Mohammed Abdel Rahman Abdel Raouf Arafat al-Kidwa al-Husseini,[a] kjend som Yasir Arafat og med dekknamnet Abu Ammar (fødd 24. august 1929 i Kairo, død 11. november 2004 i Clamart)[1] var ein palestinsk leiar. Han var formann i den palestinske frigjeringsorganisasjonen (PLO) og president i dei palestinske sjølvstyresmaktene (PNA),[2] og kjempa mot den israelske staten og for palestinsk sjølvråderett. Han brukte mykje av livet sitt på å leie det sekulære, politiske partiet Fatah, som han danna i 1959.[3] Arafat var opphavleg imot Israel sin eksistens, men modifiserte posisjonen sin i 1988, då han aksepterte resolusjon 242 frå tryggingsrådet i FN.

Yasir Arafat

Fødd4. august 1929
Kairo
Død11. november 2004 (75 år)
Statsborgar avPalestina
PartiFatah
Yrkepolitikar, sivilingeniør
Utdanna vedUniversitetet i Kairo
EktefelleSuha Arafat
Alle verv
  • Formann i Palestinas frigjøringsorganisasjon (1969–2004)
  • President i den palestinske selvstyremyndigheten (1994–2004)
  • president of the State of Palestine (1989–2004)
  • Q117225148 (Palestinian Authority Government of 1996, 1996–1998) Sjå dette på Wikidata

Arafat og rørsla hans opererte frå fleire arabiske land. På slutten av 1960-talet og starten av 1970-talet kjempa Fatah mot Jordan, i det som vart ein kortvarig konflikt. Arafat og Fatah vart pressa ut av Jordan og inn i Libanon, der dei var mål for invasjonane til Israel i 1978 og 1982. Fleirtalet av det palestinske folket, uavhengig av politisk ideologi eller fraksjon, såg på han som ein fridomskjempar og martyr som symboliserte dei nasjonale ynska deira. Mange israelarar såg derimot på Arafat som ein terrorist på grunn av dei mange åtaka gruppa hans gjorde mot sivile.[4]

Seinare i karrieren var Arafat med i ei rekkje forhandlingar med dei israelske styresmaktene, med sikte på å gjere slutt på den fleire tiår lange konflikten mellom Israel og PLO. Forhandlingane inkluderte Madridkonferansen i 1991, Oslo-avtalen i 1993 og Camp David-forhandlingane i 2000. Dei politiske rivalane hans, inkludert islamistar og fleire venstreorienterte PLO-medlemmer, skulda han ofte for å vere korrupt eller for å vere undergjeven i forhandlingane og avtalane med dei israelske styresmaktene. I 1994 fekk Arafat Nobels fredspris saman med Yitzhak Rabin og Shimon Peres for forhandlingane sine i Oslo. På denne tida kom Hamas og andre paramilitære organisasjonar til makta og undergrov autoriteten som Fatah og Arafat hadde gjort krav på.

Seint i 2004, etter å ha vore innesperra i hovudkvarteret sitt i Ramallah i over to år av den israelske arméen, vart Arafat sjuk og fall i koma. Arafat døydde 11. november 2004, i ein alder av 75 år. Dødsfallet skapte stor sorg i det palestinske folket, og det vart spekulert hyppig i media om potensielle dødsårsaker. Den nøyaktige dødsårsaka er framleis ukjend, og sjølv om legane snakka om idiopatisk trombocytopenisk purpura og skrumplever, vart det ikkje gjort nokon obduksjon.

Tidleg liv endre

Fødsel og barndom endre

Arafat vart fødd i Kairo av palestinske foreldre.[5][6] Faren hans, Abdel Raouf al-Kidwa al-Husseini, var frå Gaza, og farmora til Yasir var frå Egypt. Far til Arafat arbeidde som tekstilhandlar i det fleirkulturelle distriktet i Kairo, Sakanini. Yasir var den nest yngste av sju born og var (saman med den yngre bror sin, Fathi) det einaste avkomet som vart fødd i Kairo. Mor hans, Zahwa Abul Saoud, døydde av ein nyresjukdom i 1933, då Arafat var fire år gammal.[7]

Den fyrste tilknytinga hans til Jerusalem vart etablert då faren hans, som ikkje var i stand til å oppdra sju barn på eiga hand, sende han og broren hans Fathi til familien til mor deira i det marokkanske kvarteret i Gamlebyen. Der budde dei med onkelen sin, Selim Abul Saoud, i fire år. I 1937 kalla faren dei tilbake for at dei skulle verte tekne hand om av den eldre systera deira, Inam. Arafat fekk eit stadig dårlegare tilhøve til faren sin. Då faren døidde i 1952, møtte ikkje Arafat opp i gravferda. Han besøkte heller ikkje grava til faren før han vende tilbake til Gaza.[7]

Utdanning og den israelske sjølvstendekrigen endre

I 1944 byrja Arafat å studere ved Universitetet til kong Fuad I og tok avgangseksamen i 1950. Han hevda seinare å ha søkt betre forståing for jødedommen og sionismen ved å delta i diskusjonar med jødar og ved å lese publikasjonar av Theodor Herzl og andre framståande sionistar.[8] Samtidig utvikla interessa hans for arabisk nasjonalisme seg, og han byrja å skaffe våpen som skulle smuglast inn i det dåverande Palestinamandatet. Desse skulle brukast av irregulære styrkar i den høgare arabiske komitéen og militsen i heilag krig-arméen.[9]

Under den israelske sjølvstendekrigen i 1948 forlét Arafat universitetet og planla å slutte seg til dei arabiske styrkane i Palestina, i likskap med andre arabarar, for å slåst mot israelske styrkar. I staden for å slutte seg til den palestinske fedayeen, slåst Arafat saman med det muslimske brorskapet, sjølv om han ikkje offisielt var medlem av organisasjonen. Arafat kjempa i Gaza-området (som var hovudslagmarka for egyptiske styrkar under heile konflikten). Tidleg i 1949 vart krigen avslutta, i Israel sin favør, og Arafat drog tilbake til Kairo grunna mangel på forsyningar.[7]

Då Arafat vende tilbake til universitetet, byrja han å studere byggjeteknikk og var president for Den palestinske studentunionen (GUPS) frå 1952 til 1956. I dei fyrste åra hans som president for unionen, vart universitetet omdøypt til Universitetet i Kairo etter at eit kupp der rørsla «dei frie offiserane» hadde styrta kong Faruk I frå trona. På dette tidspunktet hadde Arafat teke avgangseksamen med bachelorgrad i byggjeteknikk for å verte sivilingeniør, og han vart innkalla til teneste for å kjempe med egyptiske styrkar under Suezkrisa. Han deltok likevel ikkje i krigføringa.[7] Seinare same året, på ein konferanse i Praha, kledde han seg i eit heilkvitt palestinaskjerf – dette var eit anna enn det rutete skjerfet han seinare tok i bruk i Kuwait som vart kjennemerket hans.[10]

Namn endre

Det opphavlege fulle namnet til Arafat var Mohammed Abdel Rahman Abdel Raouf Arafat al-Kidwa al-Husseini. Mohammed Abdel Rahman var fornamnet hans, Abdel Raouf var namnet til faren og Arafat var bestefaren sitt. Al-Kidwa var namnet på familien hans, og al-Husseini var klanen som al-Kidwaene høyrde til. Det skal seiast at klanen til Arafat, al-Husseini, var basert i Gaza og han må ikkje forvekslast med den velkjende, men ikkje-relaterte al-Husseini-klanen frå Jerusalem.

Sidan Arafat vart oppdregen i Kairo, var det vanleg å følgje tradisjonen med å utelate namna Mohammed eller Ahmad frå fornamnet. Kjende egyptarar som mellom andre Anwar Sadat og Hosni Mubarak følgde denne praksisen. Arafat sløyfa i tillegg Abdel Rahman og Abdel Raouf frå namnet sitt. På byrjinga av 1950-talet tok han namnet Yasir, og i starten på karrieren sin som geriljasoldat tok han krigarnamnet Abu Ammar. Begge namna er relaterte til Ammar ibn Yasir, ein av dei fyrste følgjesveinane til Muhammed. Han kvitta seg med mesteparten av dei andre namna sine, men heldt fram med Arafat grunna den viktige tydinga det hadde i Islam.[7]

Framveksten til Fatah endre

Danninga av Fatah endre

Som eit resultat av Suezkrisa i 1956 tillét den egyptiske presidenten Gamal Abd al-Nasser, ein av leiarane i «Dei frie offiserane», at UNEF I etablerte seg på Sinaihalvøya og Gazastripa. Dette førte til at alle geriljatroppar eller «fedayeenarar» vart fordrivne derifrå, også Arafat. Arafat prøvde tidleg å skaffe seg visum til Canada og seinare til Saudi-Arabia, men fekk avslag på begge søknadene.[7][11] I 1957 søkte han visum til Kuwait (som på den tida var eit britisk protektorat) og fekk søknaden godkjend, basert på arbeidet hans innan byggjeteknikk. I Kuwait møtte han to palestinske vener frå Universitetet i Kairo, Salah Khalaf (Abu Iyad) og Khalil Wazir (Abu Jihad), som begge var opne medlemmer av det muslimske brorskapet i Egypt. Saman fungerte dei som den høgre handa til Arafat i det framtidige, politiske engasjementet hans.[12] I 1960 fekk Arafat hjelp av Abu Iyad til å få ein mellombels jobb som lærar.[13]

 
Det palestinske flagget vart teke i bruk av den palestinske frigjeringsorganisasjonen frå han vart danna i 1964.

Arafat utvikla stadig nye venskap med andre palestinske flyktningar (nokre var kjende frå tida i Kairo), og dei etablerte gradvis gruppa som seinare fekk namnet Fatah. Datoen for danninga av Fatah er ikkje kjend. I 1959 fekk gruppa promotert eksistensen sin i eit nasjonalistisk, palestinsk tidsskrift, Filastununa Nida al-Hayat («Vårt Palestina, kallet til livet»), som vart skrive og redigert av Abu Jihad.[3] FaTaH er eit omvendt akronym av det arabiske namnet Harakat al-Tahrir al-Watani al-Filastini som kan omsetjast med «den palestinske nasjonale frigjeringsrørsla».[13][14] Ordet 'fatah' vart òg brukt i tidleg islamsk tid, då det viste til «erobring».[13]

Fatah dedikerte arbeidet sitt til frigjering av Palestina gjennom væpna strid, starta av palestinarane sjølv. Dette skilde dei frå andre palestinske, politiske organisasjonar og geriljagrupper, som hovudsakleg hadde sterk tru på ein samla, arabisk respons.[13][15] Organisasjonen til Arafat batt seg aldri til ideologien til dei store, arabiske, nasjonale styresmaktene på den tida. Dette stod i motsetnad til dei andre palestinske fraksjonane, som vart dominerte av Egypt, Irak, Saudi-Arabia, Syria og andre.[16]

Arafat nekta på generell basis å akseptere donasjonar til organisasjonen frå store arabiske land. Dette var i samsvar med ideologien hans, og eit forsøk på å halde seg uavhengig av dei. Samtidig ynskte han ikkje å distansere seg heilt, og søkte støtta deira ved å unngå alliansar med grupper tilknytte andre ideologiar. I Kuwait jobba Arafat mykje for å etablere eit fundament for dei framtidige finansane til Fatah. Dette gjorde han ved å ta imot bidrag frå dei mange velståande palestinarane som jobba der og i andre gulfstatar som Qatar (der han møtte Mahmoud Abbas i 1961).[17] Bidragsytarane var i hovudsak forretningsmenn og oljearbeidarar, og dei bidrog med kraftig økonomisk støtte til organisasjonen. Arafat gjorde også dette i andre arabiske land, mellom anna i Libya og Syria.[13]

I perioden 1962–1966 innvandra Arafat og dei nærmaste venene hans til Syria – eit land med grense til Israel – som nyleg hadde gått ut av ein union med Egypt under Nasser. I Syria var han i stand til å rekruttere medlemmer i større grad, og omsider byggje opp til væpna kamp mot Israel. Før dette hadde Fatah hatt om lag 300 medlemmer og ingen soldatar.[13] Slagkrafta til Fatah auka gradvis etter at Arafat avgjorde at han ville tilby langt høgare lønningar til medlemmer av den palestinske frigjeringshæren (PLA), militærstyrken i PLO, som vart danna av den arabiske ligaen sommaren 1964. 31. desember same året prøvde al-Assifa, som var den væpna eininga i Fatah på den tida, å infiltrere Israel. Dei vart stoppa og haldne igjen av libanesiske tryggingsstyrkar. Fleire forsøk følgde i ettertid med dei dårleg trena og svakt utrusta krigarane til Fatah. Dette enda i både vellukka og mislukka raid, der fleire av dei var leidde av Arafat personleg.[13]

Arafat og Abu Jihad vart pågripne i Syria etter at den pro-syriske palestinske leiaren Yusuf Orabi vart drepen. Nokre timar før drapet hadde Arafat diskutert med han i eit forsøk på å samle fraksjonane og for å spørje om støtte frå Orabi mot rivalane til Arafat i Fatah. Like etter at Arafat forlét møtet, vart Orabi kasta ut av vindauget frå ein tre etasjars bygning, og syrisk politi retta med ein gong mistanken mot Arafat. Det syriske politiet hadde nære kontaktar med Hafez Assad, som var ein «nær ven» av Orabi. Assad oppretta eit etterforskingspanel, som erklærte Arafat og Abu Jihad skuldige i drapet. Likevel fekk begge to ettergjeve straffene av presidenten i Syria, Salah Jadid, men hendinga førte til eit dårleg tilhøve mellom Assad og Arafat. Dette viste seg seinare då Assad vart president i Syria.[13]

Palestinarane sin leiar endre

13. november 1966 starta Israel eit storstilt raid mot den jordanskstyrte byen as-SamuVestbreidda. Dette kom som eit svar på eit bombeåtak Fatah hadde gjort på ein landeveg, og som tok livet av tre medlemmer av dei israelske tryggingsstyrkane nær Den grøne linja ved sørgrensa. Aksjonen resulterte i mange dødsoffer i dei jordanske tryggingsstyrkane og 125 bustadhus vart jamna med jorda. Dette åtaket var ei av fleire årsaker til seksdagarskrigen i 1967.[18]

Israel innleidde seksdagarskrigen med eit luftåtak mot det egyptiske luftforsvaret 5. juni 1967. Krigen enda med tap for arabarane, og Israel okkuperte fleire arabiske territorium, inkludert Vestbreidda og Gazastripa. Sjølv om Nasser og dei allierte han hadde tapte kampen, bidrog krigen og utviklinga etter han til å styrkje Arafat og Fatah. Majoriteten av palestinarane, som før dette hadde retta seg etter og sympatisert med enkelte arabiske styresmakter, byrja no å innsjå at ei eiga, palestinsk løysing knytt til situasjonen deira var nødvendig.[19] Mange palestinske politiske parti gjekk i oppløysing etter at dei miste den økonomiske støtta si frå styresmaktene. Dette inkluderte den arabiske nasjonalistrørsla til Habash, al-Husseinis, den høgare arabiske komitéen og den islamske frigjeringsfronten, samt fleire grupper som var støtta av Syria. Berre éi veke etter nederlaget kryssa ein forkledd Arafat Jordanelva og tok seg inn på Vestbreidda. Han sette opp rekrutteringssenter i Hebron, Jerusalem-området og Nablus og byrja å verve geriljakrigarar og bidragsytarar.[19]

Nasser kontakta Arafat via Mohammed Heikal, ein av rådgjevarane til Nasser, og erklærte han som «palestinarane sin leiar».[20] Ahmad Shukeiri trekte seg frå stillinga som formann i PLO i desember 1967. Yahya Hammuda erstatta han og inviterte Arafat til å slutte seg til organisasjonen. Fatah vart tildelt 33 av 105 sete i eksekutivkomitéen i PLO, medan 57 sete vart gjevne til andre geriljafraksjonar.[19]

Slaget om Karameh endre

For meir om dette emnet, sjå Slaget om Karameh.

I 1968 var Fatah og andre palestinske væpna grupper målet i ein stor israelsk, militær operasjon i den jordanske landsbyen Karameh, der det var ein mellomstor palestinsk flyktningleir og Fatah hadde ein styrke. Namnet på staden kjem frå det arabiske ordet for vørdnad, som framheva den symbolske tydinga han hadde for det arabiske folket, spesielt etter nederlaget i 1967. Operasjonen var eit svar på åtaka mot Israel, inkludert Fatah og rakettangrepa frå andre palestinske militsar mot den okkuperte Vestbreidda.

Ifølgje Said Aburish vart Arafat informert av dei jordanske styresmaktene og fleire Fatah-kommandoar, om at Israel førebudde store, militære åtak på landsbyen. Dette førte til at fedayeengrupper som George Habash si nydanna gruppe Folkefronten for frigjering av Palestina (PFLP) og Nayef Hawatmeh sin utbrytarorganisasjon Demokratisk front for frigjering av Palestina (DFLP) trekte styrkane sine ut. Arafat vart råda til å flytte ut styrkane og hovudkvartera sine til ein nærliggjande ås av ein jordansk divisjonskommandør og Fatah-tilhengar. Arafat nekta,[19] og sa: «Vi vil overtyde verda om at det finst dei i den arabiske verda som ikkje vil trekkje seg tilbake eller rømme».[21] Aburish skriv at Fatah vart verande på kommando frå Arafat og at den jordanske hæren godtok å støtte dei dersom det kom til strid.[19]

Om natta den 21. mars gjekk dei israelske tryggingsstyrkane til åtak på Karameh med tungt skyts, pansra køyretøy og jagarfly.[19] Fatah heldt stillinga, noko som overraska israelarane. Då dei israelske styrkane intensiverte åtaka sine, valde den jordanske hæren å involvere seg, og israelarane måtte ty til retrett for å unngå full krig.[22] Ved slutten av slaget hadde nesten 150 av krigarane frå Fatah, i tillegg til 20 jordanske og 28 israelske soldatar, vorte drepne. Trass i det høge dødstalet til arabarane, rekna Fatah seg som sigerherre i slaget, sett ut frå den raske tilbaktrekkinga til den israelske hæren.[19] Arafat deltok sjølv på slagmarka, men detaljane knytte til bidraget hans er uklare. Dei allierte som var med han – samt den israelske etterretningstenesta – hevdar at han mana mennene sine til kamp og til å halde posisjonane sine gjennom heile slaget.[23]

Slaget fekk detaljert nyhendedekning i nyhendemagasinet Time, og ansiktet til Arafat kom på framsida av utgåva frå 13. desember 1968, noko som for fyrste gong eksponerte han for eit større publikum.[24] I tida etter seksdagarskrigen vart Arafat og Fatah trekte fram i samband med dette vendepunktet, og han vart sett på som ein folkehelt som vågde å konfrontere Israel. Fatah fekk mykje skryt og mange donasjonar frå den arabiske verda. Fatah fekk dermed betre tilgang på våpen og utstyr. Medlemstalet til gruppa auka mykje fordi mange unge arabarar, inkludert tusenvis av ikkje-palestinarar, gjekk inn i Fatah sine rekkjer.[25]

Yahya Hammuda trekte seg frå stillinga si som formann i PLO ved Det palestinske nasjonalrådet (PNC) i Kairo 3. februar 1969. Arafat tok over etter han og vart øvstkommanderande for dei palestinske revolusjonære styrkane to år seinare. I 1973 vart han leiar for den politiske avdelinga i PLO.[19]

Fatah i Jordan endre

Sjå òg Svarte september i Jordan.
 
Arafat med leiaren av Demokratisk front for frigjering av Palestina, Nayef Hawatmeh og den palestinske forfattaren Kamal Nasser under ein pressekonferanse i Amman i 1970.

Tilhøvet mellom palestinarane og dei jordanske styresmaktene vart meir spent mot slutten av 1960-talet. Tungt væpna, arabiske motstandsgrupper hadde danna ein virtuell «stat i staten» i Jordan. Etter kvart kontrollerte desse gruppene fleire av dei strategiske posisjonane til landet. Etter sigeren i slaget om Karameh, byrja Fatah og andre palestinske militsar å ta kontroll over dei sivile borgarane i Jordan. Dei sette opp vegsperringar, audmjuka jordanske politistyrkar offentleg, var påtrengane overfor kvinner og kravde inn ulovlege skattar, noko Arafat valde å sjå gjennom fingrane med.[21]

Kong Hussein såg på dette som ein aukande trussel mot suvereniteten og og tryggleiken i kongeriket, og han prøvde å avvæpne militsane. Han ville likefullt unngå ein militær konfrontasjon med motstandarane sine. Han sa opp fleire av ministrane sine som var imot PLO (inkludert nokre av hans eigne familiemedlemmer), og oppmoda Arafat om å verte statsminister i Jordan. Arafat nekta og viste til trua si på behovet for ein palestinsk stat med palestinsk leiarskap.[26]

Dei militære aksjonane i Jordan heldt fram trass i motstanden frå Hussein. 15. september 1970 kapra PFLP fem fly og landa tre av dei på Dawson’s Field, 48 km aust for Amman. Etter at passasjerane hadde vorte flytte til andre stader, vart tre av flya sprengde. Dette gjorde til at omdømet til Arafat vart svekt i fleire vestlege land, mellom andre USA, som heldt han ansvarleg for å kontrollere palestinske fraksjonar som høyrde til PLO.[27] Arafat gav etter for press frå dei arabiske styresmaktene, og gjekk ut med ei offentleg fordøming av flykapringane. Han suspenderte òg PLFP frå alle geriljaaksjonar i fleire veker (han hadde gjort det same etter at PFLP gjekk til åtak på flyplassen i Athen). Dei jordanske styresmaktene tok tilbake kontrollen over eige territorium, og dagen etter innførte kong Hussein unntakstilstand (eller meir korrekt krigslover).[26] Same dag vart Arafat øvstkommanderande i PLA.[28]

Andre arabiske styresmakter prøvde å forhandle fram ei fredeleg løysing etter kvart som konflikten utvikla seg. Som ein del av dette arrangerte Gamal Abd al-Nasser det fyrste krisetoppmøtet til den arabiske ligaen i Kairo den 21. september. Talen til Arafat vekte sympati hjå dei arabiske leiarane som var til stades. Andre statsoverhovud gjekk imot Hussein, inkludert Muammar al-Gadafi som spotta både han og den schizofrene faren hans, kong Talal. Forsøket på å inngå ein fredsavtale mellom partane var mislukka. Nasser døydde av hjarteinfarkt berre nokre timar etter møtet.[26]

Den 25. september hadde den jordanske hæren fått overtaket, og to dagar seinare vart Arafat og Hussein einige om våpenkvile i Amman. Den jordanske hæren hadde påført palestinarane store tap – inkludert sivile offer – omtrent 3 500 menneskeliv.[28] Etter gjentekne brot på våpenkvila frå begge hald, gjekk Arafat inn for å styrte Kong Hussein frå trona. Som eit svar på denne trusselen gav Hussein i juni 1971 styrkane sine ordre om å drive ut dei resterande palestinske krigarane frå det nordlege Jordan, noko han lukkast med.

Arafat og fleire av styrkane hans – inkludert dei militære leiarane Abu Iyad og Abu Jihad – vart pressa inn i eit hjørne i det nordaustlege Jordan. Dei flytte seg til like utanfor byen Gerasa, som ligg nær grensa til Syria. Med hjelp frå Munib Masri, ein pro-palestinsk jordansk statsråd, og Fahd al-Khomeimi, Saudi-Arabia sin ambassadør til Jordan, klarte Arafat å kome seg inn i Syria med nesten 2 000 av soldatane sine. Fiendskapen mellom Arafat og presidenten i Syria, Hafez Assad (som tidlegare hadde velta president Salah Jadid), gjorde at palestinarane heldt fram med å krysse grensa til Libanon for å slutte seg til PLO-styrkane der, og dei etablerte eit nytt hovudkvarter.[29]

Libanon endre

Terroråtak på 1970-talet og offisiell anerkjenning endre

Sidan Libanon hadde ei svak sentralregjering, kunne PLO opptre omtrent som ein sjølvsendig stat på 1970-talet. På denne tida var fleire venstreorienterte PLO-grupper med på militære aksjonar mot Israel, der det vart gjennomført åtak på både sivile og militære mål i og utanfor Israel.

To store hendingar fann stad i 1972. Ein underorganisasjon av Fatah, kjend som Svart september, kapra eit fly på veg til Wien og tvinga det til å lande på flyplassen Ben Gurion i Lod i Israel.[30] PFLP og den japanske raude arméen utførte ein massakre på same flyplass. Denne resulterte i at 24 sivile vart drepne.[30][31] Israel hevda seinare at attentatet mot talsmannen i PFLP, Ghassan Kanafani, kom som eit svar på PFLP sitt engasjement i planlegginga av åtaket. To dagar seinare slo fleire PLO-fraksjonar tilbake ved å bombe ein busstasjon, som tok livet av elleve sivile.[30]

 
Utøvarane frå DDR under olympiaden i München i 1972.
Foto: Friedrich Gahlbeck, Deutsches Bundesarchiv

Under Sommar-OL i München vart elleve israelske utøvarar kidnappa og drepne av Svart september.[32] Fleire kjelder, inkludert Abu Daoud som var ein av hjernane bak München-massakren, og den framståande, israelske historikaren Benny Morris, har sagt at Svart september var ein militær divisjon under Fatah som vart brukt til paramilitære operasjonar. I ei bok av Abu Daoud frå 1999 uttalar han at «Arafat vart orientert om planane for gisseltakinga i München».[33] Drapa vart fordømde internasjonalt. I 1973–74 la Arafat ned gruppa Svart september, og gav PLO ordre om å trekkje seg ut av valdshandlingar utanfor Israel, Vestbreidda og Gazastripa.[34]

I 1974 godkjende PNC tipunktsprogrammet (sett saman av Arafat og rådgjevarane hans), og føreslo eit kompromiss med israelarane. Det kravde ei palestinsk sjølvstyresmakt i alle delar av «frigjort palestinsk territorium»,[35] som viser til dei områda som var okkuperte av arabiske styrkar under sjølvstendekrigen i 1948 (det som i dag er Vestbreidda, Aust-Jerusalem og Gazastripa). Dette førte til misnøye i fleire av PLO-fraksjonane. PFLP, DFLP og andre parti danna difor utbrytarorganisasjonen Avvisingsfronten.[36]

Israel og USA har påstått at Arafat òg var involvert i diplomatattentata i Khartoum, der fem diplomatar og fem andre personar vart drepne. Eit dokument frå det amerikanske utanriksdepartementet i 1973, som vart frigjeve i 2006, konkluderte med at «Yasir Arafat visste om og hadde personleg godkjent Khartoum-operasjonen medan han vart planlagd og utført».[37] Arafat nekta for all involvering i operasjonen og insisterte på at han vart utført uavhengig av gruppa Svart september. Israel hevda at Arafat til sjuande og sist hadde kontroll over desse organisasjonane, og dermed ikkje hadde slutta med terrorisme.[38]

Same året vart PLO erklært som den «eineståande, legitime representanten for det palestinske folket», og vart gjeven full medlemskap i den arabiske ligaen under eit toppmøte i Rabat.[36] Arafat vart den fyrste representanten frå ein ikkje-statleg organisasjon til å tale under eit plenumsmøte for hovudforsamlinga i FN. I talen sin til FN fordømde Arafat sionismen, men sa vidare: «I dag har eg kome berande på ei olivengrein og pistolen til ein fridomskjempar. Lat ikkje olivengreina falle frå handa mi».[39] Talen skaffa han internasjonal sympati for den palestinske kampsaka si.[36]

Fatah si deltaking i den libanesiske borgarkrigen endre

For meir om dette emnet, sjå Den libanesiske borgarkrigen.

Fatah og Arafat var i byrjinga avventande til å ta side i konflikten, men fekk seinare ei viktig rolle i den libanesiske borgarkrigen. Arafat gav etter for press frå undergrupper av PLO, slik som PFLP, DFLP og den palestinske frigjeringsfronten (PLF), og knytte PLO til den venstreradikale og nasseristiske libanesiske nasjonalrørsla (LNM). LNM var leidd av Kamal Jumblatt, som hadde eit venskapleg tilhøve til Arafat og andre leiarar i PLO. Presidenten i Syria, Hafez Assad, som opphavleg var på lag med Fatah, frykta tap av påverknadskraft i Libanon og bytte side.

Assad sende hæren sin, saman med dei Syria-støtta palestinske fraksjonane as-Sa'iqa og PFLP-GC som var leidde av Ahmed Jibril, for å slåst med dei radikale, kristne høgrefløystyrkane mot PLO og LNM. Den kristne fronten var hovudsakleg samansett av maronittiske falangistar, som var lojale mot Bashir Gemayel og militsen Tigrane. Tigrane var leidde av Dany Chamoun, son av den tidlegare presidenten, Camille Chamoun.[40]

 
Arafat i ein palestinsk flyktningleir i Sør-Libanon i 1978.
Foto: Hans Weingartz

I februar 1975 skaut Tigrane ein viktig, pro-palestinsk, libanesisk parlamentsmedlem, Ma'arouf Sa'ad, grunnleggjaren av Popular Nasserite Organization.[41] Han døydde månaden etter av skadane. Saman med drapet i april same år på 27 bussreisande palestinarar og libanesarar på veg mellom flyktningleirane Sabra og Shatila til Tel el Zaatar, frakta av falangstiske styrkar, var det med på å framprovosere den libanesiske borgarkrigen.[42] Arafat var uvillig til å svare med makt, men mange av dei andre medlemmene i Fatah og PLO var ueinige.[21] Til dømes utførte DFLP fleire åtak mot den libanesiske hæren. I 1976 okkuperte ein allianse av kristne militsar, med støtte frå den libanesiske og syriske armeen, flyktningleiren Tel el Zaatar aust for Beirut.[43][44] PLO og LNM slo tilbake ved å gå til åtak på byen Damur, som var ein falangistisk tilhaldsstad. Over 330 personar vart drepne, og mange fleire vart skadde.[43] Tel el Zaatar tilfall dei kristne etter seks månaders okkupasjon, og deretter følgde ein massakre der tusenvis av palestinarar vart drepne.[45] Arafat og Abu Jihad klandra seg sjølve for at dei ikkje hadde organisert ein vellukka redningsoperasjon.[40]

PLO trappa opp talet på grensekryssande raid mot Israel seint på 1970-talet. Eit av dei kraftigaste var massakren på hovudvegen mellom Haifa og Tel Aviv-Jaffa 11. mars 1978. Ein styrke på nesten eit dusin frå Fatah sjøsette båtane sine nær kystvegen, og kapra deretter ein buss. Både passasjerane på bussen og forbipasserande køyretøy vart skotne mot, og 37 sivile døydde under skytinga.[46][47] IDF sette i gang hemnaksjonen Operasjon «Litani» tre dagar seinare, med det målet å ta kontroll over Sør-Libanon opp til elva Litani. Dei nådde målet, og Arafat trekte PLO-styrkane sine nordover til Beirut.[48]

Fiendskapen mellom PLO og Israel heldt fram etter at israelarane trekte styrkane sine ut av Libanon, sjølv om PLO innførte ein ny, tilbakehalden politikk i perioden frå august 1981 til mai 1982. Han gjekk ut på at dei ikkje skulle svare på provoserande utspel.[49] Ifølgje nokre kjelder vart den israelske invasjonen i 1982 gjennomført for å knuse nasjonalkjensla til palestinarane, ved å eliminere styrkane deira på Vestbreidda og i nærliggjande område.[50] Beirut vart seinare okkupert og bomba av IDF,[40] og like etter erklærte Arafat byen som «IDF sin Hanoi og Stalingrad».[40] Den fyrste fasen i borgarkrigen var no over, og Arafat – som kommanderte Fatah-styrkane i Tel el Zaatar – klarte så vidt å rømme etter hjelp frå saudiarabiske og kuwaitiske diplomatar.[51] For å få ein slutt på okkupasjonen, mekla amerikanske og europeiske styresmakter om ein avtale som garanterte fri passasje for Arafat og PLO. Dei vart difor vakta av ein multinasjonal styrke på 800 soldatar frå US Marines, støtta av US Navy, til eksilet sitt i Tunis.[40]

Arafat drog tilbake til Libanon eitt år etter utkastinga frå Beirut, for å etablere seg i den nordlege byen Tripoli. Nok ein gong vart han forvist, denne gongen av palestinarar som jobba for Hafez Assad. Arafat kom ikkje tilbake til Libanon etter dette, sjølv om fleire av krigarane frå Fatah gjorde det.[40]

Arafat i Tunisia endre

Operasjonssenteret til Arafat og Fatah var basert i Tunis, hovudstaden i Tunisia, fram til 1993. I 1985 overlevde han eit israelsk attentatforsøk då det israelske luftforsvaret bomba hovudkvartera til Arafat med fly av typen F-15, som ein del av Operasjon «Wooden Leg». 73 menneske vart drepne i åtaket, men Arafat overlevde fordi han hadde reist på joggetur den morgonen.[52]

Den fyrste intifadaen endre

1980-talet fekk Arafat økonomisk støtte frå Libya, Irak og Saudi-Arabia, noko som bidrog til at han fekk bygd opp igjen den medtekne PLO-organisasjonen. Dette kom spesielt til nytte under den fyrste intifadaen i desember 1987, som byrja som eit opprør mellom palestinsk ungdom mot Israel sin okkupasjon av Vestbreidda og Gazastripa. Ordet «intifada» er arabisk og tyder bokstavleg tala «jordskjelv» eller berre «skjelv», men det vert brukt meir for å skildre eit opprør.[53]

Det fyrste stadiet i intifadaen kom som ein spontanreaksjon på ei hending ved Erez, der eit israelsk militærkøyretøy hadde køyrt ned og drepe fire palestinske arbeidarar. Nokre veker seinare tok Arafat og PLO over styringa av opprøret (delvis grunna førespunader frå Abu Jihad) som varte fram til 1992–93. Abu Jihad hadde tidlegare fått ansvaret for dei palestinske territoria som var under kontroll av PLO, og i følgje biografen Said Aburish hadde han «imponerande kunnskap om lokale tilhøve» i dei israelskokkuperte territoria. Den 16. april 1988, medan intifadaen byrja å byggje seg opp, vart Abu Jihad drepen i heimen sin i Tunis, visstnok av ein israelsk spesialstyrke. Arafat rekna Abu Jihad som PLO si motvekt til dei lokale palestinske styresmaktene, og arrangerte ein prosesjon for han i Damaskus.[53]

Den mest brukte taktikken til palestinarane under intifadaen var å kaste stein mot israelske stridsvogner, noko som vart eit symbol på opprøret. Lokale styresmakter i fleire byar på Vestbreidda innleidde ikkje-valdelege protestar mot okkupasjonen ved å delta i skattenekt og andre former for boikott. Israel svara gjennom å konfiskere store pengesummar ved å raide husstandar.[53][54] Då intifadaen nærma seg slutten, byrja nye palestinske, væpna grupper – i hovudsak Hamas og Islamsk jihad (PIJ) – å utfordre sivile israelarar med den nye taktikken sjølvmordsbombing. Dei interne stridane blant palestinarane auka dramatisk på dette tidspunktet.[53]

Arafat endrar retning endre

15. november 1988 kunngjorde PLO den uavhengige staten Palestina. I talane sine 13. og 15. desember aksepterte Arafat resolusjon 242 frå tryggingsrådet i FN, som proklamerte Israel sin «rett til å eksistere i fred og tryggleik», og forkasta «terrorisme i alle former, inkludert statsterrorisme».[55][56] Kursendringa til Arafat vart motteken med anerkjenning av den amerikanske regjeringa, som lenge hadde insistert på at resolusjonen var utgangspunktet for offisielle diskusjonar mellom USA og PLO. Utsegnene til Arafat indikerte eit skifte vekk frå ein av grunnsetningane til PLO – Israel sin undergang – og mot opprettinga av to separate entitetar; ein israelsk stat innanfor den grøne linja og ein arabisk stat på Vestbreidda og Gazastripa. 2. april 1989 vart Arafat vald til president over den proklamerte staten Palestina av sentralrådet i det palestinske nasjonalrådet (PNC), som er ein del av PLO.[53]

I forkant av Gulfkrigen i 1990–91, då intifadaen byrja å stilne, gjekk Arafat ut med offentleg støtte til Saddam Hussein sin invasjon av Kuwait, og motsette seg dermed den USA-styrte koalisjonen mot Irak. Han tok den avgjerda utan godkjenning frå dei andre medlemmene av Fatah og PLO. Den høgre handa til Arafat, Abu Iyad, ynskte å halde seg nøytral og gjekk imot ein allianse med Saddam. Abu Iyad vart drepen i eit attentat 17. januar 1991 av den pro-irakiske Abu Nidal-organisasjonen. Avgjerda til Arafat forverra òg tilhøvet til Egypt og mange av dei oljeproduserande arabiske statane som støtta den USA-styrte koalisjonen. Fleire amerikanarar tolka attpåtil avgjerda til Arafat slik at han ikkje lenger var ein fredsven. Etter at krigen tok slutt, valde fleire arabiske statar å stoppe den økonomiske støtta si til PLO, og byrja heller å gje finansiell støtte til den rivaliserande organisasjonen Hamas og fleire andre islamske grupper.[53]

I 1990, i ein alder av 61, gifte Arafat seg med den 27 år gamle palestinske, kristne Suha Tawil, etter å ha møtt henne for fyrste gong under det fyrste besøket sitt i Frankrike i 1989. Før giftarmålet hadde ho jobba som sekretær for Arafat i Tunis etter at mora hennar introduserte henne for han i Paris.[57][58] Før han gifte seg, adopterte Arafat femti palestinske barn som hadde vorte foreldrelause etter krigen.[59]

Arafat var nok ein gong nær døden 7. april 1992, då flyet hans krasjlanda under ein sandstorm i den libyske ørkenen. To pilotar og ein teknikar døydde, medan Arafat unnslapp forslått og rysta.[60]

Palestinsk sjølvstyre og fredsforhandlingar endre

Oslo-avtalen i 1993 endre

 
Yitzhak Rabin, Bill Clinton og Arafat under Oslo-avtalen 13. september 1993.
Foto: Vince Musi / Det kvite huset

Tidleg på 90-talet deltok Arafat og fleire av leiarane i Fatah i ei rekkje hemmelege møte og forhandlingar med dei israelske styresmaktene, noko som førte til Oslo-avtalen i 1993.[38][61] Avtalen dreidde seg om å setje i verk palestinsk sjølvstyre på delar av Vestbreidda og Gazastripa over ein femårsperiode, i tillegg til umiddelbar stopp og gradvis fjerning av dei israelske busetnadene i desse områda. Avtalen medførte òg oppretting av ein palestinsk politistyrke, som skulle setjast saman av lokale rekruttar og utanlandske palestinarar, for å patruljere områda der sjølvstyret var innført. Styringa over slikt som utdanning og kultur, sosialtrygd, direkte skattlegging og turisme, ville verte overført til den palestinske interimregjeringa. Begge partar godtok òg opprettinga av ein komité som skulle etablere samarbeid og koordinering med visse økonomiske sektorar, inkludert hjelpesystem, industri, handel og kommunikasjon.[62][63]

Før han skreiv under på avtalen, signerte Arafat to brev – på vegner av PLO som formann og offisiell representant i organisasjonen – der han tok avstand frå vald og offisielt anerkjende Israel som stat. Som motyting erklærte statsminister Yitzhak Rabin den same anerkjenninga av PLO, på vegner av Israel.[64]

Året etter vart Arafat og Rabin tildelte Nobels fredspris, saman med Shimon Peres.[65] Prisen vart utdelt av Kåre Kristiansen, som deretter trekte seg frå Nobelkomiteen i protest mot at fredsprisen vart tildelt Arafat, som han omtalte som «den leiande terroristen i verda».[66] Palestinarane sin reaksjon på Oslo-avtalen var blanda. Avvisingsfronten i PLO allierte seg med islamistar i ein felles opposisjon mot avtalen. Han vart òg avvist av palestinske flyktningar i Libanon, Syria og Jordan, samt fleire framståande palestinarar og lokale leiarar i dei palestinske territoria. Derimot var innbyggjarane i territori generelt positive, både til avtalen og til Arafat sin lovnad om fred og økonomisk velvære.[67]

Ny territorial styresmakt endre

Mellom vilkåra i Oslo-avtalen var semja om at Arafat skulle innføre ei PLO-styresmakt på Vestbreidda og Gazastripa. Han insisterte på at økonomisk støtte var nødvendig for å etablere denne styresmakta, og for å sikre avtaleaksept blant palestinarane i desse områda. I 1991 nekta dei tidlegare, økonomiske støttespelarane, dei arabiske gulfstatane, å finansiere Arafat og PLO med donasjonar av nokon storleik, grunna sympatien hans for Irak under Gulfkrigen.[67] Ahmed Kurei, som var ein av nøkkelpersonane i Fatah under forhandlingane i Oslo, annonserte offentleg at PLO hadde gått konkurs.[68]

I 1994 flytte Arafat til Gaza by, som var eit av territoria under kontroll av dei palestinske sjølvstyresmaktene (PNA) – ein provisorisk instans som vart oppretta under forhandlingane i Oslo.[65] Arafat vart president og premierminister i PNA, øvstkommanderande for PLA og formann i PLC Etter at PNA vart erklært som den offisielle styresmakta til palestinarane i juli, vart den mellombelse lovsamlinga «Basic Law» publisert av PLO.[69] Arafat heldt fram med å gjere strukturelle endringar i PNA. Han etablerte først ein eksekutivkomité (eller regjering) som hadde tjue medlemmer, og tok seg deretter òg fridomen å erstatte og tilsetje ordførarar og bystyre i dei større byane, mellom andre Gaza og Nablus. Han byrja å tilordne ansvar til dei ikkje-statlege organisasjonane for utdanning, helse og sosiale saker under eigen kontroll, ved å erstatte dei folkevalde leiarane og direktørane med eigne, lojale leiarar frå PNA. Han valde deretter seg sjølv til formann for den palestinske, finansielle organisasjonen som vart danna av Verdsbanken, for å kunne setje inn mesteparten av utviklingshjelpa til å hjelpe denne nye palestinske instansen.[67]

Arafat danna ein palestinsk politistyrke som vart kalla for Preventive Security Service (PSS) og vart starta opp 13. mai 1994. Han var hovudsakleg samansett av soldatar frå PLA og frivillige palestinarar frå utlandet. Arafat sette Mohammed Dahlan og Jibril Rajoub til å leie organisasjonen.[67] Amnesty International skulda Arafat og leiinga i PNA for slurvete etterforsking av maktmisbruket som føregjekk i PSS (inkludert tortur og drap). Politiske motstandarar og dissidentar var blant offera, og i tillegg arresterte organisasjonen fleire menneskerettsaktivistar.[70] 24. juli 1995 fødde kona til Arafat, Suha, dotter deira i Sorbonne i Frankrike. Ho fekk namnet Zahwa etter den avlidne mora til Arafat.[58]

 
Yasir Arafat i Folketinget i København i 1999.

I perioden november–desember 1995, besøkte Arafat dusinvis av palestinske byar som var evakuerte av israelske styrkar, inkludert Jenin, Ramallah, al-Bireh, Nablus, Qalqilya og Tulkarem, og erklærte dei for «frigjorde». PNA fekk òg kontroll over postvesenet på Vestbreidda i denne perioden.[71] 20. januar 1996 vart Arafat vald til president for PNA, med overveldande 88,2 % av stemmene (motkandidaten var velgjerdsarbeidaren Samiha Khalil). Valkandidatane var få, ettersom Hamas, DFLP og andre opposisjonelle folkerørsler valde å boikotte presidentvalet. Den overlegne sigeren til Arafat sikra Fatah 51 av dei 88 mandata i PLC. Etter valet vart Arafat ofte referert til som Ra'is («president» på arabisk), men sjølv omtala han seg som «generalen».[72] I 1997 skulda PLC leiinga i PNA for økonomisk vanstyre, noko som førte til at fire medlemmer av regjeringa til Arafat leverte inn oppseiing. Arafat nekta derimot å fråtre stillinga si.[73]

Andre fredsavtalar endre

 
Arafat med regjeringsmedlemmer frå PNA ved eit møte i København i 1999.
Foto: Hans Andersen

I midten av 1996 vart Benjamin Netanyahu vald til statsminister i Israel med ein margin på berre éin prosent. Tilhøvet mellom palestinarar og israelarar vart stadig meir fiendtleg ettersom konflikten varde.[74] Trass i forliket mellom Israel og PLO, var Netanyahu sterkt imot ein palestinsk stat.[75] I 1998 vart dei to leiarane overtalde til å møtast av presidenten i USA, Bill Clinton. På møtet vart Wye-avtalen, framforhandla. Han inneheldt ein detaljert plan for korleis dei israelske styresmaktene og PNA skulle fullføre fredsforhandlingane.[76]

Arafat heldt fram forhandlingane med etterfølgjaren til Netanyahu, Ehud Barak, under toppmøtet på Camp David i juli 2000. Barak tilbaud Arafat ein palestinsk stat som opphavleg skulle omfatte 73 % av Vestbreidda og heile Gazastripa. Forslaget gjekk ut på at den palestinske kontrollen over Vestbreidda skulle auke til 90 % over ein periode på mellom ti og tjuefem år, men innebar framleis israelsk kontroll over Jerusalem. Tilbodet opna òg for tilbakeføring av eit mindre tal flyktningar, og kompensasjon til dei som ikkje fekk løyve til å vende tilbake. Arafat takka nei til tilbodet frå Barak, og nekta å kome med eit umiddelbart motkrav.[61] Han informerte president Clinton om at «den arabiske leiaren som vil overgje Jerusalem er ikkje fødd endå».[77]

 
Arafat med Ehud Barak og Bill Clinton under toppmøtet på Camp David i 2000.
Foto: US Government Photo

Forhandlingane heldt fram under Taba-forhandlingane i januar 2001. Denne gongen trekte Ehud Barak seg ut av samtalane for å føre ein kampanje før valet i Israel.

I slutten av september 2000 gjennomførte den israelske opposisjonsleiaren Ariel Sharon eit omstridt besøk ved Klagemuren. Denne hendinga, samt den i utgangspunktet spende situasjonen førte til blodige samanstøytar mellom palestinarar og israelsk politi dei nærmaste dagane.[78] I løpet av dei fyrste ti dagane var over 80 døde, dei fleste palestinarar. Samtidig vedtok tryggingsrådet i FN ein resolusjon som fordømde Israel sin bruk av vald mot palestinarane. I resolusjonsteksten la Tryggingsrådet indirekte skulda på opposisjonsleiaren Ariel Sharon for å ha framprovosert valden og samanstøytane den siste veka.[79][80] Konflikten eskalerte endå meir og førte utover hausten til fleire kraftige sjølvmordsbombingar som vart gjennomførte av palestinske militære grupper. Desse aksjonane vart følgde opp kraftig av israelske militære motåtak, noko som førte til utbrotet av den andre intifadaen. Fredsprosessen fekk ein brå slutt etter at Ariel Sharon vann valet i februar 2001. Det palestinske valet var opphavleg planlagt i januar 2002, men vart utsett etter at det vart sagt at intifadaen og krisesituasjonen gjorde det umogleg å føre ein kampanje, samt fordi IDF sette restriksjonar på rørslefridomen i dei palestinske territoria. Same månad gav Sharon ordre om at Arafat skulle sperrast inne i mukataen sin i Ramallah, som følgje av ei sjølvmordsbombing i den israelske byen Hadera.[77] Presidenten i USA, George W. Bush, støtta handlinga til Sharon, og hevda at Arafat var «eit hinder for fridommen».[81]

Kamp for politisk eksistens endre

Tilhøvet til Hamas og andre militære grupper endre

Arafat overlevde, personleg og politisk, i svært lang tid. Ifølgje vestlege ekspertar, var dette eit teikn på den meisterlege assymmetriske krigføringa og dei taktiske evnene hans, når ein ser på dei ekstremt farlege tilhøva i politikken i Midtausten og dei mange attentata.[82] Somme trur at han overlevde hovudsakleg på grunn av Israel si frykt for at han ville verte ein martyr for den palestinske kampsaka si dersom han vart drepen eller berre arrestert av Israel.[83] Andre trur at Israel unnlét å handle mot Arafat, fordi dei frykta Arafat mindre enn Hamas og andre islamske rørsler med høgare oppslutnad enn Fatah. Tilhøva mellom USA, Israel, Saudi-Arabia og dei andre arabiske statane var både skrøpelege og komplekse, noko som òg bidrog til den lange fartstida til Arafat som leiaren til palestinarane.[82]

Arafat si evne til å tilpasse seg nye taktiske og politiske situasjonar, vart kanskje sett på prøve av framveksten til organisasjonane Hamas og Islamsk jihad. Dette var islamske grupper som gjekk mot Israel sin eksistens, og som tok i bruk nye taktikkar som sjølvmordsbombing, ofte mot ikkje-militære mål som kjøpesenter og kinoar, for å gjere mest mogleg psykologisk skade og ta flest mogleg sivile liv. På 1990-talet såg desse gruppene ut til å vanskeleggjere arbeidet til Arafat med å oppretthalde ein samla, sekulær og nasjonalistisk organisasjon som hadde som mål å danne ein eigen stat.[82] Arafat såg ikkje ut til å ha nokon innflytnad eller kontroll over desse gruppene, som aktivt kjempa imot Fatah. Enkelte hevdar òg at Arafat godtok handlingane deira for å leggje meir press på Israel.[53]

I 2002 kom den arabiske ligaen med eit tilbod om å anerkjenne Israel mot at dei trekte seg ut av alle territoria som vart okkuperte under seksdagarskrigen, i tillegg til danninga av ein palestinsk stat under styring av PNA.[84] Like etter utførte Hamas eit åtak som tok livet av tjueåtte sivile israelarar som feira pesah.[85] Israel svara med å setje i gang Operasjon «Defensive Shield», ein stor militær offensiv i fleire byar på Vestbreidda.

Enkelte israelske embetsmenn påstod i 2002 at al-Aqsa-martyrbrigadane, ei væpna undergruppe av Fatah, utførte åtaka mot Israel for å konkurrere med Hamas.[86] Den 6. mai gav dei istraelske styresmaktene ut ein rapport, delvis basert på stolne dokument frå Israel sin okkupasjonen av hovudkvarteret til Arafat i Ramallah. Denne inneheldt kopiane av nokre brev som Arafat hadde skrive under, der han tillét finansiering av brigaderen til al-Aqsa-martyrane og aktivitetane deira.[87]

Forsøk på marginalisering endre

Dei israelske styresmaktene prøvde i lengre tid å marginalisere Arafat ved å finne ein annan leiar for det palestinske folket, men utan hell. Arafat naut brei oppslutnad i grupper som, når ein ser på hans eiga historie, normalt ville ha kvidd seg for å forhandle med eller støtte han. Marwan Barghouti (ein leiar i al-Aqsa-martyrbrigadane) vart sett på som ein mogeleg erstattar under den andre intifadaen, men han vart arrestert av israelarane for deltaking i drapa på tjueseks sivile. Barghouti vart dømd til fem livstidsdommar.[88]

Arafat fekk først forlate mukataen den 3. mai, etter at intense forhandlingar enda i eit forlik. I same bygget som Arafat var det seks militære personar frå PFLP, inkludert generalsekretæren Ahmed Sadat, som òg var innesperra. Desse var ettersøkte av Israel, men skulle etter avtalen sleppe både å verte overførte til Israel eller å verte haldne i forvaring av PNA. I staden skulle eit britisk-amerikansk tryggingsapparat sikre at dei vart fengsla i Jeriko. Mennene vart seinare tekne til fange av Israel i ein nattoperasjon mot fengselet i 2006.[89] Saman med ein lovnad om at Arafat skulle ta ein telefon på arabisk til palestinarane for å stoppe åtaka på Israel, vart han sleppt fri.[90] Telefonsamtalen tok han 8. mai, men i likskap med tidlegare forsøk vart ytringane hans oversedde.[91] I 2003 gjekk Arafat av som premierminister etter press frå USA, og vart etterfølgd av Mahmoud Abbas.[92]

I 2004 erklærte president Bush at han droppa Arafat som ein framtidig forhandlingspartnar.[93] Arafat hadde eit blanda tilhøve til leiarane av andre arabiske land, og støtta deira såg ut til å auke kvar gong han var under press frå Israel. Dette viste seg tydeleg då Israel annonserte i 2003 at dei i prinsippet hadde avgjort at dei ville fjerne han frå den israelskstyrte Vestbreidda.[77] Etter oppmoding frå Ariel Sharon om at Arafat skulle utestengast frå dei palestinske territoria på livstid, kom Arafat med eit svar i eit intervju hjå den arabiske fjernsynskanalen Al-Jazeera: «Er det hans [Sharon sitt] heimland, eller vårt? Vi vart plasserte her før profeten Abraham kom, men det ser ut som om dei [israelarane] ikkje forstår verken historie eller geografi».[77]

Økonomiske transaksjonar endre

 
Arafat ved det årlege møtet i Verdas økonomiske forum i 2001.
Foto: Remy Steinegger, World Economic Forum

I august 2002 sa sjefen for det israelske militære etterretningsdirektoratet Aman, at den personlege formuen til Arafat var på 1,3 milliardar dollar,[94] men viste ikkje til handfaste prov for å byggje oppunder denne påstanden. I 2003 tok det internasjonale pengefondet (IMF) ein gjennomgang av rekneskapane til PNA, der det vart slått fast at Arafat plasserte offentlege midlar for 900 millionar dollar på ein bankkonto han kontrollerte saman med den øvste finansrådgjevaren i styresmakta. IMF hevda derimot at det ikkje var noko lovbrot knytt til dette, og vektla at mesteparten av midlane var brukte til å investere i palestinske eigedelar, både internt og utanlands.[95][96]

I 2003 byrja òg ei gruppe amerikanske revisorar å undersøkje tilhøva rundt økonomien til Arafat – innleidd av finansdepartement til Arafat. Dei hevda at delar av formuen til den palestinske leiaren var i ein hemmeleg portefølje på nesten 1 milliard dollar, med investeringar i mellom anna eit tapperi for Coca-Cola i Ramallah og eit tunisisk mobiltelefonselskap, samt i venturefond i USA og på Caymanøyane. Leiaren av undersøkinga sa at «sjølv om pengane i porteføljen kom frå offentlege midlar som palestinske skattar, vart omtrent ingenting av det brukt på det palestinske folket, men derimot kontrollert av Arafat. Heller ingen av desse transaksjonane vart offentleggjorde.»[97]

Arafat levde ein nøysam livsstil, men vart likevel kritisert av Dennis Ross, tidlegare forhandlar i Midtausten for presidentane George H.W. Bush og Bill Clinton. Han hevda at pengane til Arafat finansierte eit enormt vernesystem som var kjent som nypatrimonialisme. Ifølgje Salam Fayyad, ein tidlegare leiar av Verdsbanken som vart utnemnd til finansminister i PNA av Arafat i 2002, kunne varehandelsmonopolet til Arafat sjåast på som svindel overfor sitt eige folk, «spesielt i Gaza som er fattigare, noko som er fullstendig uakseptabelt og umoralsk». Fayyad hevda vidare at Arafat brukte 20 millionar dollar frå offentlege midlar til å betale leiinga i tryggingsapparatet til PNA (Preventive Security Service) åleine.[97]

EU gjennomførte ei undersøking av påstandar om at deira eigne midlar vart misbrukte av dei palestinske styresmaktene, men fann ingen prov på at dei finansierte terrorhandlingar.[98] Fuad Shubaki, den tidlegare finansielle rådgjevaren til Arafat, fortalde det israelske tryggingsapparatet Shin Bet at Arafat brukte fleire millionar dollar av utviklingshjelpa til å kjøpe våpen og til støtte av militære grupper.[99]

Sjukdom og død endre

Med åra vart helsetilstanden til Arafat redusert, noko som først viste seg då han kasta opp under eit møte. Talsmannen til Arafat omtala det heile som influensa, etter at dei fyrste rapportane om medisinsk handsaming nådde det offentlege 25. oktober 2004. Tilstanden hans forverra seg dei påfølgjande dagane.[100] Legar frå mellom anna Tunisia, Jordan og Egypt vart seinare henta inn i eit forsøk på å diagnostisere og hjelpe han. Det vart klart at Arafat skulle fraktast med eit jetfly som høyrde til Frankrike til Percy militærsjukehus i Clamart, ein forstad til Paris. Som ein forutsetnad vart det avtala at Israel ikkje skulle hindre han i å vende tilbake.[101]

Koma endre

Ifølgje ein av legane, leid Arafat av idiopatisk trombocytopenisk purpura (ITP), ein kroppstilstand der pasienten har unormalt få sirkulerande blodplater.[100] 3. november fall han i ein gradvis djupare koma. Dei påfølgjande dagane herska det ein viss tvil om helsa til Arafat, med mistankar om at han var ramma av forgifting eller aids.[102] Ulike kjelder spekulerte i om Arafat var komatøs, i ein «vegetativ tilstand» eller død, men dei palestinske styresmaktene og den jordanske legen til Arafat avviste påstandane om at Arafat var hjernedød og vart halden kunstig i live.[103]

Deretter oppstod det ein kontrovers mellom leiarar i PNA og Suha Arafat, då fleire av leiarane reiste til Frankrike for å besøkje Yasir Arafat. Suha sa at «dei prøver å gravleggje Abu Ammar [Arafat] levande».[104] Det franske rettssystemet forbyr legar å diskutere pasientane sin tilstand med nokon som helst, med unntak av nære pårørande i tilfelle med dystre prognosar.[105] Følgjeleg måtte all informasjon om helsa til Arafat verte godkjend av kona hans, noko som hindra den palestinske delegasjonen i å besøkje han på sjukehuset. Fleire palestinske leiarar uttrykte misnøye med at nyhenda om Yasir Arafat vart «filtrerte» gjennom henne.[106]

Dagen etter melde sjefskirurgen Christian Estripeau ved Percy at tilstanden til Arafat hadde forverra seg, og at han hadde falle i ein endå djupare koma.[107] Sjeik Taissir Tamimi, leiaren av det islamske rettsvesenet i dei palestinske territoria, besøkte Arafat og erklærte at det var uaktuelt å kople han frå respiratoren, sidan ei slik handling ifølgje han sjølv var forboden i islam. Han heldt derimot ei vakenatt ved sengekanten til Arafat.[77]

Dødsfall og reaksjonar endre

Arafat vart erklært død kl. 03.30 UTC den 11. november 2004, i ein alder av 75 år. Den nøyaktige dødsårsaka er ukjend. Tamimi skildra det som «eit svært smertefullt syn».[77] Då det var annonsert at Arafat var død, gjekk det palestinske folket inn ein tilstand med djup sorg, der sørgjande koranske bøner runga ut frå høgtalarane til moskéane og bildekk brann i gatene. Nettstaden Socialist World skildra det heile med desse minneorda: «Mange palestinarar vil sjå på dødsfallet til Yasir Arafat med ei blanding av sorg og eit ynske om at den palestinske styresmakta han leidde, hadde gjort mykje meir for å ende fattigdomen og undertrykkinga som øydelegg livet deira».[108]

Avisa Canard Enchaîné rapporterte like etter om påstått informasjonslekkasje av ikkje namngjevne medisinske kjelder ved Percy, som hadde tilgang til Arafat og helsedokumenta hans. Ifølgje avisa frykta legane, allereie då Arafat kom til sjukehuset, store leverskadar som medførte endring i blodsamansetnaden. Arafat vart difor lagt inn på ei hematologiavdeling, men leukemi vart raskt utelukka. Den same kjelda hevda òg at han vart diagnostisert med skrumplever, men at dette ikkje kunne offentleggjerast, fordi skrumplever normalt vert assosiert med konsekvensane av alkoholmisbruk.

Sjølv om diagnosen ikkje gjaldt alkoholisk skrumplever og Arafat ikkje var kjend for å konsumere alkohol, verka rykta sanne for mange. Kjelda skreiv vidare at levetilhøved til Arafat gjorde lite for å betre situasjonen. Dermed slo dei fast at det var fleire årsaker til sjukdomen; komaen var ein konsekvens av ein stadig forverra skrumplever. Den franske avisa Le Monde siterte legar som sa han leid av «ein uvanleg blodsjukdom og eit leverproblem».[109]

Etter at Arafat var død fortalde det franske forsvarsdepartementet at helsedokumenta til Arafat berre ville verte overførte dei nærmaste pårørande. Det vart fastslått at nevøen til Arafat og PNA-utsending til FN Nasser al-Kidwa var ein nær nok slektning. Han fekk utlevert ein kopi av helsedokumenta til Arafat på 558 sider av det franske forsvarsdepartementet, og sa deretter at han ville trasse ynska til Suha Arafat og offentleggjere innhaldet for det palestinske folket av politiske årsaker.[110]

Påstandar om forgifting og aids endre

I september 2005 skreiv den israelske avisa Haaretz at franske ekspertar ikkje var i stand til å fastslå dødsårsaka til Arafat. Avisa siterte ein israelsk aidsekspert, som hevda at Arafat hadde alle symptoma på aids. Denne hypotesen vart seinare forkasta av den amerikanske avisa The New York Times.[111]

Ashraf al-Kurdi, som var den personlege legen til Arafat i meir enn tjue år og som òg var lege for fleire kongar av Jordan, erklærte seinare at det ikkje vart nemnt noko om ein slik infeksjon i den medisinske rapporten til Arafat.[112] Ein annan israelsk lege skreiv i ein artikkel i avisa Haaretz at det var «eit klassisk tilfelle av matforgifting», som truleg kom av eit måltid han hadde ete fire timar før han vart dårleg. Maten skal ha kunne innehalde eit giftstoff, slik som ricin, i staden for ei vanleg bakteriell forgifting. Den same veka publiserte derimot The New York Times ein eigen rapport, som òg var basert på tilgang til sjukejournalen til Arafat. Der vart det hevda at Arafat mest truleg ikkje var ramma av aids eller matforgifting.[111][113] Begge publikasjonane spekulerte vidare i om dødsårsaka kunne ha vore ein infeksjon av ukjend natur eller opphav.

Rykta om matforgifting har likevel vorte hyppig diskuterte verda rundt, spesielt i dei arabiske miljøa. Al-Kurdi klaga over det faktumet at kona til Arafat, Suha, ikkje ville tillate nokon obduksjon, noko som kunne ha gjeve svar på mange spørsmål som framleis er usvara.[112][114] I 2005 ynskte al-Kurdi at det skulle etablerast ein uavhengig kommisjon som skulle leie etterforskinga av det mystiske dødsfallet til Arafat, og sa at «alle leger ville ha fortalt deg at dette er symptom på forgifting».[112][114] Han hadde tidlegare fortalt nyhendebyrået Associated Press at Arafat hadde eit aidsvirus og at «det vart gjeve til han for å skjule gifta».[112]

Claude Goasguen, ein medlem av den franske nasjonalforsamlinga, etterlyste ein parlamentarisk granskingskomité for dødsfallet til Arafat i eit forsøk på å avlive alle falske rykte. Dei franske styresmaktene insisterte på at det ikkje fanst noko prov på at Arafat hadde vorte forgifta, og at dei ville ha sett i gang ei etterforsking dersom det hadde vore mistanke om det.[115]

Gravferd endre

 
Grava til Arafat ved presidentkontora til PNA i Ramallah i 2004.

Den 11. november heldt franske, militære æresvakter ei minnemarkering for Arafat på ein militær flyplass i nærleiken av Paris.[116] President Jacques Chirac stod åleine ved sidan av kroppen til Arafat i omtrent ti minutt, som eit siste teikn på respekt for leiaren han omtala som «ein mann med mot».[117] Dagen etter vart Arafat flogen til hovudstaden i Egypt, Kairo, for den offisielle, militære gravferdsseremonien, før han vart gravlagd i Ramallah seinare same dag. Fleire statsoverhovud, statsministrar og utanriksministrar var til stades under gravferda.[118] Den høgtståande storimamen og storsjeiken i Egypt Sayyid Tantawi leidde bønnene før prosesjonen.[101]

Israel avslo Arafat sitt ynske om å verte gravlagd nær al-Aqsa-moskéen eller nokon stad i Jerusalem, og viste til problem knytte til tryggleiken.[119] Etter prosesjonen i Kairo vart kroppen til Arafat «mellombels» lagd i det tidlegare hovudkontoret hans i Ramallah. Seremonien vart sett av fleire tusen palestinarar.[101] Etter at sjeik Taissir Tamimi oppdaga at Arafat var feilaktig gravlagd, og i ei kiste – noko som ikkje er tillate ifølgje islamsk lov – vart Arafat gravlagd på nytt om morgonen 13. november, omtrent kl. 03.00.[120] Den 10. november 2007, nesten 3 år etter at Arafat var død, avduka Mahmoud Abbas eit mausoleum for Arafat i nærleiken av den mellombelse grava, til ære for han.[121]

Etter Arafat endre

Etterfølgjar endre

PLC-formann Rawhi Fattuh tok over for Arafat som interimpresident i PNA allereie før han var død. Generalsekretær i PLO Mahmoud Abbas vart vald til formann i PLO, og Farouk Kaddoumi vart leiar av Fatah.[122] PNA og leiinga ved dei palestinske flyktningleirene i Libanon melde om 40 dagar sørging over Arafat.[101] Abbas vann presidentvalet i januar 2005 med god margin, noko som forsterka posisjonen hans som etterfølgjar til Arafat og palestinarane sin leiar.

Arafat si rolle og tyding endre

Arafat oppnådde nokre av måla til rørsla si før han døydde – men ikkje alle. Opprettinga av ein palestinsk stat ved sida av den jødiske har de facto hendt, men ikkje på langt nær etter dei grensene som det vart snakka om i 1948. Staten har ei eiga, folkevald palestinsk regjering og ein president, men er militært og økonomisk langt underlegen den jødiske nabostaten. Arafat nådde ikkje hovudmålet sitt – ein uavhengig palestinsk stat med Jerusalem som hovudstad.

Han bygde ikkje opp ein etterfølgjar som fekk ein samlande posisjon etter at han var død, tvert imot meiner enkelte observatørar at Arafat var ein leiar som representerte eit «minste felles multiplum», med ei samlande evne til å kompromisse og føre forhandling som ikkje kunne halde fram etter epoken hans.[123] Yasir Arafat var ein omstridd leiar som med åra opplevde både internasjonal anerkjenning og kritikk frå ulike hald. Synet på han varierte sterkt; mange palestinarar såg på han som ein heltefigur som kjempa for rettane deira, medan mange israelarar og amerikanarar rekna han for å vere ein terrorist og fiende.[124]

I nesten eit halvt hundreår var Arafat symbolet på palestinsk nasjonalisme og sjølvstendekamp. Den internasjonale statusen hans endra seg mykje gjennom tidene. På 1960-talet vart han kjend som terrorist – ein leiar som søkte fokus på palestinarane sin kamp gjennom spektakulære terroråtak mot Israel, der òg uskuldige sivile vart drepne. På 1970-talet fekk Arafat større anerkjenning som politikar. Han tala i FN for fyrste gong 13. november 1974, og vart etter det av mange regjeringar sett på som ein «statsleiar utan land», sjølv om han framleis vart assosiert med utanompolitiske og valdelege aktivitetar frå 1960-talet. På 1980-talet byrja Arafat å få meir støtte frå vestlege land, mykje på grunn av det israelske engasjementet mot massakrar og valdeleg politikk. Etter kvart fekk PLO observatørstatus i FN, og dei palestinske sjølvstyreområda har dette i dag.[125]

1990-talet vart Arafat rekna som pragmatisk moderat, og vart ein reell forhandlingsmotpart for dei israelske motstandarane sine. Høgdepunktet vart underteikninga av Oslo-avtalen framfor Det kvite huset i 1993, og 1994 då han fekk Nobels fredspris saman med Shimon Peres og Yitzhak Rabin. Mange israelarar forsona seg med Arafat i desse åra.[126] Tilbakeslaget kom då fredsgarantisten Rabin vart drepen, og ein uforsonleg Benjamin Netanyahu overtok som forhandlingsmotpart. Etter Netanyahu følgde Ariel Sharon som den sterke mannen i Israel, og var endå meir uforsonleg overfor palestinarane sitt krav på anerkjende landområde.[127]

Arafat var i vanskeleg terreng då han prøve å få i gang forhandling med Israel, eit land som organisasjonen hans i lang tid ønskte å utslette som sjølvstendig stat. Allereie i 2000 var fredsforhandlingane i realiteten stranda, då Israel nekta dei mange millionar palestinske flyktningane frå 1948 tilbakereise til heimane sine i Israel. For Arafat var det uaktuelt å svikte saka til flyktningane og krav på eigne hus og eigedomar som var overtekne av jødar femti år tidlegare. Løysinga vart å godta den nye intifadaen og valden mot israelske mål i det stille – ein feilslått strategi dersom målet var å få Israel til å vedgå noko ved forhandlingsbordet.

I 2001 vart posisjonen og populariteten til Arafat svekt. Andre meir radikale grupper voks fram og samla brei støtte grunna misnøye med Oslo-avtalen, motstand mot eit meir uforsonleg Israel og manglande sosial framgang i sjølvstyreområda. Utbreidd korrupsjon og dårleg styring bidrog til misnøya. Krigaren Arafat hadde større evner enn den sivile statsleiaren Arafat, som heldt både Mahmoud Abbas og Ahmed Kurei (Abu Ala) nede utan å byggje opp nokon arvtakar.[127]

Israelske aksjonar mot den palestinske infrastrukturen, mellom anna mot politiet, hadde gjort det tilnærma umogeleg for Arafat å utøve noka særskild makt. Han undertrykte Hamas, men heldt fram med den håplause forhandlingsviljen sin overfor Israel under intifadaen – noko som styrkte omdømet til Hamas og måla eit bilete av Arafat som svak og ettergjeven overfor Israel.[128] Samtidig støtta Arafat sjølv radikale grupper og åtak på israelsk jord i det stille, ettersom han opplevde lite samarbeid med israelske leiarar og fredsforhandlingane ikkje leidde fram. Han utvikla ein utydeleg dobbeltposisjon der han vart innhenta av historia og av Hamas si tiltrekking som like tydelege og uforsonlege som dei israelske motpartane. Det var forhandlingsverket til Arafat som etter at Rabin var død forvitra på begge sider av dei nye grensene, utan at han sjølv klarte å frigjere seg frå forhandlingsvegen. Han døydde dermed isolert – som ein forsoningsmann i ei tid då få palestinarar og israelarar ønskte forsoning.

Merknader endre

  1. Mohammed Abdel Rahman Abdel Raouf Arafat al-Kidwa al-Husseini, arabisk محمد عبد الرحمن عبد الرؤوف عرفات القدوة الحسيني

Kjelder endre

  1. Arafat hevda sjølv at han vart fødd 4. august 1929, men etter at fødselsattesten hans vart funnen i Kairo, vart det slått fast at den rette fødselsdatoen hans er 24. august 1929.
  2. Nokre kjelder brukar tittelen formann framfor president, men det arabiske ordet for begge titlane er det same.
  3. 3,0 3,1 Said Aburish (1998). From Defender to Dictator. New York: Bloomsbury Publishing. s. 33–67. ISBN 1-58234-049-8.  [Aburish skriv at datoen for opprettinga av Fatah er uviss, men hevdar at han vart avslørt i magasinet til organisasjonen i 1959.
    Zeev Schiff, Raphael Rothstein (1972). Fedayeen; Guerillas Against Israel. McKay, s.58; Schiff og Rothstein hevder at Fatah vart danna i 1959.
    Salah Khalaf og Khalil al-Wazir hevdar at det fyrste formelle møtet i Fatah var i oktober 1959. Sjå Anat N.Kurz (2005) Fatah and the Politics of Violence: The Institutionalization of a Popular Struggle. Brighton, Portland: Sussex Academic Press (Jaffee Centre for Strategic Studies), s.29–30]
  4. Lee Hockstader (11. november 2004). «A Dreamer Who Forced His Cause Onto World Stage». Washington Post. Henta 31. oktober 2007. 
  5. Usikkert og omdiskutert. Dei fleste kjeldene, inkludert Tony Walker, Andrew Gowers, Alan Hart og Said Aburish, oppgjev Kairo som fødestaden til Arafat, medan andre oppgjev Jerusalem som fødestad, så vel som Gaza. Sjå her og her for meir informasjon. Nokre trur òg at Jerusalem som fødestad kanskje kan ha vore eit lite kjent rykte som er starta av KGB.[1].
  6. Johnston, Elgin H. og Jerold C. Mathews. A History of Palestine 1900–1950, s. 1063. Addison-Wesley, Sydney, Australia, 1978. ISBN 978-0-321-00682-0
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 7,5 Said Aburish (1998). From Defender to Dictator. New York: Bloomsbury Publishing. s. 7–32. ISBN 1-58234-049-8. 
  8. «Yasser Arafat: Homeland a dream for Palestinian Authority Chief». CNN News. Henta 15. september 2007. 
  9. Dany Rubenstein (1995). The Mystery of Arafat. New York: Steerforth Press. s. 38. ISBN 1883642108. 
  10. Said Aburish (1998). From Defender to Dictator. New York: Bloomsbury Publishing. s. 46. ISBN 1-58234-049-8. 
  11. Alan Hart (1994). Arafat. Sidgwick & Jackson. s. 99. ISBN 978-0-283-06220-9. 
  12. Phillip Mattar (12. november 2000). «Biography of Khalil Wazir (Abu Jihad)». Encyclopedia of the Palestinians. Facts on File; 1. utgave. Henta 17. juli 2007. 
  13. 13,0 13,1 13,2 13,3 13,4 13,5 13,6 13,7 Said Aburish (1998). From Defender to Dictator. New York: Bloomsbury Publishing. s. 33–67. ISBN 1-58234-049-8. 
  14. Hassan Khalil Hussein. Abu Iyad, Unknown Pages of his Life. s. 64. 
  15. John K. Cooley (1973). Green March, Black September. Frank Crass & Co. s. 100. ISBN 0-7146-2987-1. 
  16. Bassam Abu Sharif og Uzi Mahmaini (1996). Tried by Fire. Time Warner Paperbacks. s. 33. ISBN 0751516368. 
  17. Andrew Gowers og Tony Walker (1991). Behind the Myth: Yasser Arafat and the Palestinian Revolution. Interlink Pub Group Inc. s. 65. ISBN 0940793865. 
  18. Michael Oren (2003). Six Days of War, June 1967 and the Making of the Modern Middle East. New York: The Random House Publishing Group. s. 33–36. ISBN 0-345-46192-4. 
  19. 19,0 19,1 19,2 19,3 19,4 19,5 19,6 19,7 Said Aburish (1998). From Defender to Dictator. New York: Bloomsbury Publishing. s. 69–98. ISBN 1-58234-049-8. 
  20. Said Aburish (2004). Nasser, The Last Arab. New York: Thomas Dunne Books. ISBN 031228683X. 
  21. 21,0 21,1 21,2 Yezid Sayigh (1997). Armed Struggle and the Search for State, the Palestinian National Movement, 1949–1993. Oxford University Press. ISBN 0198296436. 
  22. John Bulloch (1983). Final Conflict: The War in Lebanon. London: Century Publishing. s. 165. ISBN 0712601716. 
  23. Neil Livingstone og David Halevy (1990). Inside the PLO. Reader's Digest Association. s. 80. ISBN 978-0-7090-4548-9. 
  24. «The Guerrilla Threat In the Middle East». Time. 13. desember 1968. Henta 24. august 2007. 
  25. Helena Cobban (1984). The Palestinian Liberation Organization, Power, People and Politics. Cambridge University Press. s. 39. ISBN 0521272165. 
  26. 26,0 26,1 26,2 Said Aburish (1998). From Defender to Dictator. New York: Bloomsbury Publishing. s. 100–112. ISBN 1-58234-049-8. 
  27. Sergio Ortega (2000). «This Is a Hijack». AirOdyssey.net. Henta 24. august 2007. 
  28. 28,0 28,1 «Black September in Jordan 1970–1971». Armed Conflict Events Data. 16. desember 2000. Henta 17. juli 2007. 
  29. Mahran Rasheda (ukjent utgjevingsår). Arafat, the Difficult Number. Dar al-Hayan. s. 175–181.  [arabisk]
  30. 30,0 30,1 30,2 Said Aburish (1998). From Defender to Dictator. New York: Bloomsbury Publishing. s. 122–125. ISBN 1-58234-049-8. 
  31. Deborah Sontag (20. april 1999). «2 Who Share a Past Are Rivals for Israel's Future». The New York Times. s. seksjon A, side 3, kolonne 1. 
  32. Aaron Klein (2005). Striking Back: The 1972 Munich Olympics Massacre and Israel's Deadly Response. New York: Random House. ISBN 1920769803. 
  33. Robert Berger (5. september 2002). «Munich Massacre Remembered». CBS News. MMII, CBS Worldwide Incorporate. Henta 17. juli 2007. 
  34. Benny Morris (2001). Righteous Victims: A History of the Zionist-Arab Conflict, 1881–2001. Vintage Books. s. 383. ISBN 9780679744757. 
  35. «Political Program Adopted at the 12th Session of the Palestine National Council». Permanent Observer Mission of Palestine to the United Nations. 8. juni 1974. 
  36. 36,0 36,1 36,2 Said Aburish (1998). From Defender to Dictator. New York: Bloomsbury Publishing. s. 140–142. ISBN 1-58234-049-8. 
  37. «The Seizure of the Saudi Arabian Embassy in Khartoum» (PDF). U.S. Department of State. 4. mai 2006. 
  38. 38,0 38,1 Said Aburish (1998). From Defender to Dictator. New York: Bloomsbury Publishing. s. 252–261. ISBN 1-58234-049-8. 
  39. «Yasser Arafat's UN General Assembly speech, November 13, 1974 Arkivert 2008-07-04 ved Wayback Machine
  40. 40,0 40,1 40,2 40,3 40,4 40,5 Said Aburish (1998). From Defender to Dictator. New York: Bloomsbury Publishing. s. 150–175. ISBN 1-58234-049-8. 
  41. «Mohammed Zaatari Saad loses final battle against cancer». Lebanonwire. 26. juli 2002. 
  42. Noam Chomsky (1999). The Fateful Triangle: The United States, Israel and the Palestinians. USA: South End Press. s. 184. ISBN 0896086011. 
  43. 43,0 43,1 «The Civil War... 1975, Regional Intervention». The Lebanese-American Association. 
  44. William Harris (1996). Faces of Lebanon. Sects, Wars, and Global Extensions. Markus Wiener Publishers. s. 162–165. ISBN 1558761152. 
  45. I Faces of Lebanon. Sects, Wars, and Global Extensions s.162–165, hevdar William Harris at «kanskje 3 000 palestinarar, hovudsakleg sivile, døydde under okkupasjonen og etterspelet». Denne kjelda hevdar at 2 000 vart drepne, [2] medan denne sida seier fleire tusen, [3].
  46. «What happened at Ma'alot, Kiryat Shmona, and other terrorist targets in the 1970s?». Palestine Facts. Henta 5. oktober 2007. 
  47. «133 Statement to the press by Prime Minister Begin on the massacre of Israelis on the Haifa - Tel Aviv Road- 12 March 1978». Det israelske utanriksdepartementet. 12. mai 1978. 
  48. «Time Line: Lebanon Israel Controls South». BBC News. 9. oktober 2007. Henta 9. oktober 2007. 
  49. Noam Chomsky (1999). Fatal Triangle. s. 346. 
  50. Mordechai Bar-On, sitert i Noam Chomsky (1999). Fatal Triangle. s. 355–356. 
  51. «The Battle of Tel al-Zaatar». Liberty 05. 
  52. «92 Press Conference Following Israel Air Force Attack on PLO base in Tunis». Israeli Ministry of Foreign Affairs. 1. november 1985. 
  53. 53,0 53,1 53,2 53,3 53,4 53,5 53,6 Said Aburish (1998). From Defender to Dictator. New York: Bloomsbury Publishing. s. 201–228. ISBN 1-58234-049-8. 
  54. A Matter of Justice: Tax Resistance in Beit Sahour-Nonviolent Sanctions. Albert Einstein Institution. 1992. 
  55. «Yasser Arafat, Speech at UN General Assembly Geneva, General Assembly 13 December 1988». Le Monde Diplomatique. 13. desember 1988. 
  56. «Arafat Clarifies Statement to Satisfy U.S. Conditions for Dialogue». Jewish Virtual Library. Henta 18. juli 2007. 
  57. Said Aburish (1998). From Defender to Dictator. New York: Bloomsbury Publishing. s. 246–247. ISBN 1-58234-049-8. 
  58. 58,0 58,1 «Profile: Suha Arafat-Blonde, convent-educated and with a rumored penchant for designer suits, Suha Arafat makes an unlikely wife for the leader of the Palestinian resistance.». BBC News. 17. november 2005. Henta 21. juli 2007. 
  59. «Milestones» i Time Magazine 19. desember 1994
  60. «Timeline: Yasser Arafat». FOX News. 8. februar 2005. Henta 27. juni 2007. 
  61. 61,0 61,1 James Carter (2006). Palestine Peace Not Apartheid. New York: Simon & Schuster, Inc. s. 147–150. ISBN 978-0-7432-8502-5. 
  62. «Israel 1991 to Present: Oslo Accords, What were the details of the Oslo Accords». palestinefacts.org. 2007. Henta 24. august 2007. 
  63. «Agreement on the Gaza Strip and the Jericho Area». The American-Israeli Cooperative Enterprise. 2007. Henta 24. august 2007. 
  64. «Israel-PLO Recognition: Exchange of Letters Between PM Rabin and Chairman Arafat». U.S State Department Bureau of Near Eastern Affairs. 3. september 1993. Henta 24. august 2007. 
  65. 65,0 65,1 «1994: Israelis and Arafat share peace prize». BBC News. 3. september 1993. Henta 24. august 2007. 
  66. «Kåre Kristiansen er død» på Aftenposten.no
  67. 67,0 67,1 67,2 67,3 Said Aburish (1998). From Defender to Dictator. New York: Bloomsbury Publishing. s. 262–292. ISBN 1-58234-049-8. 
  68. Mohammed Heikal (1996). Secret Channels. HarperCollins Publishing. s. 479. ISBN 0006383378. 
  69. «Constitution of Palestine (1994)» på Wikisource, oppretta 26. juli 2006, vitja 12. april 2008.
  70. Fabio Forgione (oktober 2004). «The Chaos of Corruption, Challenges for the improvement of the Palestinian Society: VI. PA security service, 1. Abuses, torture and infringements of the law». The Palestinian Human Rights Monitoring Group (PHRMG). Henta 4. november 2007. 
  71. «Palestine Facts: 1994-1995». Palestinian Academic Society for the Study of International Affairs (PASSIA). 15. mars 2008. 
  72. Judith Miller (10. november 2004). «Obituary: Yasir Arafat, Palestinian Leader, Dies at 75». New York Times. Henta 25. november 2007. 
  73. Said Aburish (1998). From Defender to Dictator. New York: Bloomsbury Publishing. s. 293–320. ISBN 1-58234-049-8. 
  74. «Profile: Binyamin Netanyahu-Binyamin Netanyahu was one of the most right-wing and controversial leaders in Israel's history.». BBC News. 20. desember 2005. 
  75. «Hardliners Gain Around Likud Vote». BBC News. 9. desember 2002. Henta 21. juli 2007. 
  76. «The Wye River Memorandum». The State of Israel (omsett frå hebraisk). 1998. Henta 24. august 2007. 
  77. 77,0 77,1 77,2 77,3 77,4 77,5 «Yasser Arafat (1929–2004)» (PDF). PASSIA. 11. desember 2004. 
  78. «Tre drept i blodig sammenstøt». Dagbladet. 30. september 2000. Henta 22. desember 2008. «I det blodigste sammenstøtet mellom palestinere og israelsk politi på fire år ble tre mennesker drept og 175 skadd i Jerusalem i går.» 
  79. «Sikkerhetsrådet fordømmer Israels voldsbruk». Dagbladet. 8. oktober 2000. Henta 22. desember 2008. «I resolusjonsteksten legger Sikkerhetsrådet indirekte skylden på opposisjonslederen Ariel Sharon for å ha provosert fram urolighetene og sammenstøtene den siste uka da han besøkte Al-Aqsa-moskeen i Jerusalem i forrige uke.» 
  80. «Resolution 1322 (2000)» (PDF). United Nations Security Council. 7. oktober 2000. Henta 22. desember 2008. «Condemns acts of violence, especially the excessive use of force against Palestinians, resulting in injury and loss of human life. Deplores the provocation carried out at Al-Haram Al-Sharif in Jerusalem on 28 September 2000, and the subsequent violence there and at other Holy Places, as well as in other areas throughout the territories occupied by Israel since 1967, resulting in over 80 Palestinian deaths and many other casualties» 
  81. «Mid-East press reflects on Arafat legacy: Israeli newspaper Maariv». BBC News. 5. november 2004. Henta 17. september 2007. 
  82. 82,0 82,1 82,2 Said Aburish (1998). From Defender to Dictator. New York: Bloomsbury Publishing. s. 321–325. ISBN 1-58234-049-8. 
  83. Lisa Beyer (12. november 2004). «A Life in Retrospect: Yasser Arafat». Time. s. 2. Henta 24. august 2007. 
  84. Ami Isseroff (12. november 2004). «The Arab Peace Initiative». MEW 2002. Henta 26. august 2007. 
  85. «Al-Aqsa Intifada timeline: 2002». BBC News. 29. september 2004. Henta 11. september 2007. 
  86. Jeremy Bowen (7. november 2003). «Palestinian Authority funds go to militants». BBC News. Henta 26. august 2007. 
  87. Dani Naveh (6. mai 2002). «The Involvement of Arafat, PA Senior Officials and Apparatuses in Terrorism against Israel- Corruption and Crime». Ministry of Foreign Affairs - The State of Israel. Henta 15. oktober 2007. 
  88. «Profile: Marwan Barghouti». BBC News. 13. desember 2004. Henta 11. september 2007. 
  89. «Israel holds militant after siege», BBC News 14. mars 2006.
  90. Daniel Pipes (6. mai 2002). «Arafat's Failure May Offer Seeds of Hope». Los Angeles Times. Henta 7. oktober 2007. 
  91. Serge Schmemann (22. september 2002). «Arafat Remains Defiant Amid Rubble of His Compound». New York Times. Henta 17. februar 2006. 
  92. Khalil Amayreh (23. juli 2003). «Arafat vs Abbas». Al-Ahram Weekly. Henta 17. februar 2006. 
  93. G. Robert Hillman (19. september 2003). «Bush dismisses Arafat as Partner, Pushes for New Leader». The Dallas Morning News. Henta 21. juli 2007. 
  94. Gideon Alon og Amira Hass (14. august 2002). «MI chief: terror groups trying hard to pull off mega-attack». Haaretz. Henta 21. juli 2007. 
  95. Karim Nashashibi; Adam Bennett (20. september 2003). «Business & Economy: IMF audit reveals Arafat diverted $900 million to account under his personal control». The Electronic Intifada. Henta 21. juli 2007. 
  96. For eit generelt oversyn over den avgjerande viktigskapen av utanlandsk sponsing i fredsprosessen, og PNA sin bruk av slik bistand, sjå Rex Brynen, A Very Political Economy: Peacebuilding and Foreign Aid in the West Bank and Gaza, United States Institute of Peace Press, 2000.
  97. 97,0 97,1 Lesley Stahl (9. november 2003). «Arafat's Billions, One Man's Quest To Track Down Unaccounted-For Public Funds». CBS News. Henta 21. juli 2007. 
  98. Rue Wiertz (21. januar 2003). «EU funding to the Palestinian Authority: Commissioner Patten responds to a letter from Mr. Laschet, MEP». European Union External Relations. Henta 26. september 2007. 
  99. Yaakov Katz (17. mai 2006). «Arafat used aid to buy weapons». JPost. Henta 21. juli 2007. 
  100. 100,0 100,1 «Ending of Yasser's Life». Palestine: The Mystery Country. 
  101. 101,0 101,1 101,2 101,3 Peter Biles (12. november 2004). «Arafat's funeral held in Cairo: Mystery illness». BBC News. Henta 2. november 2007. 
  102. «Hospital concealment strengthens suspicion: Arafat died of AIDS». Israel Insider (Koret Communications). 11. november 2004. 
  103. Jim Lindgren (4. november 2004). «Arafat: If he is "brain-dead," he is dead». The Volokh Conspiracy.  (France-Press)
  104. Julie Stahl (11. august 2004). «'They're Trying to Bury My Husband Alive' Suha Arafat Says». CNS News. Henta 11. oktober 2007. 
  105. «Code de la santé publique». Legifrance. 5. mars 2002. Henta 25. februar 2009. 
  106. «Top Palestinians arrive in Paris 'Apologize'». BBC News. 11. august 2004. Henta 11. oktober 2007. 
  107. «Arafat's health unchanged: French official». China View (Xinhua News Agency). 7. november 2004. 
  108. Rotem og Gal (11. november 2004). «Palestinians mourn Arafat but struggle for liberation will continue». Maavik Sotzialisti (Socialist World News). Henta 21. juli 2007. 
  109. «Palestinians head to Paris to probe Arafat's death». Oscar-Tango (Despardes Inc.). 17. november 2004. Henta 26. september 2007. 
  110. «Arafat doctors found 'no poison'». BBC News. 22. november 2004. Henta 2. oktober 2007. 
  111. 111,0 111,1 «Cause of Arafat death 'unknown'». BBC News. 8. september 2005. 
  112. 112,0 112,1 112,2 112,3 Danny Rubenstein (8. september 2005). «Arafat's doctor: There was HIV in his blood, but poison killed him». Haaretz. 
  113. «Arafat’s doctor wants autopsy». Associated Press. 12. november 2004. Henta 12. desember 2007. 
  114. 114,0 114,1 Steven Erlanger og Lawrence K. Altman (8. september 2005). «Medical Records Say Arafat Died From a Stroke». The New York Times. Henta 26. september 2007. 
  115. «Debate on the Death of Yasser Arafat». Un site auFeminin.com Network / Reuters. 17. november 2004. Henta 2. september 2007. 
  116. Sarah Left (11. november 2004). «Arafat begins final journey». Guardian Unlimited. Henta 4. desember 2007. 
  117. «Arafat's Body Arrives in Cairo Ahead of Ceremony on Friday». The New York Times. 11. november 2004. Henta 6. desember 2007. 
  118. «Arafat's funeral: Who was there». BBC News. 12. november 2004. Henta 2. november 2007. 
  119. «Israel Plans for Arafat Burial in Gaza». Associated Press. 4. november 2004. Henta 21. juli 2007. 
  120. «No way to die». Guardian Unlimited. 16. desember 2004. 
  121. «Arafat mausoleum opened by Abbas». BBC News. 10. november 2007. Henta 10. november 2007. 
  122. Roger Hardy (1. desember 2004). «Who could follow Arafat?». BBC News. Henta 2. november 2007. 
  123. Omar Barghouti (13. november 2004). «The Passing of Arafat - With Him Goes the Two-State Solution». CounterPunch. 
  124. Jed Babbin (11. november 2004). «In Chaos, Opportunity - What Arafat’s death means for Israel, and for us». National Review. 
  125. FN – einingar som har permanent observatørstatus i FN.
  126. Ran HaCohen (12. november 2004). «How to Remember Arafat». Antiwar.com. 
  127. 127,0 127,1 Erik Sagflaat (6. november 2004). «President uten land». Dagsavisen. 
  128. Mark Taylor (17. april 2007). «Palestinsk selvbestemmelse» (PDF). Eurozine. 

Bakgrunnsstoff endre

  Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Yasir Arafat
  Commons har multimedium som gjeld: Yasir Arafat
Nettstader
Bøker