Zhou-dynastiet var eit dynasti i Kina som kom etter Shang-dynastiet og før Qin-dynastiet. Zhou-dynastiet varte lengre enn noko anna kinesisk dynasti.

Kinesisk historie
Den kinesiske muren
Den kinesiske muren
Sanhuangwudi-perioden (mytologisk)
Xià-dynastiet
Shāng-dynastiet
Zhōu
Vår- og haustannaltida Austlege Zhōu
Dei stridande statane
Qín-dynastiet
Vestlege Hàn Hàn
Xīn
     Austlege Hàn
     Táng-dynastiet
(avbrote av Andre Zhōu)
Republikken Kina (Táiwān)
Den austlege (seinare) utstrekkinga til Zhou-dynastiet.

Tidsmessig avgrensing og inndeling innan perioden endre

Zhou-dynastiet vert inndelt i eit vestleg dynasti med hovudstad i Hao (i følgje fleire forskarar identisk med Zongzhou) (om lag 1122/1045-771 f.Kr.), og i eit austleg dynasti med hovudstad i Chengzhou (no Luoyang) (770-256 f.Kr.). Delelinja er eit åtak av barbarar i 771 f.Kr; dei tok livet av kong Youwang og plyndra hovudstaden.

Ein vanleg tradisjonell finare inndeling av det austlege (seinare) Zhou bygger på eksistensen av rettsannalane for hertugdømet Lu for åra 722-481. Desse annalane gjekk under namnet Vår- og haustannalane, og derfor kjem uttrykket vår- og haustannaltida for perioden 770-476 f.Kr.

Den etterfølgjande tida er gått inn i historia som De stridane rika si tid og dekkjer åra 476-221 f.Kr., altså litt lenger enn sjølve Zhou-dynastiet.

Fram til 841 f.Kr. er dateringa av hendingar uklåre. Kinesiske historiografar nyttar 841 f.Kr. som det første året av den årlege fortløpande tidsrekninga i kinesisk historie, på grunnlag av Sima Qian sitt historieverk Shiji.

Historie endre

Ifølge kinesisk historisk tradisjon fortrengte Zhou-dynastiet Yin-herskarane frå Shang-eraen og legitimerte herredømet sitt ved å vise til det himmelske mandatet. Dette mandatet gjekk ut på at herskaren var «son av himmelen» og at han såleis herska ved guddommeleg rett. Dersom han vart styrta, var det eit teikn på at han hadde mista det himmelske mandatet sitt. Dette kunne berre skje dersom herskaren hadde vist seg å vere ein så dårleg herskar at han mista gunsten til Himmelen.

Det var i denne tradisjon at ein forklarte at Zhang-herskarane sin guddommelege stamfar, Tian-Huang-Shangdi, måtte rangere høgare enn Shang-herskarane sin, som var Shangdi. Slik forsvarte og rettferdiggjorde denne læra Xia- og Shangdynastienes undergang, og underbygde Zhou-herskarane sin rettmessigheit.

Zhou-dynastiet var grunnlagt av Ji-slekta og hadde sin første hovudstad i Hao. Dei delte språk og kultur med Shang (Yin), og dei tidlege Zhou-herskarane utvida gradvis denne kulturen ved erobringar og kolonisering slik at han kom til å dominere det meste av det klassiske Kina nord for Chang Jiang (Yangtzefloden).

Ji-familien klarte lenge å ha fast kontroll med riket sitt. Men i 771 f.Kr., etter at kong You hadde skifta ut dronninga sin med konkubina Baosi, vart hovudstaden plyndar av barbarar og ein styrke kommandert av faren til den forsmådde dronninga, som var den mektige grevinna av Shen. Sonen til dronninga, Ji Yijiu, vart utropt til ny konge av adelsherrane frå statane Zheng, Lu, Qin og grevinna av Shen. I 722 f.Kr. vart hovudstaden flytta austover til i nærleiken av Luoyang i det som i dag er provinsen Henan.

Det tidlege/vestlege Zhou endre

 
Kniv- og spademynter frå Zhou- og Xin-dynastia.

Den siste Yin-kongen, Zhouxin (1154-1122 f.Kr.), var ein tyrann. Han mista mange tilhengjarar og måtte søke støtte hos Huai-barbarane, noko Zhou-fyrsten Wen og seinare etterfølgjaren Wu Wang visste å utnytte til invasjon av Henan. I slaget ved Muye tapte Zhouxin for Wu Wang (regjeringstid 1122-1117 f.Kr.) og vart brent i det nye palasset sitt.

Zhou-herredømet var derimot ikkje sikra med det. Fleire barbarstammer underkastet seg (I-barbarane i aust, Man-barbarane i sør, og Lü-barbarane i vest). Zongzhou/Hao i Weidalen (i dagens Shaanxi-provins) vart hovudstad. Talrike arvingar vart sett inn som lensherrar - og gjorde opprør ved første og beste høve. Den nye Zhou-kongen Cheng Wang (regjeringstid 1115-1078 f.Kr.) klarte derimot ved hjelp frå regenten Dan (onkelen hans) og son hans Bo-kin å sigre til slutt.

Det var under Cheng Wang at de første koparmyntane skal ha vorte innført. Mu Wang (1001-946 f.Kr.) innførte ein ny strafferett som opna for at folk kunne lauskjøpe seg frå fysisk straff (og dermed bidra til statskassen). Mu Wang gjekk laus på Quanrong- (dvs. hunde-)barbarane i nordvest og skal ha klart å trenge heilt fram til Tarimbekkenet. På denne tida ekspanderte og koloniserte Zhou-dynastiet i alle retningar.

Li Wang (878-827 f.Kr.) var ein tyrann som vart jaga vekk frå hovudstaden av eit folkeopprør. Son hans og etterfølgjaren Xuan Wang (827-782 f.Kr.) vart kåra til konge i eksil, og måtte kjempa mot Yanyunbarbarane, som kanskje var eit ryttarfolk. (Dei fleste barbarar kjempa den gong framleis til fots. Mot slutten av livet sitt vart han mannevond og lastefull, og son hans og etterfølgjaren Youwang (781-771 f.Kr.) følgde i far sin sitt fotspor til dei grader at han tapte kvar oppslutning om sitt styre i heile Zhou-riket. Quanrongbarbararane gjekk til åtak då Zhong-veldet sine kjerneområde i dagens Shaanxi, kong Youwang vart drepen og hovudstaden plyndra.

Det seinare/austlege Zhou endre

Ein hær sett saman av lensherrane klarte snart å drive bort barbarane. Den nye kongen, Ping Wang (770-719 f.Kr.) la så hovudstaden til Chengzhou ved Luoyang (provinsen Henan) for å kunne sikre seg betre mot angrep. Fyrsten av Qin hadde dekt retretten til kongen, og fekk som takk det gamle Zhou-kjerneområdet i len av Ping Wang. Dermed vart samstundes grunnlagt lagt for det seinare Qin-dynastiet.

Den første delen av den seinare Zhou-dynastiet går under namnet vår- og haustannal-tida. Epokenamnet kjem frå Vår- og haustannalane, ei historiekrønike for perioden som vart ført i pennen av filosofen Konfucius.

I denne epoken vart makta desentralisert; det gamle lensriket meir og meir frå kvarandre. Dei mektigare lensherrane byrja å ta til seg rettar som tidlegare hadde tilkome zhou-kongane, og dei låg stadig i feidar mot kvarandre. Tida var prega av vekslande alliansar, forræderi, snikmord og borgarkrigar. Periodar med sedeleg forfall avløyste kvarandre og åtaka til barbarane tok ikkje slutt. Det var ei uroleg tid med stadig større og mindre krigar, og omkring 170 mindre starta vart annekterte av dei større. Det gradvise samanbrotet til adelsstanden førte med seg at lesekunsten breidde om seg. Og som stadig fleire kunne lese, fremma det tanken om fridom og dei tekniske landvinningane.

Zhou-kongen Huan Wang (719-696 f.Kr.) prøvde å gjenopprette den kongelege makta over lensherrane, men tapte og vart såra. Dermed utnytta dei viktigare lensherrane høvet til å til å ta til seg seg tittelen Wang (dvs. konge) sjølv. Ein av dei var hertugen av Chu i 704 f.Kr. I den påfølgjande tida var det først og fremst slike hertugar og sjølvutnemnte kongar som skulle prege Zhang-perioden; til dømes kong Huan av Qi i Shandong (regjerte 685-643 f.Kr.), Wen av Jin i Shaanxi (regjerte 636-626 f.Kr.).

 
Kongedøme under Krigarrika-tida - merk at transkripsjonen av kinesiske namn er ein annan enn i artikkelen.

Vår- og haustannal-tida vart avløyst av det historikarane kallar Krigarrika-tida. Namnet kjem av tittelen til eit viktig historieverk om denne perioden, Dei stridande statane sine strategiar (Zhànguócè), samla i den seinare delen av det vestlege Han-dynastiet.

Under denne epoken fortrengte våpen av jern dei tidlegare bronsevåpna. Område som Shu (omtrent det moderne Sichuan) og Yue (moderne Zhejiang) vart òg innlemma i den kinesiske kultursfæren på denne tida. Fleire av statane bygde lange murar for å verne seg mot dei nomadiske stammene i nord, eller frå nabostatar.

De stridande statane si tid kom etter nokre generasjonar med relativ fred og harmoni. Men denne fredsperioden var berre ei førebuing på det blodbadet som skulle kome. Dei fire mektigaste statane var alle saman plaga av indre maktkampar. Seks leiande landeigande familiar førte krig mot kvarandre i staten Jin. Chenfamilien drei på og utrydda politiske fiendar i Qi. Legitimiteten til herskarane vart ofte utfordra i Qin og Chu av andre medlemmer av kongefamilien, og det raste dermed borgarkrigar der. Alle statane vart infisert av slike maktkamper, og blodbadet skulle berre halde fram i den påfølgjande tida. Dei stridande statane si tid braut ut i 403 f.Kr. då dei gjenverande tre leiande familiane i Jin - Zhao, Wei og Han - delte staten mellom seg sjølv. Det makteslause Zhou-hoffet måtte berre vedkjenne seg makta deira.

Det stadig meir makteslause austlege Zhou-dynastiet måtte i 256 f.Kr. vike plassen for det framstormande Qin-dynastiet, som i 221 f.Kr. òg makta å få enda krigarrika-tida.

Statsmessige og økonomiske forhold og filosofiske retningar endre

Riket var på eit tidspunkt inndelt i ni provinsar og om lag 1 700 len. Lensherrane høyrte til eit hierarki med fem rangklassar, og det fanst ei hoffordning med kongelege visitasjonsreiser og ein diplomatisk protokoll for omgangen mellom kongen og lensherrane hans. Statsforfantninga vart dirigert av tre storhertugar og seks ministrar.

Makta til lensherren var knytt til kor mange stridsvogner dei hadde, dei religiøse privilegia (offer, dansar, hymner), alderen på tradisjonane deira, nærleiken deira til kongehuset og naturlegvis rikdomen deira. Bronsefat tente forfedrekulten; inskripsjonene på dei opplyste om rangen til den gjeldande familien. Alt i alt kan ein sei at det var eit komplekst system av kulthierarki og ritar som var avgjerande for koherensen til staten.

Det var oppretta system for skattelegging, arbeidsteneste (tre av ti dagar) og krigsteneste.

Lovene var nedteikna på bronse, men ein hadde ikkje noko stort apparat embetsfolk engasjert i rettspleia. Ein var nøgd med å stort sett statuere døme.

 
Den fremste filosofen i Kina, Konfutse, levde under Zhou-tida.

Innan filosofien hadde ein i denne epoken Lao Tse, Konfutse, Mengzi, Mo Zi og, heilt mot slutten, Han Feizi. Òg Sun Zi, som kanskje må kunne reknast som krigsfilosof, stammar frå denne tida. Særleg i vår- og haustannaltida og i krigarrika-tida blømde filosofien, noko som langt på veg skuldast dei behova som dei vanskelege tilstandar som dei stadige samfunnskonfliktane skapte. Omvandrande vismenn og rådgjevarar (Konfutse hadde 72 viktige disiplar) prøvde å få delstatane til å organisere seg på meir effektivt vis, og sikre den indre freden.

Den som sette mest varige spor etter seg, var Konfutse. Sikre historiske fakta om Konfutse er få, men truleg var han ein yngre samtidig av grunnleggjaren av taoismen, Lao-tse. Etter tradisjonen vart han fødd i Qufu i den kinesiske staten Lu i ein adeleg familie, som då nyleg hadde flytta frå Song. Då han var tre år døydde foreldra, og han voks opp under særs fattige kår.

Konfutse kjenner ein gjennom særleg fem verk, som han anten forfatta sjølv eller var viktig bidragsytar til:

  1. Yijing, Forvandlinganes bok
  2. Shijing, Songanes bok
  3. Liji, Riteboka
  4. Shujing, Kunngjeringsboka
  5. Chunqiu, Vår- og haustannalane

Heilt mot slutten av Zhou-dynastiet gjorde den filosofiske skuleretninga legalismen seg gjeldande, og vart næraste einerådande i løpet av 300-talet f.Kr. Filosofien vart gjort gjeldande av den sigrande staten under krigarrika-tida, Qin, og vart den statsbærande under det kortvarige Qin-dynastiet (221-207 f.Kr.).

Den strammare organiseringa av hertugdøma førte på 300- og 200-talet til ein økonomisk oppsving og til tekniske nyvinningar. Jordbruket vart intensivert, ein tok i bruk gjødsel, støypte verktøy av jern og vart i stand til å lage betre utstyr for trekkdyra slik at dei ikkje fekk press på luftrøyret og dermed meir effektive. Vidare starta ein å skjelne mellom fleire forskjellige typar jordsmonn og tilpassa plantinga etter det, og ein fekk betre vatningssystem som fungerte òg over større flater.

Dermed voks òg folketalet kraftig. Krigskunsten utvikla seg òg og var ikkje lenger prega av dei ritualiserte privilegia til adelen til å sette inn enorme bondehærear på dei mest samvitslause måtar.

Kjelder endre