You Never Can Tell

You Never Can Tell
Singel av Chuck Berry
frå albumet St. Louis to Liverpool
B-side

«Brenda Lee»

Utgjeve August 1964
Innspelt Januar 1964
Sjanger Rock and roll
Lengd 2:43
Selskap Chess
Komponist Chuck Berry
Tekstforfattar Chuck Berry
Låtskrivar(ar) Chuck Berry
Produsent Leonard Chess, Philip Chess
Chuck Berry-kronologi 
«No Particular Place to Go»
(1964)
You Never Can Tell «Promised Land»
(1964)


«You Never Can Tell» er ein song av Chuck Berry. Songen vart opphavleg gjeven ut i 1964 på albumet St. Louis to Liverpool. Songen kom òg på singel og nådde 14. plass på den amerikanske singellista. «You Never Can Tell» nådde 14. plassen på singellista i USA og vart den siste songen hans som nådde lista før «My Ding-a-Ling» gjekk heilt til topps i oktober 1972. Songen vart ein countryhit for Emmylou Harris i 1977, og songen er òg blitt spelt av Chely Wright, John Prine, New Riders of the Purple Sage, Jerry Garcia Band,[1] Bruce Springsteen og Bob Seger.

Skildring endre

Songen skildrar bryllaupet til eit ungt par og hendingane etterpå, som det å leve i ein møblert leilegheit, kjøpe ein familiebil og reise på bryllaupsreise til New Orleans. Refrenget i songen vert gjenteke fem gonger: «'C'est la vie', say the old folks, it goes to show you never can tell».[2]

Pulp Fiction endre

Songen vart ei kort stund populær etter at han medverka i Quentin Tarantino-filmen Pulp Fiction i 1994. Musikken vart spelt under ein dansekonkurranse der rollefigurane til John Travolta og Uma Thurman deltok.

Andre versjonar endre

Emmylou Harris-versjonen endre

(You Never Can Tell) C'est La Vie
Singel av Emmylou Harris
frå albumet Luxury Liner
B-side

«Hello Stranger»

Utgjeve 2. februar 1977
Sjanger Rockabilly
Lengd 3:27
Selskap Warner Bros.
Komponist Chuck Berry
Tekstforfattar Chuck Berry
Låtskrivar(ar) Chuck Berry
Produsent Brian Ahern
Emmylou Harris-kronologi 
«Light of the Stable»
(1976)
(You Never Can Tell) C'est La Vie «Making Believe»
(1977)


Emmylou Harris si innspeling av «You Never Can Tell» heiter «(You Never Can Tell) C'est La Vie» og var den første singelen frå albumet Luxury Liner i 1977.

Harris hadde sunge Chuck Berry-songar som medlem av ein visetrio tidleg i karrieren. Ho valde å spele inn Berry-songen etter å ha lytta mykje til gamle rock and roll-songar på turné.[3] Med seg på innspelinga har ho framtredande Cajun-fele frå Ricky Skaggs og songen vart spelt inn 10. august 1976 i Enactron Truck, eit mobilt tudio eigd av produsenten Brian Ahern.

Singelen kom ut 2. februar 977 og klatra til sjetteplassen på C&W-lista i Billboard i april. Songen nådde òg fjerdeplassen i Nederland og femteplassen i flamsk Belgia, i tillegg til ein 41. plass i Tyskland.

Andre endre

Kjelder endre

  1. «Jerry Garcia Band, 10-31-92, Oakland Coliseum Arena, Oakland». Shakedown Blog. Henta juli 2010.
  2. Robert Miklitsch (April 2006). Roll Over Adorno. s. 14. ISBN 978-0-7914-6733-6. 
  3. Watts, Derek (2008). Country Boy: a biography of Albert Lee. Jefferson NC: McFarland & Co. s. 144. ISBN 978-0-7864-3658-3. 
  4. «Projects: Willie And The Poor Boys - Studio album». BillWyman.com. 4. oktober 2008. Arkivert frå originalen 15. oktober 2011. Henta 7. oktober 2011. 
  5. Springsteen, Bruce (14. november 2013). «Bruce Springsteen - You Never Can Tell». Bruce Springsteen Vevo profile on Youtube (youtube.com/user/BruceSpringsteenVEVO). 

Bakgrunnsstoff endre