Zhoukoudian (周口店, pinyin Zhōukǒudiàn) er ein landsby sørvest for Beijing i Kina.[1] Det er gjort mange arkeologiske funn i eit grottesystem i nærleiken av byen, mellom anna eit av dei eldste eksemplara av Homo erectus, kjend som Pekingmennesket. Staden er innskriven på verdsarvlista til UNESCO.

Zhoukoudian
Land  Folkerepublikken Kina
Kart
Zhoukoudian
39°41′21″N 115°55′26″E / 39.689166666667°N 115.92388888889°E / 39.689166666667; 115.92388888889
Wikimedia Commons: Zhoukoudian
Zhoukoudian i juli 2004.

Sprekker i kalksteinen som inneheld leivningar frå midtre pleistocen-perioden har avslørt rester av omkring 40 individ såvel som dyrerestar og steinfliser og hakkeverktøy. Dei eldste er kring 500 000 år gamle.

Under den eldre steinalderen vart staden busett av Homo sapiens, det moderne mennesket. Verktøya deira av bein og stein er òg funne i den øvre grotta.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. John King Fairbank og Merle Goldman, China: A new history, Harvard 1998, s. 30.