Yaya Touré

ivoriansk fotballspelar

Gnégnéri Yaya Touré (fødd 13. mai 1983 i Bouaké) er ein ivoriansk fotballspelar som i 2014 spela for Manchester City i engelsk Premier League, og for landslaget til Elfenbeinskysten.

Yaya Touré
Personleg informasjon
Fullt namn Gnégnéri Yaya Touré
Fødd 13. mai 1983
Fødestad Bouaké
Høgd 191 cm
Posisjon Midtbanespelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Manchester City
Nummer 24
Ungdomsklubbar
1996-2001 Elfenbeinskysten ASEC Mimosas
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2001-03
2003-05
2005-06
2006-07
2007-10
2010-
Belgia Beveren
UKraina Met. Donetsk
Hellas Olympiakos
Monaco Monaco
Spania Barcelona
Manchester City
70 (3)
33 (3)
19 (3)
27 (5)
74 (4)
0 (0)
Landslag
2004- Elfenbeinskysten Elfenbeinskysten 45 (5)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 15. april 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 15. januar 2010

Touré forlét Elfenbeinskysten som 18-åring i 2001 og drog til Europa, først Beveren i Belgia, så Metalurh Donetsk i Ukraina, Olympiakos i Hellas og Monaco. I 2007 vart han kjøpt av det spanske topplaget Barcelona for 9 millionar euro. Han debuterte for Barcelona 26. august 2007. I 2008/09-sesongen var han ei stund ute av førstelaget til fordel for Sergio Busquets, men han vann plassen sin tilbake på nyåret i 2009. I finalen i Meisterligaen i 2009 spelte han som midtstoppar, men til vanleg spelar han som defensiv midtbanespelar. Han har vunne serien i Elfenbeinskysten i 2001 med ASEC Mimosas, den greske ligaen og cupen med Olympiakos i 2006, den spanske ligaen og cupen i 2009 og den europeiske Meisterligaen i 2009. I 2013/14-sesongen vart han Manchester City sin toppskårar i serien.

Touré har spelt for Elfenbeinskysten sitt landslag sidan 2004. Storebroren hans, Kolo Touré er òg ivoriansk landslagsspelar i fotball.