Yoann Gourcuff

fransk fotballspelar

Yoann Miguel Gourcuff (fødd 11. juli 1986 i Ploemeur i departementet Morbihan) er ein bretonsk fransk fotballspelar. Han har spela på midtbanen for Lyon i Ligue 1 og det franske landslaget.

Yoann Gourcuff
Personleg informasjon
Fullt namn Yoann Miguel Gourcuff
Fødd 11. juli 1986
Fødestad Ploemeur i Frankrike
Høgd 186 cm
Posisjon Midtbanespelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Olympique Lyonnais
Nummer 29
Ungdomsklubbar
1997-2001
1998-2001
2001-03
Frankrike Lorient
Frankrike PEF Ploufragan
Frankrike Rennes
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2003-06
2006-09
2008-09
2009-10
2010-
Frankrike Rennes
Italia Milan
Frankrike Bordeaux (lån)
Frankrike Bordeaux
Frankrike Lyon
66 (6)
36 (1)
37 (12)
32 (6)
1 (0)
Landslag
2006-08
2008-
Frankrike Frankrike U21
Frankrike Frankrike
18 (4)
22 (1)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga
‡ Landslagsmål oppdatert 22. juni 2010

Gourcuff er son av Christian Gourcuff, trenaren til førstedivisjonslaget Lorient, der Gourcuff begynte karrieren sin. Han drog til Rennes i 2001 og debuterte på seniornivå der. Frå 2006 til 2009 spelte han for den italienske toppklubben Milan, men vart aldri fast på A-laget der. I 2008 gjekk han på lån til Bordeaux, og i 2009 vart overgangen permanent. Han vart kåra til årets franske spelar og årets spelar i Ligue 1 i 2009.

Gourcuff debuterte for Frankrike sitt A-landslag 20. august 2008 som innbytar i ein vennskapskamp mot Sverige. Han skåra det første landslagsmålet sitt mot Romania 11. oktober 2008. Under kvalifiseringskampane til fotball-VM i 2010 spelte Gourcuff fast som offensiv midtbanespelar for Frankrike.