Zarqa (arabisk الزرقاء, Az Zarqāʼ) er ein by i Jordan nordaust for Amman. Han har kring 400 000 innbyggjarar og er den tredje største i landet etter Amman og Irbid. Zarqa er sete i Zarqa guvernement (arabisk Muhāfazat az-Zarqā). Namnet tyder «den blåe».

Zarqa
الزرقاء
by
Sentrum av Zarqa
Land  Jordan
guvernement Zarqa guvernement
Høgd 619 moh.
Koordinatar 32°05′N 36°06′E / 32.083°N 36.100°E / 32.083; 36.100
Areal 60 km²
Folketal 481 300  (2011)
Folketettleik 8 022 / km²
Grunnlagd 1902
 - kommune sidan 1929
Retningsnummer +(962)5
Kart
Zarqa
32°05′00″N 36°06′00″E / 32.083333333333°N 36.1°E / 32.083333333333; 36.1
Wikimedia Commons: Zarqa, Jordan
Togstasjonen i Zarqa

Zarqa er industrisenteret i Jordan og over 50 % av fabrikkane i Jordan ligg her. Industriveksten i byen har kome av låg bustadkostnader og at han ligg nær hovudstaden AMman. Zarqa vart grunnlagd av immigrantar frå Kaspihavet på byrjinga av 1900-talet, først ved breidda av Zarqaelva. Folkeveksten auka gradvis då Hejaz-banen vart bygd av osmanarane. Basane til den jordanske hæren, som tidlegare vart kalla den arabiske legionen, låg i Zarqa.

Historie endre

Byen vart grunnlagd i 1902 av tsjetsjenarar som vart pressa bort under krigane mellom Det osmanske riket og Russland. Dei slo seg ned langs Zarqaelva. Då jernbanelinja Hejaz vart lagt til busetnaden, vart Zarqa eit viktig jernbaneknutepunkt. 10. april 1905 gav den osmanske guvernøren dei tsjetsjenske nybyggjarane løyve til å eige landområde dei slo seg ned på. Folketalet voks raskt.

Etter den jordanske grensestyrken vart skipa i 1926, vart det bygd militærbasar i byen av den britiske hæren, og Zarqa vart seinare kjend som «militærbyen».[1]

Transport endre

 

Det skal byggast ein ny jernbane frå Amman til Zarqa. Prosjektet er planlagt av eit spansk entreprenørfirma og vert betalt av midlar frå Kuwait.

Utdanning endre

Det er tre universitet i Zarqa: Hashemitt-universitetet, Al-Balqa Applied University i Zarqa og Zarqa private universitet.

Kjelder endre

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 12. desember 2009, henta 13. februar 2010