YYZ
Song av Rush
frå albumet Moving Pictures
Utgjeve 28. februar 1981
Sjanger Progressiv rock, hardrock, instrumental rock
Lengd 4:25
Selskap Mercury Records
Låtskrivar(ar) Geddy Lee, Neil Peart
Produsent Rush & Terry Brown

«YYZ» er eit instrumentalt rockestykke av det kanadiske rockebandet Rush, frå albumet Moving Pictures i 1981. Etter han kom ut vart han ein av dei mest populære låtane til bandet og vart spelt på mange av konsertane deira. Han finst mellom anna på konsertalbuma Exit...Stage Left (1981) og A Show of Hands (1989).

«YYZ» er òg med i Guitar Hero II.

YYZ er IATA-koden for Toronto Pearson internasjonale lufthamn, i Mississauga, vest for heimbyen til Rush, Toronto. Det er vanleg for fly å sende identifikasjonskoden sin som morsekode ved hjelp av VOR. Introduksjonen på songen, spelt i 5/4 takt, repeterer bokstavane «Y-Y-Z» i morsekode.

«YYZ» vart nominert til ein Grammy i kategorien beste rockeinstrumental i 1982.

Andre versjonar endre

Andre artistar som har spelt songen er mellom andre, Godsmack, Primus, Umphrey's McGee, Martin Motnik, Dream Theater, Armia, Muse og Cyngus and the Sea Monster.

Kjelder endre