Zeshan Arild Shakar[1] (fødd 7. september 1982) er ein norsk forfattar.

Zeshan Shakar
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. september 1982 (41 år)
Oslo
Yrke statsvitar, skribent
Ektefelle Mishell Akhtar Shakar

Shakar er oppvaksen på Stovner i Oslo. Han er utdanna statsvitar ved Universitetet i Oslo og har økonomiutdanning frå Handelshøgskolen BI, og arbeider i Oslo rådhus. Shakar debuterte hausten 2017 med romanen Tante Ulrikkes vei, etter vegen på Stovner med same namn. For denne boka mottok han Tarjei Vesaas' debutantpris og bokbloggarprisen.[2][3][4] Boka har òg vorte sett opp som teaterstykke. I 2020 gav han ut den andre romanen sin, Gul bok. Saman med Don Martin skreiv han teaterstykket Linje 5 som hadde premiere på Det Norske Teatret hausten 2020. Shakar vann Neshornprisen i 2020.

Far til Shakar var blant dei første pakistanske arbeidsinnvandrarane i Noreg.[5]

Bibliografi endre

  • Tante Ulrikkes vei – roman, Gyldendal (2017)
  • Gul bok – roman, Gyldendal (2020)
  • De kaller meg ulven – roman, Gyldendal (2022)

Kjelder endre

  1. Hassan, Abdirahman (22. april 2018). «Debutanten fra Stovner» (på norsk bokmål). Henta 8. oktober 2019. 
  2. gyldendal.no: Zeshan Shakar besøkt 28. mai 2018
  3. forfatterforeningen.no: Tarjei Vesaas' Debutantpris til Zeshan Shakar besøkt 28. mai 2018
  4. Aftenposten (26. mai 2018): Tarjei Vesaas' Debutantpris til Zeshan Shakar besøkt 28. mai 2018
  5. Shakar, Zeshan (2018). «Etterord». I Korbøl, Aud og Midtbøen, Arnfinn H: Den kritiske fase - Innvandring til Norge fra Pakistan 1970 - 1973. Side 315. Universitetsforlaget. ISBN 9788215030210.