Denne artikkelen handlar om songen. For albumet, sjå The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars.
Ziggy Stardust
Song av David Bowie
frå albumet The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars
Utgjeve 6. juni 1972
Innspelt November 1971
Sjanger Glamrock
Lengd 3:13
Selskap RCA Records
Komponist David Bowie
Tekstforfattar David Bowie
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent David Bowie og Ken Scott

«Ziggy Stardust» er ein song skriven av David Bowie i 1972 for albumet The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars. Namnet Stardust var inspirert av Legendary Stardust Cowboy. Songen er rangert på 282. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.

Den originale demoversjonen av songen, spelt inn i februar 1971, vart gjeve ut som bonusspor på Rykodisc-utgåva av Ziggy Stardust i 1990[1] og på bonusplata som kom med 30-årsjubileumsutgåva i 2002. Albumversjonen av songen vart spelt inn i november 1971.[2][3]

Konsertversjonar endre

Making love with his ego, Ziggy sucked up into his mind
Like a leper messiah
When the kids had killed the man I had to break up the band

David Bowie (1972)
  • Bowie spelte songen for BBC-radioprogrammet Sounds of the 70s: Bob Harris 1. januar 1972. Dette vart sendt 7. februar 1972. 16. mai 1972 spelte Bowie igjen songen på Sounds of the 70s: John Peel og dette vart sendt 23. mai 1972. Begge desse versjonane vart gjevne ut på Bowie at the Beeb i 2000.
  • Eit konsertopptak i Santa Monica Civic Auditorium, 20. oktober 1972 vart gjeven ut på Santa Monica '72. Denne versjonen finst òg på den japanske samleplata RarestOneBowie.
  • Songen vart spelt på den kjende «farvelkonserten» i Hammersmith Odeon i London, 3. juli 1973 og gjeven ut på Ziggy Stardust: The Motion Picture.
  • Eit opptak frå Heroes-turneen i 1978 spelt inn i Philadelphia Spectrum, 28.-29. april 1978, vart gjeven ut på Stage. Denne konsertversjonen vart òg gjeven ut som B-side til live-singelen «Breaking Glass» i 1978.
  • Eit konsertopptak frå november 2003 under A Reality Tour vart gjeve ut på A Reality Tour-DVDen i 2004, og sidan på albumet A Reality Tour i 2010.

Medverkande endre

Lister endre

Liste (2016) Plassering
Japan (Japan Hot 100)[4] 75
US Hot Rock & Alternative Songs (Billboard)[5] 17

I popkulturen endre

Andre versjonar endre

Bauhaus endre

Ziggy Stardust
Singel av Bauhaus
Språk engelsk
Utgjeve September 1982
Sjanger Postpunk, glamrock, gotisk rock
Lengd 193 sekund
Selskap Beggars Banquet
Komponist David Bowie
Tekstforfattar David Bowie
Bauhaus-kronologi 
«Spirit»
(1982)
Ziggy Stardust «Lagartija Nick»
(1983)


Det britiske gothrockbandet Bauhaus spelte ein versjon av «Ziggy Stardust» som dei gav ut som singel. Singelen kom ut i oktober 1982 på Beggars Banquet Records og nådde 15. plass på den britiske singellista.[6] B-sida var ein cover av Brian Eno, «Third Uncle».

Andre artistar endre

Kjelder endre

  1. Kevin Cann (2010). Any Day Now - David Bowie: The London Years: 1947-1974: p.255
  2. «ziggy stardust - Search Results - Pushing Ahead of the Dame». 
  3. Peter Doggett (2011). The Man Who Sold The World - David Bowie and the 1970s: p.107
  4. "Bowie?f=848&g=Singles David Bowie Album & Song Chart History" Japan Hot 100 for David Bowie. Prometheus Global Media. Henta 27. januar 2016.
  5. "David Bowie Chart History (Hot Rock & Alternative Songs)". Billboard. Retrieved 27. januar 2016.
  6. Roberts, David, red. (2006). British Hit Singles &-album (19th utg.). London: HiT Entertainment. s. 45. ISBN 1-904994-10-5. 

Bakgrunnsstoff endre