Zermatt er ein kommune i distriktet Visp i kantonen Valais i Sveits. Kommunen har 5 720 innbyggjarar (2010) og eit areal på 243 km². Landsbykyrkja ligg 1 608 meter over havet. Zermatt ligg øvst i Mattertal, på nordsida av Matterhorn.

Zermatt
Matterhorn sett frå Zermatt
Matterhorn sett frå Zermatt
Matterhorn sett frå Zermatt
Kommunevåpenet til Zermatt
Kommunevåpenet til Zermatt


Plassering
Zermatt is located in
Styresmakter
Land  Sveits
Kanton Valais
Distrikt Visp
Språk tysk
Borgarmeister Christoph Bürgin
Geografi
Flatevidd
 - kommune

242,67 km²
Innbyggjarar
 - kommune (desember 2010)
   - folketettleik

5 720
  23,6 /km²
Koordinatar 46°01′0″N 7°45′0″E / 46.01667°N 7.75000°E / 46.01667; 7.75000
Høgd over havet 1608 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 3920
Nettstad: www.zermatt.ch
I juni er Matterhorn framleis dekt med snø, mens det er vår i Zermatt.

Zermatt er ein svært kjend ski- og turiststad. Landsbyen er bilfri, sjølv om ein får løyve til å ha motorkøyrety av det kantonale politiet. Generelt sett er det fastbuande som får lov til dette. Dei fleste som besøker Zermatt kjem med tog frå Täsch eller Visp.

Zermatt er utgangspunkt for mange vandreturar i Alpane.

Skirennaren Max Julen er frå Zermatt.

Bakgrunnsstoff endre