Zarajsk (russisk Зара́йск) er ein by i Moskva oblast i Russland med om lag 25 000 innbyggjarar. Han ligg på høgre breidda av elva Osiotr, ei sideelv til Oka, rundt 100 km sør for Moskva.

Zarajsk
Зарайск
Horisonten til
Horisonten til
Flagget til Zarajsk Byåpenet til Zarajsk
Flagget til Zarajsk Byvåpenet til Zarajsk


Plassering
Zarajsk is located in Russland
Zarajsk is located in Moskva oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Moskva oblast
Først nemnt i
Bystatus =
1146
1778
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

24 104
Koordinatar 54°45′55″N 38°53′1″E / 54.76528°N 38.88361°E / 54.76528; 38.88361
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 140600
Retningsnummer (tlf) +7 49666
Bilnummer 50

Zarajsk oppstod på 1100-talet som landsbyen Krasnoje og er ein av dei eldste byane i Moskva oblast. Landsbyen høyrte på denne tida til fyrstane i Rjazan. I 1237 vart landsbyen øydelagd av troppane til Batu Khan. Han vart gjenoppbygd på 1300-talet under namnet Novogorodok. Frå 1528 og framover vart han kalla Nikola Zarazskijs by og det var ikkje før først på 1600-talet at han fekk det noverande namnet Zarajsk. Før 1900-talet var byen ein del av Rjazan gubernija og arkitekturen og dialekten i byen verkar å ligge nærare Rjazan enn til Moskva.

Kremlmur i Zarajsk

Under Storfyrstedømet Moskva var Zarajsk ei av festningane som danna Zasetsjnaja tsjerta, ei festningslinje av felte tre, barrikadar, festningar og grøfter, som vart bygt av russarane som vern mot hordane av Krim- og Kazan-tatarar. I 1531 vart det bygt ein kreml i stein i staden for den tidlegare trefestninga. Tatarane klarte ikkje å ta festninga under sine raid i 1533, 1541 og 1570.

Zarajsk sitt kalksteinskreml står framleis og er ganske godt vedlikehalde. Borga er lita og har ein rektangulær fasong, med berre seks tårn, to av dei ved portane. Av dei fem kyrkjene i Zarajsk er den eldste St. Nikolaskatedralen, innvigd i 1681.

I dag er Zarajsk eit industrisenter i distriktet, med verksemder innan polygrafi, byggematerial, matvarer og fottøy.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.