Zinaida Serebrjakova

Zinaida Jevgenijevna Serebrjakova (10. desember 188419. september 1967) var mellom dei fyrste kvinnelege målarane i Russland som utmerkte seg.

Zinaida Serebrjakova

Sjølvportrett med stearinlys frå 1911
Verkeleg namn russisk Зинаи́да Евге́ньевна Серебряко́ва, ukrainsk Зінаїда Євгенівна Серебрякова
Statsborgarskap Det russiske imperiet, Sovjet-Russland, Sovjetunionen, Frankrike
Fødd 28. november 1884
Neskutsjne
Død

19. september 1967 (82 år)
Paris

Yrke kunstmålar, kunstnar
Sjanger portrett
Far Yevgeny Lansere
Mor Ekaterina Benois
Ektefelle Boris Serebryakov
Born Alexandre Serebriakoff, Catherine Serebriakoff
Zinaida Serebrjakova på Commons

Liv og gjerning endre

 
'Sjølvportrett med skjerf' (1911)
 
'Sjølvportrett som Pierrot' (1911)

Zinaida Lanceraj kom til verda på eit gods nær Kharkov[1] (no Kharkiv i Ukraina). Faren Jevgenij Lanceraj var ein velkjend bilethoggar.[1] Ho var barneborn av den kjende arkitekten Nikolaj Benois, medan onkelen Aleksandr Benois var ein berømt målar og stiftar av kunstrørsla Mir iskusstva.

I 1900 tok ho eksamen på gymnas for kvinner, og byrja på ein kunstskule grunnlagd av fyrstinna M.K. Tenisjeva. Ho studerte under Ilja Repin i 1901,[1] og under portrettmålaren Osip Braz frå 1903 til 1905. 1902-03 oppheldt ho seg i Italia, og 1905-06 studerte ho ved Académie de la Grande Chaumière i Paris.

Zinaida Lanceraj gifta seg i 1905 med syskjenbarnet Boris Serebrjakov. Serebrjakov vart seinare jarnbaneingeniør.

Stor offentleg merksemd fekk Zinaida Serebrjakova med sjølvportrettet 'Ved klesbordet' (1909), fyrste gongen vist på ei Mir iskusstva-utstilling i 1910. Sjølvportrettet vart fylgd av Jente badar (1911), eit portrett av faren (også 1911) og eitt av mora (1912).

I 1911 vart ho med i Mir iskusstva-rørsla. Ho skilde seg ut frå dei andre medlemene i gruppa, ettersom ho føretrekte populære tema og måleria hennar synte fram ei harmonisk, plastisk og generalisert biletverd.

Perioden 1914-17 laga Serebrjakova sine best kjende verk. Ho måla mange verk med tema frå russisk landsbyliv, bønder i arbeid og russisk landskap.[1] Bønder (1914-15) er eit av dei. Fremst mellom desse arbeida er Klesbleiking (1917), som viste Serebrjakovas talent for monumentale verk, med bondekvinner som framstår majestetiske og kraftfulle avteikna mot ein låg horisont.[1]

Aleksandr Benois fekk i 1916 i oppdrag å dekorere jarnbanestasjonen i Kazan. Til å hjelpe seg fekk han med Zinaida Serebrjakova og faren hennar, Jevgenij Lanceraj, Boris Kustodjev og Mstislav Dobuzjinskij. Serebrjakova valde orienten som inspirasjon, og framstilte India, Japan, Tyrkia, og Siam, i allegorisk form som vakre kvinner.[1]

Revolusjonsår endre

Ektemannen Boris døydde i 1919 av tyfus, han vart smitta i bolsjevikfengsel. Serebrjakova gav då opp oljemåleriet, og satsa på mindre kostnadskrevjande kunstformer med bruk av kolstift og blyant.

Ho arbeidde mellom anna for Kharkov Arkeologiske Museum, der ho laga blyantteikningar av dei utstilte gjenstandane. I desember 1920 flytta Serebrjakova til bestefaren sitt husvære i Petrograd. Ho budde i lag med teaterfolk, noko som viser att i arbeida hennar. Mellom anna måla ho ein serie pastellar i Mariinskij-teateret.

Paris endre

Hausten 1924 reiste Serebrjakova til Paris, der ho hadde fått i oppdrag å lage dekorative veggmåleri. Etter ho hadde fullført oppdraget reiste ho ikkje tilbake til Sovjetunionen, slik ho hadde tenkt. Familien vart då splitta. Dei to yngste borna fekk ho til Paris i høvesvis 1926 og 1928, dei to eldste vart verande i Sovjetunionen. Mora møtte dei fyrst mange år seinare.

Zinaida Serebrjakova la ofte ut på reiser. I 1928 og 1930 vitja ho Marokko. Ho var fascinert av det nordafrikanske landskapet og måla Atlasfjella, til liks med arabiske kvinner og afrikanarar i sine folkedrakter. Kring same tid måla ho ein syklus som skildra bretonske fiskarar.

I 1947 fekk Serebrjakova fransk statsborgarskap. Fyrst etter Nikita Khrusjtsjov hadde teke over styret i Sovjetunionen, fekk ho take opp att kontakten med familien sin i Sovjetunionen. I 1960 fekk dottera Tatjana løyve til å vitje mor si i Frankrike, 36 år etter dei skildest.

Serebrjakovas verk vart utstilt i Sovjetunionen i 1966, i både Moskva, Leningrad og Kiev. Om kring 200 av arbeida hennar var med på utstillinga, som hausta mykje ros. Størstedelen av hennar produksjon finst i Frankrike.

Zinaida Serebrjakova døde i Paris i 1967.

Galleri endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 «Biography of Zinaida Yavgenyevna Serebryakova (1884-1967), Russian Artist», artroots.com, henta 28. juni 2021 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Zinaida Serebrjakova