Ystad er ein svensk by i Skåne län i landskapet Skåne, 55 km søraust for Malmö. Han er administrasjonssenter for Ystad kommune og i 2020 hadde byen 20 105 innbyggjarar.

Ystad
by
Våpenskjold
Land  Sverige
Areal 1 099 km²
Folketal 20 195 (31. desember 2020)
Kart
Ystad
55°26′05″N 13°49′31″E / 55.434619741448°N 13.825365282235°E / 55.434619741448; 13.825365282235
Wikimedia Commons: Ystad

Han er eit handelssenter for det søraustlege Skåne med verkstads- og næringsmiddelindustri. Byen er òg eit veg- og jernbaneknutepunkt med ferjesamband til RønneBornholm og Šwinoujście i Polen. Ystad er ein turist- og badestad og ein av dei best bevarte mellomalderbyane i Sverige med mange gamle bindingsverkshus. Mariakyrkja er frå kring 1200, medan Gråbrørklosteret er frå 1267. Ystad fekk bystatus på midten av 1200-talet.

Galleri endre

Kjelder endre