Zine El Abidine Ben Ali

tunisisk diplomat og politikar

Zine El Abidine Ben Ali (3. september 193619. september 2019) var ein tunisisk general og politikar. Ben Ali var president i Tunisia frå 7. november 1987, då han tok makta ved eit statskupp, til 14. januar 2011, då han måtte gå av etter omfattande demonstrasjonar i landet. Ben Ali leia regjeringspartiet Konstitusjonell demokratisk samling,[1] som lenge var det einaste lovlege partiet i Tunisia.

Zine El Abidine Ben Ali
زين العابدين بن علي

Fødd3. september 1936
Hammam Sousse
Død19. september 2019 (83 år)
Statsborgar avSaudi-Arabia, fransk protektorat av Tunisia, Tunisia
Partipartilaus (2011)
Yrkepolitikar, diplomat
Utdanna vedÉcole spéciale militaire de Saint-Cyr
EktefelleLeila Trabesi, Naïma Ben Ali
VervPresident i Tunisia 1987-2011
FøregangarHabib Bourguiba
EtterfylgjarFouad Mebazaa
Alle verv
  • Tunisias president (1987–2011)
  • Organisasjonen for afrikansk enhets formann (1994–1995)
  • Tunisias regjeringssjef (1987–1987)
  • Tunisias innenriksminister (1986–1987) Sjå dette på Wikidata

Liv endre

Zine El Abidine Ben Ali var fødd i Hammam Sousse, ein kystby nordaust i Tunisia. Han gjorde militær og diplomatisk karriere før han vart med i regjeringa i 1978. Frå 1984 var han innanriksminister, og ansvarleg for kampen mot politisk opposisjon i eittpartistaten, inkludert islamske fundamentalistar. 1. oktober 1987 vart han statsminister, og dermed etterfylgjaren til presidenten. I november same året fekk han den 84 år gamle presidenten, Habib Bourguiba, erklært senil, og avsette han i eit ublodig kupp.

Politikken til Ben Ali har vore vestleg orientert. Han har tillatt andre politiske parti, og val, men vala har ikkje vorte rekna som frie og rettferdige av utanlandske observatørar. Særskilt er islamistane utestengde frå vala. I 1999 vart det for første gong heldt presidentval med motkandidatar til Ben Ali. Han vann offisielt dette valet med 99,7 % av røystene. 24. oktober 2004 vart han gjenvald, denne gongen med 94,5 % av røystene, i fylgje dei offisielle resultata.

I fylgje menneskerettsgrupper, som Amnesty International, var ytrings- og forsamlingsfridomen i Tunisia under Ben Ali alvorleg avgrensa. Det vart rapportert om tortur, og hundrevis av politisk fangar hadde site fengsla i mange år.

Ben Ali vart tvinga til å gå av 14. januar 2011, etter omfattande demonstrasjonar mot han i nesten ein månad. Han reiste i eksil til Saudi-Arabia.

Fotnotar endre

  1. Rassemblement Constitutionel Démocratique/التجمع الدستوري الديمقراطي