Yellowknife (uttalt /ˈjɛloʊnaɪf/) er hovudstaden og den største byen i Nordvestterritoria i Canada, med 18 700 innbyggjarar (2006). Byen ligg på nordsida av Great Slave Lake, på vestsida av Yellowknife Bay, nær munningen til elva Yellowknife. Byen har ei blanding av etnisitet og fem offisielle språk er utbreidd: engelsk, fransk, dene suline, dogrib og sør og nord slavey. På dogrib heiter byen Somba K'e («der pengane er»). Byen vart først busett i 1935, etter at det vart funne gull i området. Byen voks fram som ein viktig regional handelsstad, og vart hovudstad i 1967. Etter at gruvedrifta vart redusert, voks Yellowknife på 1980-talet fram meir som ein administrasjonsby. Nye funn av diamantar nord for byen kan kanskje endre denne trenden.

Yellowknife
by
Yellowknife sentrum
Motto: Multum In Parvo ('Mykje på ein liten stad.')
Kallenamn: The Knife, YK
Land  Canada
Provins Nordvestterritoria
Høgd 206 m
Areal 136 km²
Folketal 18 700  (2006)
Folketettleik 177,7 / km²
Tidssone MST (UTC-7)
Postnummer X1A
Retningsnummer 867
Kart
Yellowknife
62°26′32″N 114°23′51″W / 62.442222222222°N 114.3975°W / 62.442222222222; -114.3975
Wikimedia Commons: Yellowknife
Giant Mine i utkanten av byen

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Yellowknife