og ressursar
ICD-9-kode:264.6-264.7
ICD-10-kode:E50.6-E50.7
DiseasesDB34035
MeSHD014985
MeSHD014985

Tilstanden fører til nedsett nattsyn på grunn av mangel på rhodopsin, som ein får med vitamin A. Rhodopsin er eit fargestoff som gjer at stavane i netthinna fungerer. I tillegg skjer det endringar i bindehinna med tap av slimproduserande celler. Dette fører til tørre auge, som igjen fører til sår og etter kvart arr i hornhinna.

Om sjukdomen ikkje får behandling kan det føre til at ein vert varig blind eller til og med døy. Med tidleg behandling med vitamin A kan ein normalisere tilstanden.

Kjelder endre

«.sml_artikkel/xeroftalmi» i Store norske leksikon, snl.no.