Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Yme».
Sjå òg saturnmånen Ymir

Yme (Ymir) var urjotunen i den norrøne gudelæra. Frå han stamma alle jotnane, og av kroppen hans laga æsene Odin, Ve og Vilje jorda etter at dei drap han. I den yngre Edda kallar Snorre han Aurgjelme. Andre namn på han er Ymer, Ym og Blåin.

Drapet på Yme av Lorenz Frølich.

Jotunen blei til i Ginnungagap då eld frå Muspelheim og is frå Niflheim møttest. Han levde på mjølk frå Audhumbla. Jotnane blei til frå sveitten frå armholene og skrittet hans.

Odin og brørne hans drap Yme for å stoppa straumen av jotnar; dei fleste av desse drukna då òg i blodet hans. Sjølve kjempekroppen blei til jorda, blodet blei til sjøar og hav, beina til fjell, og tennene og beinbitar til sand og steinar, håret hans til skogar og åmer frå kjøtet hans blei dvergar. Skallen til Yme blei sett over Ginnungagap og blei til himmelen, halden oppe av dei fire dvergane Austre, Vestre, Søndre og Nordre. Hjernen hans kasta Odin til vinden der han blei til skyer.

Saturnmånen Ymir, Ymefeltet i Nordsjøen og Ymerbukta i IsfjordenSvalbard er namngjevne etter urjotunen.

Sjå òg endre