Yvonne Rüegg (fødd 2. august 1938) er ein sveitsisk, tidlegare skirennar. Rüegg, som er frå Chur, vart olympiameister i storslalåm i 1960.

Yvonne Rüegg


Statsborgarskap Sveits, Italia
Fødd 2. august 1938 (85 år)
Chur
Idrett alpint
Tok del i

alpine skiing at the 1960 Winter Olympics – women's giant slalom

Rüegg vart sveitsisk meister i utfor i 1959. Ho var med i den sveitsiske troppen til vinter-OL 1960 i Squaw Valley. Der gjekk ho heilt til topps i ei jamn storslalåmtevling, to tidels sekund føre sølvvinnaren Penny Pitou frå USA og tre tidels sekund før bronsevinnaren Giuliano Minuzzo frå Italia. Ho kopierte såleis klubbkameraten Roger Staub, då også han vart olympiavinnar 1960 i storslalåm, begge var medlemer av skiklubben Arosa. Rüegg deltok også i OL-utforen, der ho kom på delt niandeplass.

Bakgrunnsstoff endre