Yavarí er ei elv i Amazonasbassenget og ei sideelv til Amazonaselva. Ho er grenseelv mellom Peru og Brasil i nesten heile lengda på 1 184 km. I hovudsak er retninga for vassføringa mot nordaust. Dei fjernaste kjeldene til elva ligg i Loreto-regionen i Peru, om lag 50 km vest for grensepunktet mellom Peru og delstatane Acre i Brasil og Amazonas i Brasil. Utlaupet ligg få kilometer sør før treriksgrensa Colombia, Brasil og Peru. Øvre del av Yavarí har namnet Yaquerana. Dei største sideelvane til Yavarí er Atalaia do Northe og Curuca, begge renn i retning nord frå Brasil. I Peru er dei største sideelvane Galvez og Yavarí Mirim.

Det finst mange busettingar ved elva, ein av desse har flyplass, Colonia Angamos, han ligg der Galvez sluttar seg til Yavarí. Matsésfolket har territoriet sitt ved Yavarí.