Yalu (鸭绿江, pinyin: Yālǜjiāng) eller koreansk Amnokgang eller Amnok, er ei grenseelv mellom Folkerepublikken Kina og Nord-Korea.

Yalu

Ho spring ut 2500 meter over havet ved Paektufjellet i Changbaifjella og renn etter 790 kilometer ut i Gulehavet mellom den kinesiske byen Dandong og den koreanske byen Sinŭiju. Dei viktigaste sideelvane er Changjin-gong, Hŏch'ŏn-gong og Tongro-Gong. Nedslagsfeltet til elva er på 31 739 km².

I Sakchu noko ovanfor Sinŭiju, er det på koreansk side vorte bygd éit av dei største vasskraftverka i Asia, Supung-demninga, 100 meter høg og over 850 meter lang.

Den einaste brua som ikkje vart øydelagt under koreakrigen kryssar mellom Sinŭiju og Dandong og blir i dag kalla Den kinesisk-koreanske venskapsbrua.

Sjå òg endre

Kjelder endre