Yoldiahavet er namnet på Austersjøen mot slutten av den siste istida for kring 10 300 til 9 600 år sidan. Yoldiahavet hadde då samband med Nordsjøen i vest over det som i dag er låglandet sentralt i Sverige, og det var dette havet som avsette yoldialeire.

Havet gjekk gradvis over til Ancylussjøen, den neste fasen i utviklinga av Austersjøen, etter kvart som landhevinga skaut fart i Skandinavia og stengde opninga mot Nordsjøen.

Namnet på havet kjem etter ein arktisk musling, Portlandia arctica (tidlegare kalla Yoldia arctica) som er funnen rundt Stockholm. Denne muslingen krev kaldt, salt sjøvatn og var her berre i denne perioden då salt vatn strøymde inn frå Nordsjøen i tida før isbreane hadde rokke å smelta og tilført ferskvatn.

Kjelder endre