Ytre Sandsvær

tidlegare kommune i Buskerud fylke i Noreg

Ytre Sandsvær er ein tidlegare sjølvstendig kommune i Buskerud fylke. Frå 1837 var Ytre Sandsvær del av Sandsvær formannskapsdistrikt.

Efteløt kyrkje i Ytre Sandsvær
Foto: Karl Ragnar Gjertsen

1. januar 1908 vart Sandsvær delt i Ytre Sandsvær med 3 245 innbyggjarar og Øvre Sandsvær med 2 464.

1. januar 1964 vart Ytre Sandsvær, Kongsberg, Øvre Sandsvær, Svene og Jondalen i Flesberg og Øvre Jondalen i Gransherad slått saman til den nye Kongsberg kommune. Ytre Sandsvær hadde ved samanslåinga 3 140 innbyggjarar og eit areal på 284 km². Ytre Sandsvær utgjer sørlege delar av Kongsberg.

Kjelder endre