Ein zig·gu·rat (zĭg`ə-răt) er eit tempel-tårn i Mesopotamia og Persia i antikken, som har forma av ein pyramide med terrasser.

Dur-Untash, eller Choqa zanbil, bygt på 1200-talet f.Kr. av Untash Napirisha, er ein av dei best bevarte zigguratane i verda. Han ligg nær Susa i Iran.
Den 4100 år gamle Store ziggurat i Ur, nær Nasiriyah, Irak

Skildring endre

Ein av dei flottaste gjenverande er Choqa Zanbil vest i Iran, som har overlevd trass i ein øydeleggjande åtte år lang krig mellom Iran og Irak i 1980-åra, då mange arkeologiske stader vart øydelagd. Den eldste overlevande zigguraten er i Kashan i Iran og er datert tilbake til det 4000-talet f.Kr. Forma på zigguratane varierer frå enkle grunnmurar som det var plassert eit tempel på, til matematisk kompliserte konstruksjonar som strekte seg fleire etasjar med terrasser og som hadde eit tempel plassert på toppen for ein gud.

Eit døme på ein enklare ziggurat var det kvite tempelet i Uruk, i Sumer i antikken. Sjølve zigguraten er basen som tempelet stod på. Føremålet til denne er å løfte tempelet nærare himlane, og gjeve tilkomst frå grunnflaten via trapper.

Døme på ein omfattande og massiv ziggurat er Marduk-zigguraten, eller Etemenanki, i Babylon i antikken. Dessverre er det ikkje mykje att, sjølv av grunnflata, av denne massive konstruksjonen, men arkeologiske funn og historiske skildringar plasserer tårnet på sju mangefarga etasjar, med eit flott tempel på toppen. Tempelet er trudd å ha vore måla og vedlikehalde i fargen indigo, som stod i stil med flata på etasjane. Det er kjent at der var tre trapper som førte til tempelet, to på kvar side var trudd berre å nå halvparten opp på zigguraten.

Etemenanki er sumerisk og tyder «grunnlaget for himmelen og jorda». Han er mest truleg bygt av Hammurabi og ein fann ut at kjernen i zigguraten hadde restane av tidlegare ziggurater og strukturar. Den siste etappen bestod av 15 meter med herda mursteinskappe konstruert av kong Nebukadnesar II.

For tida er det kjent at 32 zigguratar eksisterte i frå og rundt Mesopotamia. Fire av dei er i Iran, og resten er hovudsakleg i Irak. Den siste som vart oppdaga var Sialk, i det sentrale Iran.

Den bibelske skildringa om Babels tårn kan ha vore basert på skildringar om mesopotamiske zigguratar.

Tyding endre

Dei mesopotamiske zigguratane var ikkje staden for offentleg tilbeding eller seremoniar, men ein meinte at det var opphaldsstaden for guddommen. Gjennom zigguratane kunne gudane vere nærare menneskeheita og kvar by hadde sin eigen vernar, gud eller gudinne. Berre prestane hadde lov til å gå inn i zigguraten og det var deira ansvar å ta seg av guden og sørgje for deira behov. Resultatet var at prestane var mektige medlemmer av det sumeriske samfunnet.

Det har òg vorte foreslått at zigguraten var ein symbolsk representasjon av den opphavlege haugen som universet hadde vorte skapt av. Zigguraten kan ha vorte bygd som ei bru mellom himmelen og jorda. Templa til sumerarane var trudd å vere aksar, eit vertikalt band mellom himmel og jord, og jorda og underverda, og eit horisontalt band mellom landa. Bygt på sju etasjar representerte zigguraten sju himlar og eksistensnivå, dei sju planetane og dei sju metalla vart assosiert med dei og deira tilsvarande fargar.

Moderne arkitektur endre

 
Studenthyblane ved Norfolk Terrace i University of East Anglia, fotografert januar 2004.

Ziggurat-stilen innan arkitektur vert framleis nytta og kopiert rundt om i verda. Kanskje er det beste dømet det sentrale biblioteket til Universitetet i Tennessee i Knoxville. Eit anna er zigguraten ved elva nær sentrum i Sacramento i California, brukt som kontor.

I Europa er studentbustadane Norfolk Terrace og Suffolk Terrace ved University of East Anglia i Norwich velkjente døme.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre