Ytre Oslofjord er den delen av Oslofjorden som er sør for (utanfor) Drøbaksundet. Oslofjorden strekkjer seg til Langesund ved Telemarkskysten i sør og går over mot svenskegrensa i aust. Drammensfjorden munnar ut i Ytre Oslofjord ved Hurumlandet. Skjergardskyst pregar landskapet, og både austsida og vestsida av fjorden er ynda plassar for hytteeigarar og ferieturistar. Denne delen av fjorden var frå gamalt av kalla Folden, medan "Oslofjorden" var rekna som innanfor Drøbaksundet. Dette nemnet er opphavet til fylkesnamnet Vestfold (vest av Folden), og i nyare tid Austfold (aust av Folden, tidlegare Borgarsyssel).

Ytre Oslofjord og Verdens Ende på sørspissen av Tjøme. Ein kan sjå Færder fyr i bakgrunnen.

Kjelder endre

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre