Yoshi er ein fiktiv dinosaur, kjent frå Nintendo-spel. Han debuterte som bifigur i spelet Super Mario WorldSuper Nintendo Entertainment System, med ei beskjeden rolle som Mario sitt ridedyr, men har seinare fått sine eigne spelseriar, som Yoshi's StoryNintendo 64. Yoshi har sidan vore med i spel som Mario Kart, Mario Tennis og Mario Party.

Kjenneteikn endre

Det særeigne med Yoshi er salen, tunga, evna til å lage egg og hoppeevna. Yoshi var fyrst eit ridedyr for Mario og Luigi, men han har òg på seg salen i spel kor han spelar andre roller. Det er lett å tru at salen er eit skjelpaddeskal og difor ta Yoshi for å vere ein skjelpadde i slekt med Koopa Troopa-ar og liknande Nintendo-figurar, men dette er ikkje meir enn ei vanleg mistolking.

Den lange, klissete tunga til Yoshi har ei nykelrolle i fleire spel. Tunga si nyttar Yoshi til å få tak i frukt, fiendar, myntar osv. på avstand. Kva han gjer med det han får tak i varierer frå spel til spel, men i hovudsak kan svelgde fiendar nyttast til å lage egg, som Yoshi seinare kan kaste. Yoshi kan sjeldan ha med seg meir enn seks egg med seg på ein gong.

I dei fleste spel kor Yoshi spring om kring og kan hoppe, kan han halde seg flygande ei lita stund ved å spinne med beina. I nokre spel kan Yoshi gjere dette igjen og igjen, men søkke litt lågare for kvar gong, i andre spel er det avgrensa til eitt slikt sprang mellom kvar gong han røyrer bakken.

Bakgrunnsstoff endre